Alarm: Nynorsk kan føra til kriminalitet!
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Andrekandidat på Frps stortingsvalgliste i Hedmark, Hege Jensen, fryktar at nynorsk kan føre til mer kriminalitet. Dette stod å lesa i ein artikkel i avisa Østlendingen i helga. Jensen skal ha sagt det i ein paneldebatt om norsk språkpolitikk på Hamar, og til Østlendingen utdjuper ho utsegna:
Jeg har snakket med flere ungdommer med innvandringsbakgrunn om dette. At de i skolen både må lære seg bokmål og nynorsk skaper frustrasjon. Frustrasjon kan føre til at de blir lei og dropper ut av skolen. Det ene fører til det andre. Ungdommene har ikke sagt at nynorsk fører til kriminalitet, men det er tanker jeg personlig gjør meg.
Vidare seier Jensen at Frps vedtekne politikk om å gjera sidemålet valfritt er eit botemiddel på situasjonen. Førstekandidaten til Frp i Hedmark, Tor Andre Johnsen, seier vidare til Østlendingen følgjande: «[A]t obligatorisk sidemål fører til frustrasjon og dropout, det er jo logisk.»
Tor Andre Johnsen kjem etter alt å dømma til å få plass på Stortinget dei neste fire åra. Og Hege Jensen blir då varaperson for Johnsen. Dette er altså personar som vera med å styra landet vårt. Eg håpar Johnsen tek seg eit kurs i logikk snarast. Kva kurs Jensen bør ta, veit eg ikkje heilt.
Men til saka: Å gi nynorsk sidemål skulda for at ungdom med innvandrarbakgrunn slit på skulen, heng ikkje på greip. Det skjønar dei fleste. At mange av dei strevar med sidemålet, stemmer heilt sikkert, men det gjer også mange ungdom utan innvandrarbakgrunn. Men dei fleste som slit med nynorsk, slit også med andre emne, og å fjerna nynorsk sidemål blir som å døyva eit symptom utan å behandla sjukdommen.
Meir viktig blir det då å sjå på Framstegspartiets språkpolitikk overfor born med innvandrarbakgrunn meir allment. Eller kanskje fråveret av ein slik politikk. Verken prinsipp- eller handlingsprogrammet deira seier nemleg noko om dette. Men det vi veit elles om Frp, er at dei er særs opptekne av at born må læra seg norsk. I ein artikkel i Aftenposten 28. mars i år avviste Frps utdanningspolitiske talsperson, Tord Lien, ei utsegn frå meg om at morsmålsstøtta opplæring er prestasjonsfremjande (slik eit dansk-svensk forskingsprosjekt har avdekka). I alle fall avviste han at meir morsmålsstøtta opplæring er praktisk gjennomførbart i den norske skulen: «Det lureste er å prioritere norskopplæringen.»
Det er sjølvsagt viktig at born med innvandrarbakgrunn lærer seg godt norsk. Det er viktig for å lukkast både i utdanning og i arbeidsliv. Men kva om det har ein negativ effekt på norsklæringa og læring generelt at ein ikkje støttar dei på det språket dei allereie kan når dei byrjar på skulen? Kva om det å gi dei tospråkleg opplæring styrkjer både sjølvtillit og mestring? Og kva om det i neste omgang gjer nynorsk sidemål til piece of cake fordi den metaspråklege kompetansen etter kvart vil vera langt betre utbygd enn hjå einspråklege norske elevar?
Framstegspartiet er dessverre ikkje åleine om å stirra seg blind på norskundervisning er den einaste medisinen for å gi born med innvandrarbakgrunn betre skuleresultat. (Arbeidarpartiet er også på den linja.) Og dei er dessverre heller ikkje åleine om å sjå dei to norske skriftspråka som ein viktig del av norsk kulturarv og som ein ressurs for norskfaget, også for utviklinga av bokmålskompetansen.
Kriminalitetssporet knytta til nynorsk sidemål får vi rett nok tru at Frp er i stand til å leggja daudt. Latterleggjeringa av påstanden til Jensen er etter kvart så omfattande på sosiale medium at eg nesten har ilt av henne: Ho verkar trass alt få gjennomgå langt meir enn då eg stilte spørsmålet: «Er bokmålet rota til alt vondt?». Men i bokmålsfylket Hedmark er det ikkje så godt stilt – det ligg fast.