«‘Bogekorps’? Nei, vettu ka!»

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Trommeslagarar i bogekorpset Nordnæs Bataillon Kjelde: Wikipedia. (Foto: Nina Aldin Thune)

5. juni hadde den nynorskskrivande kulturjournalisten i Bergens Tidende, Hilde Sandvik, ein kommentar om Festspillene i Bergen der ho også i ei bisetning kom inn på byens store stoltheit, bogekorpsa. Det sette fart i kommentarfeltet. Ein ting er å seia eit skeivt ord om dei – ein annan ting er å kalla dei nettopp det, ‘bogekorps’!

Åtaket
For bogekorps er det visst ingenting som heiter. ‘Buekorps’ har inga omsetjing til nynorsk, var det ei rekkje bergensarar som slo fast dels i kommentarfeltet og dels på Twitter. Facebook har eg ikkje sjekka ein gong. Her følgjer eit utdrag frå kommentarfeltet (brukarnamn i parentes):

Og bogekorps!! Håpløst å oversette ord for ord i et nærmest egenavn. (oklar)

Bogekorpsgutar. Målrørsla er nynorskens verste fiende. Jeg trodde en BT redaktør ville oppmuntre bergensere til å lese nynorsk. Ikke drite den ut. Frode Gryttens flotte språk passet vel ikke inn i denne avisen. (Ronsken)

BOGEKORPSA ? Er det skrevet for å provosere ?? Så skriver du Festspillene !!!! Da burde det jo i det minste hete FESTSPELA !!!!! Festspela i Bergen. (Cami)

Bogekorpsa ???! Det heter vel Buekorps uansett hvilke [sic!] dialekt man snakker? Buekorpsene er jo like typisk for Bergen som Bryggen. Man sier vel ikke Bryggja i Bergen, f.eks … (Espen Rune Grimseid)

Frå Twitter kan vi ta med desse to:

Vi sier ikkje nokke stygt om de - og BOGE?? Buekorps har ikke nynorsk oversettelse. (Sølvi Tveit – @uglameg)

Det håpløse med det norske språket er at hvis jeg bruker det feil lenge nok så ender det opp som godkjent alternativ stavemåte. #bogekorps (Tobias Otterstad @BjarneBetjent)

Forsvaret
Hilde Sandvik slapp å ta seg sjølv i forsvar. Andre gjorde det for henne. Sjølvsagt er ikkje ‘buekorps’ noko eigenamn/proprium, sjølvsagt er det eit samnamn/appellativ og sjølvsagt heiter det bogekorps på nynorsk. Like mykje som det heiter regnboge og ikkje regnbue, pil og boge og ikkje pil og bue osv. Eller som Martin Årseth (@MartinArseth) noko udiplomatisk uttrykkjer det i ei kvitring:

Hallaien på kaien, bokmålmotherfuckers. Det heiter bogekorps på nynorsk, og det er ikkje ein provokasjon. Ferdig snakka.

“Offiserane i Nordnæs Bataillon i 1867. Eldste kjende bilete av bogekorps i Bergen” (Foto: Gamle Bergen Museum)

Og for å streka under at Hilde Sandvik sannsynlegvis veit skilnaden på proprium og appellativ: I kommentaren sin skriv ho om Festspillene i Bergen, ikkje om Festspela i Bergen.

Vanens makt
Denne saka illustrerer eit generelt poeng: Vanens makt! Når vi ikkje er vande med å høyra eller sjå eit ord i ei viss form, verkar det framand og det er fort gjort å konkludera med at det er feil. Dette gjeld når vi ønskjer å innføra ei ny skriveform eller eit norsk avløysarord for ord lånt eller arva frå andre språk: Det var sikkert særs uvant den gongen søknad vart innført til erstatning for ansøkning i bokmål, og eg kan sjølv hugsa at det ein gong i nær fortid var uvant å seia skriva ut istadenfor printe. No er ansøkning heller aparte og ingen reagerer vel på å skrive ut ei utskrift lenger?

For ytterlegare å illustrera poenget. Mormora mi, fødd i 1905 og oppvaksen på Sørlandet, vende seg aldri av med å skriva mig og dig jamvel om formene meg og deg vart innførte i mellomkrigstida, og det er enno uvant for mange å skriva sørvis heller enn service. Og for å vera brennande dagsaktuell: Eg meiner det er eit sjeldsyn å sjå bokmålsbrukande Twitter-folk nytta verbet kvitre istadenfor tweete – men kven veit om eit år eller tre?

Bauekorps
Nynorsk er under påverknad frå bokmål gjennom vanens makt i langt større grad enn omvendt. Slik er det rett og slett fordi bokmålet dominerer den norske språkkvardagen. Og bokmål er høgst truleg òg dominerande i skrifter som omtalar det bergenske fenomenet ‘bogekorps’. Difor er vi vande med å sjå buekorps men uvande med den korrekte nynorske utgåva av ordet, og difor er det lett å tru at bogekorps ikkje er eit brukande ord.

Men det er det. Og på bergensk heiter det uansett bauekorps. Har dei reint av gløymt det, bergensarane?

Hmmm, då heiter det vel forresten både regnbaue og pil og baue, då? Eller?…

 

Powered by Labrador CMS