By og land – hand i hand for samisk språk!

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Foto: © NRK)

Tilbakeslaget
28. november viste NRK1 dokumentaren «Tilbakeslaget – Tromsø og de fem hersketeknikkene». Filmen av Per Kristian Olsen handla striden og bråket rundt forslaget i 2011 om å melda Tromsø kommune inn i forvaltningsområdet for samisk språk. Programmet fokuserte på den massive motstanden mot, og til dels hetsinga, av samar og det samiske som kom opp i samband med denne saka. Og den bygde ikkje akkurat opp om imaget til Tromsø som ein raus og inkluderande by.

Saka hadde viktige politiske overtonar. Alliansen mellom Frp, Høgre og Venstre utnytta saka kynisk og vann truleg kommunevalet på at dei ville trekka søknaden om innlemming i språkforvaltningsområdet tilbake. For den vart sendt i juni 2011 før valet, og den vart, som eit av dei aller første tiltaka til det nye byrådet, trekt i oktober same år.

Framtidsretta samarbeid
Men i etterkant – utan dei store overskriftene og medan Tilbakeslaget vart laga – har det skjedd ting. Tromsøs ordførar Jens Johan Hjort og byråd for næring, kultur og idrett, Jonas Stein Eilertsen, har halde dialogmøte med samiske organisjonar og grupper i Tromsø, og i april 2012 besøkte dei Sametinget i Karasjok. På sistnemnde møte vart Tromsø kommune og Sametinget einige om å inngå ein samarbeidsavtale for å betra forholda for samar og for samisk språk i Tromsø. I går vart det meldt at Sametinget har presentert eit forslag til avtale om språk- og kultursamarbeid for Tromsø kommune, og at dei ønskjer å få til liknande avtalar med andre byar som Alta, Trondheim og Oslo.

Noko av det sentrale i å få til slike avtalar med byane som eit alternativ til å innføra samisk språkforvaltning, er at forvaltningsområdet for samisk språk som verkemiddel har teke utgangspunkt i situasjonen i finnmarkskommunar der ein stor del av befolkninga, jamvel majoriteten, er samar. Det har i liten grad vore tilpassa realiteten og utfordringane for samisk språk i byane der samar utgjer ein liten del av den totale folkesetnaden. Det konkrete innhaldet i avtaleforslaget er enno ikkje kjent, men byråd Eilertsen seier seg i alle fall godt nøgd med det, i følgje denne NRK-artikkelen.

Frå opninga av Guovssahas mánáidgárdi i Tromsø i oktober 2007 (Foto: © Tromsø kommune)

Nye tankar
Revisjon av og nytenking om forvaltningsområdet for samisk språk er kanskje den eine positive tingen som har kome ut av språkkonflikten i Tromsø. Faktisk foreslår Sametingsrådet i si språkmelding som vart lagt fram 28. november at heile forvaltningsområdet vert lagt ned og at samisk språklov vert gjeldande for alle samar uansett kor i landet dei måtte bu.

I same ånd frontar visepresidenten på Sametinget, Láilá Susanne Vars, at retten til samisk barnehageplass bør bli lovfesta. Det burde vera innlysande at ein slik rett vil vera viktig for vidareføringa av samisk språk – formelt sett tek forslaget utgangspunkt i den samiske språkundersøkinga som vart gjennomført av Nordlandsforskning i 2012 som peikar på kor viktig barnehage- og skuletilbod er for styrkinga av dei samiske språka.

Frå Unjárga til Nesseby på 150 år
I byrjinga av november i år var eg i Unjárga/Nesseby inst i Várjat/Varangerfjorden og forkynte «tospråklegheitsevangeliet» på vegne av Fleire språk til fleire, rådgivingstenesta for tospråklegheit som vi har her ved Universitetet i Tromsø. Eg heldt først føredrag for dei tilsette på oppvekstsenteret og sidan for foreldre og andre interesserte, og sannsynlegvis snakka eg til kyrkjelyden. Men med meg heim fekk eg interessante inntrykk. Mellom anna kunne dei no fortelja at for første gong var det fleire born i dei samiskspråklege avdelingane enn i dei norske. Og på skulen var det også no fleire elevar som hadde samisk som førstespråk enn norsk – til skilnad frå på 80-talet då ein kunne telja på ei hand kven som hadde samisk.

Unjárga/Nesseby var for 150 år sidan overvegande einspråkleg samisk. Friis etnografiske kart frå 1861 viser at det var få norskspråklege familiar der, og dei norskspråklege kunne stort sett samisk medan dei samiskspråklege i liten grad kunne norsk. I dag er det norsk som dominerer samfunnslivet i kommunen. Såleis er det gledeleg at ein no ser fruktene av eit systematisk arbeid for å få opp talet på born som veks opp med samisk i barnehage og skule. Kanskje har ein klart å snu den totale fornorskinga.

By og land – hand i hand!
Men det er ikkje så mange born i Unjarga/Nesseby. Totalt er det eit trettital ungar i barneskulen. I ein by som Tromsø er det langt fleire samiske ungar. I Oslo likeeins. Det illustrerer kor viktig det er med satsing på samisk språk i byane (noko eg har målbore fleire gonger, mellom anna i denne Nordlys-kronikken og i denne ordvekslinga i Aftenposten med Oslo-byråd Kristin Vinje).

Novembermorgon ved Várjat/Varangerfjorden Foto: Øystein A. Vangsnes

Det er viktig for samisk språk at det finst samiske kjernesamfunn som Unjárga/Nesseby og Guovdageaidnu/Kautokeino og fleire, men desse bygdene med lågt folketal kan ikkje åleine bera samisk språk vidare: Dei kan i alle fall ikkje åleine stå for den revitaliseringa samisk språk treng og fortener.

Powered by Labrador CMS