«Åssen går det, Facebook?»

Her rett før jul byrja det å dukka opp mishagskvitringar på Twitter om at Facebook hadde byrja å spørja folk «Åssen går det, NN?». Einar Stenseng (@EinarStenseng) skriv til dømes 22. desember kl. 13:36:“Åssen går det, Einar?” blir jeg spurt av et sosialt medium. Skifter sporenstreks til nynorsk sprog. Men hvor er riksmålsalternativet?

Like etterpå, kl. 14.40, skriv “♥ vilde” (@gammelfjortis): blir like sur hver gang æ ser “Åssen går det, Vilde?” på facebook.

Og kl. 16.20 denne bittelillejulaftan skriv Lene H Rønningen (@LeneHRonningen): Facebook har blitt så hippe. I statusfeltet skriver de nå: Åssen går det, Lene? Åssen går det sjøl, facebook.

Toppkvitringa (‘topp-tweeten’) innehar så langt radiokjendis Finn Bjelke (@FBjelke) som på kvelden 1. juledag kvitra følgjande (kl. 21:49): facebook lurer på “åssen” jeg har det. Kom, skal jeg røske deg i balla, så skjønner du “åssen jeg har det”. Gi meg styrke!

Fotballjournalisten Jørgen Tjærnås (@Jotjar) skriv litt seinare denne kvelden: Hver gang Facebook spør noen “åssen det går” dør en babypanda.

Kva skal ein seia om dette? Vel, Finn Bjelke får i alle fall denne kommentaren frå Knut S. Senumstad (@knooten): @FBjelke Så “røske” og “balla” er OK, men ikkje “åssen”? Bokmål blir berre vridnare og vridnare.

Lat oss byrja der. Åssen er faktisk eit sanksjonert bokmålsord – oppslaget i Bokmålsordboka finn du her. Det er altså godkjent i bokmålsnormalen som eit alternativ til hvordan og hvorledes. Det er det nok få som er klar over.

Men når det er sagt, er det vel liten tvil om at åssen tilhøyrer såkalt «radikalt» bokmål og/eller eit «lågare» register av denne målforma vår. Ein treng ikkje vera såkalt rakettforskar for å skjønna det. Men eg har no undersøkt det systematisk lell, eg!

For nokre år sidan undersøkte eg bruken av åssen og hvordan i oslomålet med utgangspunkt i Norsk Talespråkskorpus – Oslo-delen. Sjølv om studien min hadde fokus på den adnominale bruken av desse orda, altså bruk saman med substantiv (nomen) som i åssen bil og hvordan kjendis, så såg eg også på den samla bruken. Og det mønsteret som kom tydeleg fram, var at åssen for det meste blir brukt i austlege bydelar medan hvordan er mest frekvent i vestlege bydelar (og då blir Nordstrand rekna til Oslo Vest slik det er vanleg i sosiologiske samanhengar, jf. denne oversikta). 

Bydelar i Oslo (Foto: @SSB)
Bydelar i Oslo (Foto: @SSB)

Den som måtte vera interessert i undersøkinga mi, kan lesa denne fagartikkelen frå 2008. Men elles kan eg nytta høvet til å seia litt meir om det at åssen er tillate i bokmålsnormalen. Ordet inngår nemleg i eit system av spørjeord der det er det einaste som er godteke – verken å eller åffer er sanksjonerte.

“Radikale” spørjeord    “Nøytrale” spørjeord  
  å   hva
  å (gammal)   hvor (ammel)
  å … hen   hvor … hen
  åffer   hvorfor
  åssen   hvordan

åssen står slik sett i ei særstilling i bokmål og ein kunne kanskje hevda at har ein først tillate dette ordet, burde ein også tillata dei andre. Men det er nok like fullt slik at ein god del austlendingar kan finna på å seia åssen utan at dei nødvendigvis brukar nokon av dei andre spørjeorda som «høyrer til». (Akkurat det er eg litt inne på i artikkelen min.)

Og medan vi er inne på skriftspråksnormalar: Sidan 1. august i år er verken kossen eller kordan med i den offisielle nynorsknormalen som alternativ til korleis. (Kordan var kanskje aldri med før heller – nett det er eg ikkje heilt sikker på.) Hadde det vore opp til meg, hadde eg nok lagt meg på ei litt rausare linje, men så er eg jo veldig glad i, og oppteken av, all variasjonen ein ser i norske spørjeord, då.

Men tilbake til Facebook. Einar Stenseng går inn for å skifta til nynorsk pga. bruken av åssen. Det same gjer Daniel Nygård (@DaNygard) som skriv: Når Facebook spurte “Åssen går det?” forstod jeg at det var på tide å endre språket til nynorsk. For den som ikkje allereie veit det, spør jo Facebook på nynorsk «Kva har du på hjartet?».

Eg tilrår absolutt å stilla Facebook inn på nynorsk, men elles har «English (Pirate)» nokså står underhaldningsverdi – då er spørsmålet «What be troublin' ye?», og om nokon til dømes likar ei lenke du har lagt ut, står det «NN flapped gums about yer anchor». Så for alle dei som ikkje taklar å sjå ordet åssen på Facebook, manglar det ikkje på gode alternativ!