Arven etter Friis

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Så er Kulturminneåret 2009 i gang. Det har teke over for Mangfaldsåret 2008. I år skal vi mellom anna gjerast merksame på gamle neonskilt og kumlok frå Ulefos i tillegg til dei meir tradisjonelle kulturminna våre. Ja, ja.

Kona mi er arkelog. Ho arbeider med registrering og forvaltning av kulturminne. Her før jul introduserte ho meg for Friis’ etnografiske kart for Finnmarkens amt frå 1861, som i praksis dekkjer området frå Ofoten til Sør-Varanger (Grense Jakobselv). Eg hadde eit vagt minne om namnet Jens Andreas Friis, men vart eigentleg litt fortørna over at eg etter åtte år ved Universitetet i Tromsø ikkje hadde det lenger framme i mitt faglege medvit. Eller eigentleg: At eg som språkforskar i Noreg ikkje gjennom utdanning eller arbeid hadde vore i meir nærkontakt med dette namnet og med karta han utarbeidde. Det seier kanskje meir om meg enn om noko anna, men det finst andre mulege forklaringar også, og uansett bør dette kartet inn på obligatorisk pensum i det norske skuleverket og dertil høyrande universitetsfag (norsk, historie, geografi/samfunnsfag). Friis-karta er eit viktig kulturminne som syner eit mangfald som var. 

Språk og etnisitet

Jens Andreas Friis var utdanna teolog. Etter kvart vart han først lektor og deretter professor i samisk (lappisk) og kvensk ved Det Kongelige Fredriks Universitet i Kristiania (UiO), og han blir rekna som ein av grunnleggjarane av samisk språkvitskap. Det fantastiske med Friis’ kart er at dei så tydeleg viser den samla effekten av fornorsking, avfolking, modernisering og kulturell einsretting i den nordlegaste delen av landet vårt.

Friis kartla og kategoriserte samtlege fastbuande familiar i dåverande Finnmarkens amt med utgangspunkt i om dei nytta norsk, samisk (“lappisk”) eller kvensk (“finsk”). Ikkje nok med det: Han kartla også i kva grad ein eller fleire familiemedlemmar hadde kunnskapar i eitt eller begge av dei andre språka. Og i tillegg noterte Friis ned om familiane budde i gamme (“jordhytte”) eller tømra hus. For kvar kombinasjon av dei ulike variablane har Friis eit eige teikn der basisteikna er ein kross for nordmenn, ein strek med ein ring over for kvenar og ein trekant (gamme) eller firkant (tømra hus) for samar.

Etnisk rensing

Friis sitt teiknsystem gjer det ganske enkelt å raskt skaffa seg eit visuelt bilete av kor i dei ulike nordnorske bygdene ein hadde fortrinnsvis nordmenn, kvenar eller samar – eller ei blanda befolkning. Og har ein nokonlunde kjennskap til kor ein framleis har samisk og kvensk busetnad i våre dagar, ser ein raskt at dagens multietniske Nord-Noreg, er ein bleik kopi av kva det var for 150 år sidan.

Særleg gjeld dette kyst- og fjordstroka. Lat oss til dømes ta Kaldfjorden på Kvaløya i Tromsø kommune, mindre enn to mil frå sentrum av Tromsø by. Studerer ein Friis’ kart , ser ein at 22 av 36 familiar i denne fjorden er samiske. I samtlege av desse familiane snakkar mann og kone også norsk. Ingen av dei norske familiane i fjorden har kunnige i samisk. Dei fleste av dei samiske bruka er i dag fråflytta (dei på den veglause austsida) og samisk språk er for lengst utdøydd i Kaldfjorden. (Allereie i 1887 skildrar Just K. Qvigstad denne samiske dialekten som utdøyande i dette brevet til Dr. Eemil N. Setälä.)

Det er freistande å fortsetja dette blogginnlegget med å ta føre seg den harde fornorskinga av samar og kvenar som voks fram på slutten av 1800-talet og som knapt var slutt då eg sjølv vart fødd. Det får bli ein annan gong. Eller av nokon annan. Eg vil tru svært mange nordmenn, både i sør og i nord, har eit heller abstrakt forhold til denne kulturelle assimileringa som har føregått i vårt eige land. I den samanhengen kan Friis’ kart ha ein viktig pedagogisk funksjon, og det at dei gjennom Dokumentasjonsprosjektet er blitt digitaliserte og gjort allment tilgjengelege på veven – saman med mykje anna – er utruleg bra. (Det neste må vera å få overført dei til eit dynamisk og søkbart format: Høyrer de, departement og forskingsråd?!)

Eit fantastisk dokument med fleirfagleg interesse

Hadde Friis vore verksam i dag, hadde han sjølvsagt aldri fått lov til å føreta ei slik kartleggjing som han gjorde. Han hadde blitt stoppa av Norsk Samfunnsvitskapleg Datatjeneste med heimel i personvernlova. I dag får ein ikkje ein gong lov å spreia anonymiserte opplysningar om personar med etnisk minoritetsbakgrunn. Det er på ein måte forståeleg, og når ein les dette føredraget som Ludvig Kristensen Daa holdt i Det Norske Videnskaps-Akademi 15. november 1862, får ein då også ein smakebit på korleis Friis-karta kunne misbrukast.

Men vi får vera glade for at karta vart laga, vi som har ærlige hensiktar. Svært mange av dei stadane Friis har notert ned opplysningar om, er no for lengst fråflytta. Difor er karta til Friis viktige for kulturminneforvaltarar slik som kona mi. Samiske kulturminne eldre enn 100 år er etter kulturminnelova automatisk freda, og Friis-karta gir viktige peikepinnar om etnisitet når ein står ved knapt synlege restar etter ei nausttuft eller ein gammal syllmur osv.

Karta har sjølvsagt også sosiolingvistisk interesse i og med at dei dokumenterer det omfattande språkskiftet i landsdelen. I den samanhengen er dei òg potensielt viktige for moderne dialektforsking, altså for slike som meg, for det er ikkje eitt unisont språkskifte som har funne stad. Snarare har ein hatt unike lokale prosessar, noko som kan – i alle fall teoretisk sett – syna att i dagens lokale dialekt kvar einskild stad. Problemet er berre at dei norske dialektane i Troms og Finnmark i seg sjølv enno er forholdsvis mykje mindre studert enn dialektane frå Nordland og sørover. Det er mykje att å gjera innanfor nordnorsk dialektologi! 

Jens Andreas Friis var forresten fødd i Sogndal. Det er visst eg òg når eg tenkjer meg om…

Powered by Labrador CMS