Bilingualism matters!

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Første veka i desember var vår nye professor II i språkvitskap, Antonella Sorace, på vitjing i Tromsø. Sorace er elles professor i utviklingslingvistikk (“developmental linguistics”) ved Edinburgh-universitet, og ho er ein av verdas fremste forskarar på språktilegning, både førstespråk (“barnespråk”) og andrespråk (“framandspråk”). Under stti første besøk som professor II i Tromsø ga ho eit intensivt kurs i ulike sider ved tospråkleg språktileigning

Tospråklegheit betyr noko!

Sorace er også dama bak initiativet “Bilingualism matters”, eit framstøyt for å informera samfunnet om alle godene ved to- og fleirspråklegheit. Under sitt opphald her i Tromsø ga ho ei allmennretta kveldsførelesing om nettopp dette. I familiar der foreldra har ulike morsmål eller der foreldra sitt språk er eit anna enn majoritetsspråket i samfunnet dei lever i, er foreldra mange gonger usikre om kva som er det beste for borna: Er det best at foreldra set til side sitt eige språk slik at borna berre får eitt språk å forhalda seg til? 

For høgt utdanna foreldre i land som Noreg vil nok svaret i dei fleste tilfelle vera at det slett ikkje er nødvendig. For mange er det sjølvsagt at tospråklegheit ikkje er noko problem – dei ser fordelen med å kunna snakka sitt eige morsmål med barnet sitt, at barnet kan kommunisera med slektningar på dette språket og at det gjennom språket får ein inngang til den kulturen mora og/eller faren kjem frå.

Vrangførestillingar

Men ein kan ikkje underslå at det framleis finst gamle førestillingar om at det skapar vanskar for det språktileignande barnet om det veks opp med to eller fleire språk rundt seg, og sjølv kjenner eg fleire tilfelle der foreldre har valt bort eit av foreldrespråka til fordel for majoritetsspråket, delvis i god tru om at det er beste for barnet. Sorace peika også i føredraget sitt på at det finst førestillingar om at det er best å venta med det eine språket til etter at barnet har fått eit første språk skikkeleg på plass. Noko av grunnlaget for slike førestillingar er nok at ein observerer at tospråklege born blandar språka, særleg i ein tidleg fase og særleg på ordnivå.  

Fleire fordelar enn ulemper

Dette er rett nok ikkje noko problem. Saka er at det for det einskilde individ er fleire fordelar med å læra seg to eller fleire språk tidleg enn det er ulemper. Og det er betre å byrja så tidleg som muleg med begge/alle språka.

Nokre av fordelane med tospråklegheit er lingvistiske, mellom anna at tospråklege har lettare for å læra seg andre framandspråk seinare enn det einspråklege har. Men det er også ikkje-lingvistiske fordelar med tospråklegheit, og dei er kanskje vel så interessante og viktige. Tilgang til to eller fleire kulturar gjennom morsmålskompetanse er sjølvsagt ein fordel, men systematiske studiar viser også, i følgje Sorace, at tospråklege har større toleranse og respekt for andre kulturar – altså generelt, ikkje berre sine eigne – og i ei konfliktfylt verd bør det ikkje vera tvil om at dette er ein fordel. Tospråklege kan dessutan vera betre stilt på arbeidsmarknaden, sjølvsagt litt avhengig av kva for språk det er dei meistrar. 

Knock-down argument: Utøvande kontroll

Desse ikkje-lingvistiske fordelane er relativt godt kjende. Det som er mindre kjent, og som i mine auge er eit kronargument for promotering av to- og fleirspråklegheit, er dei kognitive fordelane tospråklege har over einspråklege: Tospråklege born viser betre “eksekutiv kontroll”, altså utøvande kontroll, dvs. at dei i større grad evnar å forhalda seg til skiftande føresetnader for å forstå ein situasjon eller ein instruks. Dei er rett og slett meir fokuserte og meir fleksible handlingspersonar. Nokre av studiane som ligg til grunn for desse erkjenningane, har vore omtalt tidlegare her på forsking.no i denne artikkelen (april 2009) (sjå også her (september 2008)). 

Trent ferdigheit – ikkje intelligens

Eit viktig poeng er at denne kognitive fordelen knytta til utøvande kontroll er svært spesifikk og det er ikkje snakk om at tospråklege er meir intelligente enn andre born. Det er heller snakk om at desse borna får trent opp ei spesiell evne gjennom tospråklegheita si. I seminaret sitt diskuterte Sorace kva forklaringa på den kognitive fordelen kan vera. Ein hypotese som er framsatt, går på at tospråklege heile tida må undertrykka det eine av språka sine, og at det er dette som gjer at dei har betre trening i utøvande kontroll. Til grunn for denne hypotesen ligg ein annan tanke om at dei to språka ikkje ligg atskilt i hjernen men gjer bruk av dei same nevrologiske strukturane. For at ikkje begge språka då skal manifistera seg samtidig, må altså dei tospråklege halda nede det eine språket. 

Eit interessant argument for denne hypotesen kjem frå studiar av bi-modalt tosppråklege, dvs. individ som meistrar eit talt språk og eit teiknspråk, t.d. høyrande born av døve foreldre. Desse studiane tyder på at bi-modalt tospråklege ikkje har dei same fordelane når det gjeld utøvande kontroll som mono-modalt tospråklege. Ein kan då tenkja seg at det når utøvinga av dei to språka for det meste skjer gjennom motorisk sett ulike kanalar (talekanalen vs. gester), treng ikkje den bi-modalt tospråklege å undertrykkja det andre språket. 

Fleirspråklegheit er prisverdig

Siste ord er neppe sagt om dette og fleire studiar av både bi-modalt og mono-modalt tospråklege kjem heilt sikkert til å bli gjort i tida framover. Mykje anna kunne og burde dessutan ha vore sagt om tospråklegheit, mellom anna om korleis det norske skuleverket og med det storsamfunnet stiller seg til tospråklegheit. I denne omgangen nøyer eg meg med å gratulera forfattarkollektivet som fekk årets språkpris i bokmål for eit læreværk om fleirspråklegheit i skulen. Sjølv om prisen vart gitt for språkføringa og ikkje for innhaldet som så, vitnar omtalen om at dette er eit verk som fokuserer på dei positive sidene ved fleirspråklegheit, og det er nettopp det fokuset vi treng!

 

Lysarka frå den opne førelesinga til professor Antonella Sorace kan lastast ned frå denne sida

 

Powered by Labrador CMS