Årroeh'ma sjaevehth, bïenje!

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Foto: Colourbox)

Sørsamisk er eit trua språk. Det har mindre enn 500 morsmålstalarar i Noreg og Sverige, på norsk side i området frå Røros i sør til Saltfjellet i nord. Overskrifta i dette innlegget er sørsamisk.

Lulesamisk har omlag 2000 talarar. Dei fleste av dei held til i Sverige – i Noreg finst det ei lulesamisk gruppe i Tysfjord i Nordland. Hadde overskrifta vore på lulesamisk, hadde ho lydd som følgjer: Åro jaska, bena!

Nordsamisk, som er det største av dei samiske språka, har i underkant av 20.000 morsmålstalarar i Noreg, Sverige og Finland. Dei fleste talarane av nordsamisk er norske statsborgarar og bur i Troms og Finnmark. På nordsamisk ville overskrifta ha vore Oro jaska, beana! Det skulle vera relativt velkjent kva det tyder.

Ni levande og halvdaude samiske språk

Dette er dei tre samiske språka som framleis finst i Noreg. Tidlegare fanst det òg talarar av pitesamisk i midtre Nordland, men no finst det berre att omlag 10 personar på svensk side som har dette som morsmål. Det same gjeld umesamisk – tidlegare fanst det talarar av dette språket i  Rana, Hemnes og Korgen, men no finst det i beste fall 10 talarar att over grensa til Sverige.

Det er all grunn til å tru at både pitesamisk og umesamisk kjem til å lida same skjebne som akkalasamisk på Kola som forsvann 29. desember 2003 då den siste kjende talaren, Marja Sergina, døydde. Tersamisk, også snakka på Kola, ligg òg på dødsleiet med mindre enn 10 talarar att. Og  enaresamisk (Finland) med sine 300 talarar, skoltesamisk (Finland) med 500, kildinsamisk (Russland) med 650 talarar er alle svært trua. Og sjølv om nordsamisk altså har omlag 10 gonger fleire talarar enn det nest største samiske språket (lulesamisk), har det like fullt under halvparten så mange talarar som det minste språket i den nordgermanske språkgruppa (som norsk tilhøyrer): Færøysk har i underkant av 50.000 talarar. 

Kart som syner den tradisjonelle utbreiinga av dei samiske språka (Hentet fra Wikipedia Commons)

Nært, men akk så fjernt!

Det er stadig vekk framme i media at talet på verdas språk er drastisk synkande, så eg reknar med at folk flest har fått dette med seg. Eg trur like fullt det er svært få som er klar over at nokre av dei aller verst stilte språka høyrer heime i våre eigne område. Eg trur ikkje ein gong at språkforskarar i vår del av verda er spesielt medvitne om dette. 

Eg trur heller ikkje det er så kjent at det finst heile ni forskjellige samiske språk som er innbyrdes minst like forskjellige som språka i den germanske språkgruppa, dvs. den språkgruppa som består av tysk, nederlandsk, frisisk, engelsk, dansk, svensk, norsk, færøysk og islandsk – og i si tid gotisk. Dei samiske språka utgjer eit kontinuum frå sør til nord på den skandinaviske halvøya og vidare austover på Nordkalotten og Kola, og dei er ei språkgruppe som byr på unike og til dels svært kompliserte lingvistiske fenomen.

Overgangen frå sørsamisk til lulesamisk er ganske stor, noko eksempelet brukt her også tyder på. Dei to språka er ikkje gjensidig forståelege. Lulesamisk og nordsamisk ligg nærmare kvarandre. Umesamisk og pitesamisk kan seiast å liggja mellom sørsamisk og lulesamisk/nordsamisk, så når desse språka snart er borte, blir også ein del av den levande lingvistiske kontinuiteten i den samiske språkgruppa borte. 

Dokumentasjon og revitalisering

I februar i fjor vart det halde ein workshop om dokumentasjon og revitalisering av samiske språk ved Universitetet i Tromsø. Eit konkret resultat av workshopen var etableringa av eit Network for Saami Documentation and Revitalization, som sidan har fått støtte frå NordForsk, med grupper i åtte land både i og utanfor Sápmi. Nettverket skal samarbeida om forsking, dokumentasjon og revitalisering av særleg dei små samiske språka. Primus motor og leiar er Bruce Morén-Duolljá, seniorforskar på CASTL, og det UiT-baserte språkteknologiprosjektet Giellatekno er også ein sentral deltakar i nettverket.

Forsking på og dokumentasjon av dei samiske språka er ikkje nødvendigvis enkelt, men eigentleg er det ein triviell affære samanlikna med revitalisering. Det blir ein heilt annan sak og avheng til sjuande og sist av kva språkbrukarane sjølve ønskjer og føler og kva for haldningar og ressursar som blir stilte til rådvelde. Å nå born og unge er alfa og omega, og eg er heilt einig med Pål Hivand når han skriv på bloggen sin at det er mykje viktigare å få omsett OpenOffice og Facebook til samisk enn å bruka store ressursar på å omsetja kommunale sakspapir. Og viss sameparlamentarikarar trur det hjelper samisk-saka å kjempa mot innlånte seiemåtar, er dei verkeleg på villspor.

Individets smerte

Etter mange tiår med hard assimileringspolitikk er det mange bitre og såre forteljingar som dukkar opp. Ei slik forteljing vart presentert på Tromsø Internasjonale Filmfestival (TIFF) i år gjennom dokumentarfilmen Min mors hemmelighet der filmskaparen Ellen Astri Lundby frå Oslo i vaksen alder oppdagar at mora har skjult sin samiske identitet heilt fram til ho blir gammal og dement. Filmen er utgangspunktet for denne artikken i A-magasinet fredag 23. januar

I fjor vart dokumentarfilmen Firekeepers av Rosella Ragazzi vist på TIFF. Den følgjer den samiske duoen Adjagas, og ein stor del av filmen er via til den smerten og sinnet Lawra Somby føler over å ha blitt fråteken det eine av dei to samiske morsmåla sine. Han voks opp i Oslo på 80-talet med nordsamisk far og sørsamisk mor, og dei fekk den beskjeden i barnehagen at dei måtte velja eitt av språka, for elles ville han bli forvirra når han i tillegg møtte norsk som eit tredje språk. Dei valde då nordsamisk.

No veit vi at born ikkje har noko som helst problem med å læra tre og jamnvel fleire språk samtidig. Faktisk veit vi at det berre er ein fordel for den kognitive utviklinga deira om dei lærer fleire språk – to- og fleirspråklege menneske får rett og slett ein betre og meir velfungerande hjerne og dei blir mindre utsett for demens i alderdommen. I tilfellet med Lawra var det ekstra gale at foreldra hans fekk det rådet dei gjorde, for det avskar han frå å få morsmålskompetanse i eit svært trua urspråk i Noreg. For Lawra må det vera ei fattig trøyst at det kanskje ikkje ser heilsvart ut lenger for sørsamisk slik denne forskning.no-artikkelen ber bod om.

Sámi pride

The BlackSheeps frå Nesseby/Unjarga har, slik Hilde Sollid nyleg skreiv i ein kronikk i Nordlys, utvilsomt vore det viktigaste bidraget i mangfaldsåret 2008 til å skapa blest om språkleg mangfald. Og det at dei har signalisert at dei på den første plata si for det meste kjem til å syngja på engelsk, er, slik Annjo Klungervik Greenall skriv i sin Dagblad-kronikk, utruleg synd, og det vitnar om at storsamfunnet også i deira tilfelle stiller opp med usedvanleg dårlege rådgivarar. Men det er kanskje det storsamfunnet vil, at dei også skal dra opp glidelåsen og dekka over sin identitet slik dama gjer på slutten av denne Adjagas-videoen med sørsamisk joik?

Powered by Labrador CMS