Dansbandsveckan

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

«Det var värst – du reser som en svensk dansbandsmusiker!» Kollegaen min, Göran, kommenterte reiseruta mi for veke 43. Måndag og tysdag: Nesseby for å jobba med fleirspråklegheit med elevane på ungdomstrinnet. Onsdag: Samling på Lillehammer for om lag 50 skuleleiarar i regi av Fylkesmannen i Oppland og prosjektet Lærande regionar, og på ettermiddagen arrangement med boka mi på Hamar. Torsdag: Språkkveld i Etne med føredrag og paneldebatt. Fredag: Besøk og føredrag på Etne vidaregåande skule og Karmsund vidaregåande skule.

Jaudå, det var litt av ei reiseveke. Innhaldsrik og spennande. Frå langt i nordaust til langt i sørvest. Tre landsdelar. Store klimatiske forskjellar. Fire ulike senger på fem døgn. Seks flyreiser og tre leigebilar. Godt at arbeidsveka mi sjeldan er slik!

Når eg føredrar om formidling, seier eg alltid: «Brevity is a virtue!». Og kven er vel interessert i å lesa eit omfattande ferdabrev frå mi reise diagonalt gjennom landet på fem dagar? Men med ei innhaldsliste kan ein i det minste klikka seg inn der ein er særleg interessert…

Fleirspråklege Unjárga/Nesseby
Isak Saba
Villsau, hare og sprøstekte torsketunger
Frå vinter i nord til våt hauststorm på Austlandet
Lærande regionar
Skjetten-gutten Øystein
Språkkveld i Etne
Skulebesøk
Skuleveka
P
S!

Fleirspråklege Unjárga/Nesseby
I november i fjor reiste eg til Unjárga/Nesseby på oppdrag frå Fleire språk til fleire for å halda føredrag om to- og fleirspråklegheit for lærarar og foreldre ved Nesseby oppvekstsenter (sjå dette blogginnlegget frå november i fjor). Ein kar hadde høyrt meg snakka om dette på Finnmark Internasjonale Litteraturfestival i Kirkenes før på året, og hadde tipsa leiaren på oppvekstsenteret. No ville dei ha meg tilbake for å jobba med ungane på ungdomsskuletrinnet i to dagar.

Eg drog med siste fly frå Tromsø til Kirkenes sundags kvelden, tok ut leigebil, køyrde i oktobernatta i halvannan time til Varangerbotn og låste meg inn på Varjjat Ferie og Fritid som einaste gjest litt før klokka eitt. Neste morgon kunne eg som året før nyta soloppgangen over Varangerfjorden før eg putla meg inn til skulen.

Soloppgang ved Varangerfjorden, oktober 2013. (Foto: Øystein A. Vangsnes)

Dei to dagane med ungdomsskuleelevane vart ei ny og spennande erfaring for meg. Eg har lite førstehands kjennskap til skulen, og trygg på mine pedagogiske evner, er eg langt ifrå. Blant dei drygt 20 elevane var det ein heil del med fleirspråkleg kompetanse. Nokre få hadde nordsamisk som førstespråk og alle dei andre hadde det anten som andre- eller tredjespråk. Men i tillegg var det fleire med russisk som heimespråk og thai, dansk og engelsk var òg representert.

Den første dagen vart det mest eg som snakka. Eg fortalde dei om dei mange fordelane som ligg i det å veksa opp tospråkleg og å læra seg fleire språk. Eg snakka om at språkblanding er heilt naturleg når ein er i situasjonar der dei ein samtalar med også snakkar dei same språka som ein sjølv: På tur inn frå lærarrommet kunne eg ta med meg eit rykande ferskt døme – i ein samtale som føregjekk på samisk, høyrde eg følgjande spørsmål: «Lea go dus firehjulstrekk?» (‘Har du firehjulstrekk?’). Hadde vedkommande stilt det same spørsmålet til ein same på finsk side utan like god kjennskap til norsk, hadde nok ikkje det norske ordet blitt brukt.

Elevane på ungdomstrinna har gruppearbeid om fleirspråklegheit. (Foto: Øystein A. Vangsnes)

Den andre dagen kom vi i gang med gruppearbeidet. Eg hadde dagen før fortalt dei at dei skulle jobba fram ein fleirspråkleg tekst. Og slik vart det. I utgangspunktet tenkte eg at dei skulle finna eit tema som var relatert til dei tinga eg hadde snakka om dagen før, men her tok elevane styringa – dei ville velja fritt, og det fekk dei lov til. Med stor iver og mykje godt humør gjekk dei til verks. Dei fleste tok sikte på tre språk, og eit par jamvel fire. Det vart alt frå saklege tekstar om Nesseby til makabre eventyr med lokal forankring.

Eg var godt nøgd med resultata. Elevane fekk brukt sine språkkunnskapar, og dei las opp tekstane med god innleving. Eg fekk høve til å snakka litt om dei dilemmaa ein kjem opp i når ein omset frå eit språk til eit anna, og eg fekk òg introdusert dei for mange av dei språklege verktøya som finst på nettet (slik som Bokmålsordboka, Giellatekno sine ressursar for samisk, Wikipedia som fleirspråkleg ordbok). Og ungdommane verka nøgde med opplegget – eg får sjå seinare om det kjem andre tilbakemeldingar i etterkant.

Isak Saba
Om ein studerer Friis' etnografiske kart frå 1861, vil ein sjå at Nesseby for 150 år sidan var eit samfunn dominert av einspråkleg samiske husstandar. I dag er det eit samfunn dominert av norsk. Eit av spørsmåla ungdomsskuleelevane fekk, var kvifor denne språkendringa har funne stad all den tid det ikkje hadde vore ei stor utskifting av slekter i Nesseby.

Innimellom øktene med elevane gjorde eg anna arbeid og eg svinga og innom sosiale medium no og då. Der fanga eg opp at Mikkel Berg-Nordlie hadde skrive eit innlegg i Aftenposten som kritiserte det historielause ved at så mange journalistar omtalar personar som Himanshu Gulati, Manuela Ramin-Osmundsen og Afshan Rafiq som dei første ditt og datt med fleirkulturell bakgrunn.

Afshan Rafiq er ikkje vår første stortingsrepresentant med fleirkulturell bakgrunn. Det var samen Isak Saba frå Nesseby. Han representerte Arbeidarpartiet frå 1906 til 1912, og Saba er elles kjend for å ha skrive Sámi soga lávlla (‘samefolkets song’) som blir rekna for den samiske nasjonalsongen. På veg frå Nesseby tilbake til Kirkenes stoppa på heimplassen til Saba, Reppen, ei høgd på sørsida av Varangerfjorden. Det føltes heilt greitt å kunna senda ut eit bilete på Twitter frå heimplassen hans som ei oppfølgjing av Berg-Nordlies kommentar.

Heimplassen til Isak Saba ved Varangerfjorden. (Foto: Øystein A. Vangsnes)

Villsau, hare og sprøstekte torsketunger
Måndagskvelden i Nesseby nytta eg høvet til å stikka innom Johnny-Leo Jernsletten. Han og kona Jorunn valde for nokre år sidan å bryta opp frå faste vitskaplege stillingar ved Universitetet i Tromsø og å flytta seg og den tospråkleg samisk-norske familien sin til Nesseby. Der kjøpte dei eit lite småbruk, sette i gang med villsau og gjekk med i det lokale villsaulaget. Og villsau fekk eg no få servert til middag. Lammesadel langtidssteikt i omn! Utruleg godt! I fjor hadde eg kjøpt med meg ein lammeskrott heim, men i år vart det vanskeleg sidan eg skulle vidare til andre stader først.

Tysdag ettermiddag valde eg å køyra frå Nesseby medan det enno var litt dagslys. Varanger er kjent for sitt fantastiske lys, og polarhimmelen hang over meg der eg køyrde gjennom vinterlandskapet. Då eg passerte Neiden, hadde mørkret senka seg. Ikkje lengje etterpå spratt ein hare ut i vegen rett framfor bilen. Eg hadde ikkje nubbesjans til å stoppa. Men så vart ein skrott med meg vidare på reisa allikevel!

Eg hadde god tid til flyet og køyrde ned til sentrum for å få meg middag. Valet falt på Surf & Turf som eg hadde besøk tidlegare (m.a. då Kristine Bentzen og eg gjorde dialektinnsamling der i mai 2010). Valet fall på tagliatelle med sprøstekte torsketunger – italiensk/nordnorsk fushion og også med litt asiatisk preg på sausen, skulle det visa seg.

Frå vinter i nord til våt hauststorm på Austlandet
Dansbandsveckan heldt fram. Flyet frå Kirkenes til Oslo var forsinka. Kl. halv tolv stengde leigebilkontoret på Gardermoen, men eg fekk beskjed om at dei kunne sitja igjen over tida mot eit gebyr på kr. 650. Vi landa litt før halv tolv nesten ein time etter rutetabellen, og eg sprang rett ut til leigebilkontoret og nådde fram akkurat tidsnok. Puh! Så gjekk eg inn att og henta bagasjen. Med hareskrotten. Visste i grunnen ikkje at det var såpass uproblematisk.

Frå vinter og fleire kuldegrader i Varanger var eg no kommen til eit voldeleg budleregn og rundt 10 grader på Romerike. Eg sette meg i ein neddogga bil og la ut på motorvegen nordover. Mellom Minnesund og Espa omfattande vegarbeid og på eit tidspunkt òg lang venting på leiebil til å føra oss gjennom. Nærmare Hamar slo det meg at her hang jo lauvverket enno på trea og det var grønt på markene. Oppover Rudshøgda byrja temperaturen å synka og i bakkane ned mot Moelv såg eg restar etter eit snøfall på markene.

Over Mjøsbrua og vidare nordover. No var temperaturen kommen ned under 2 grader. På Lillehammer såg ein tydeleg at det nyleg hadde vore ein smak av vinter som no var regna bort. Vel framme på Radisson Blu Lillehammer fekk eg lagt haren på frys og gjekk stuptrøytt til sengs. Klokka var då over to på natta.

Lærande regionar
Samlinga neste morgon byrja heldigvis ikkje før kl. 10. Eg åt frukost i einsemd, men møtte Göran i møtelokalet kort tid etterpå. Med eit smil om munnen fortalde han meg at han var kommen fram klokka tre på natta – pga. ei trafikkulykke ved Gjøvik, hadde han køyrt «världens omväg», og eg kan vanskeleg forstå anna heller. 

Göran Söderlund er førsteamanuensis på lærarutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Han har ein doktorgrad i kognitiv psykologi og disputerte på ei avhandling om ADHD. Saman har Göran og eg ansvaret for eit av dei tolv delprosjekta i det tverrfaglege prosjektet Lærande regionar som undersøkjer regionale skilnader i skuleresultat med utgangspunkt i nasjonale prøvar i lesing, rekning og engelsk i 5. og 8. klasse.

Delprosjektet vårt heiter på engelsk «Does bidialectal literacy improve cognitive control?» og er ei psykometrisk undersøking av skilnaden på å veksa opp med nynorsk og bokmål som hovudmål: Spørsmålet er om den meir varierte språkstimuleringa som nynorskelevar får, gir seg utslag på skuleresultat generelt, også på matten! Bakgrunnen for i det heile å stilla eit slikt spørsmål er dei kognitive utviklingsfordelane internasjonal tospråksforsking har avdekt hjå tospråklege born.

På samlinga la vi fram ikkje berre prosjektet vi held på med, men også ein forstudie av eksisterande statistikk som vi allereie har gjort i lag med Morten Blekesaune, professor i sosiologi ved Universitetet i Agder. I den studien har vi kopla tal frå nasjonale prøvar over fire år (8. klasse) med statistikk om målform og justert for dei sosioøkonomiske faktorane som ein veit slår ut på skuleresultat (foreldres utdanningsnivå, kvinneleg yrkesaktivitet og intakte familiar). Vi har tal frå 416 av dei 429 kommunane i landet og 99,7% av den aktuelle nasjonale elevpopulasjonen. Studien er ikkje publisert enno, så eg nøyer meg her med å fortelja at resultata er interessante. Mildt sagt!

Skjetten-gutten Øystein
På veg til Lillehammer hadde eg bestemt for å ikle meg ei austnorsk språkdrakt. Til ei avveksling ville eg leggja vekk sognemålet og bruka det målet eg tilegna meg gjennom seks barneår i Skjettenbyen i Skedsmo kommune. Forandring fryder, er det ikkje så? Så der stod eg framfor skuleleiarar frå Valdres, Gudbrandsdalen og Mjøs-traktene og snakka eit slags austnorsk normaltalemål eller kva vi no skal kalla det.

Den språkhamen hadde eg òg på meg då eg seinare på ettermiddagen svinga av frå E6en inn til Hamar for å ha det første bokarrangementet med den nye boka mi i Gravdahl bokhandel. Jens Haugan i Hamar dialekt- og mållag hadde på kort varsel svingt seg rundt då eg sende ein førespurnad om arrangement sidan eg no var på dei trakter. Der i bokhandelen var stolane laina opp, kaffien trekt og croissantar og wienerbrød klare. Det vart ikkje trangt, for å seia det slik – ut over Jens dukka det opp tre andre, og to av dei kjende eg frå før. Men det vart ein fin prat om språkleg toleranse og slikt oss i mellom.

Frå bokarrangement på Gravdahl bokhandel. Jakka til forfattaren heng i einsemd på forfattarstolen. (Foto: Øystein A. Vangsnes)

Og så rulla eg ut på E6en igjen. Med kurs for Strømmen no der eg skulle overnatta hjå gode vener av familien frå Skjetten-tida, foreldra til bestekameraten min. To sunnfjordingar som utvandra på slutten av 60-talet og bygde seg eit liv for seg og sine i hovudstaden. Og som på vegen la om språket, både munnleg og skriftleg – noko eg enno ikkje har komme meg til å ta ein djupare prat om. Ikkje denne gongen.

Språkkveld i Etne
Litt slakk på Strømmen torsdags morgon. Å, det var godt! Lang frukost. Så dra opp til Gardermoen og ta flyet til Haugesund. Ny leigebil, køyra nordover, over Karmsundet, gjennom Hauglandet, kryssa fylkesgrensa til Hordaland og komma til Etne. Budleregn heile vegen her òg og flaumstore bekkar kor ein såg. 

Marit Rønnevik på Etne bibliotek hadde kontakta meg i september ein gong. Ho hadde bladd i katalogen til Samlaget og sett boka mi, og tenk at det der ville vera heilt perfekt for eit arrangement i Etne. Så då eg sa at eg allikevel skulle sørover onsdag 23. oktober, var ho snar med å kapra meg til torsdag 24. Og så ordna ho også besøk på to vidaregåande skular fredag 25.

På språkkvelden i Etne var det eit heilt anna oppmøte enn kvelden før – eg vil tru det må ha vore over 50 personar. Temaet Marit og eg hadde enda opp med, var «Kva er vitsen med nynorsk?». Eg heldt først eit slags føredrag over det med utgangspunkt i boka mi. Igjen dro eg på meg den austnorske språkhamen, men berre innleiingsvis då eg som djevelens advokat gjekk gjennom dei mange negative kvitringane om nynorsk eg har med i boka mi. Det påfølgjande skiftet til kav sognamaol var effektfullt. Som alltid.

I føredraget mitt tok eg opp språkmobbing og språkbyte, og eg stilte mellom anna spørsmålet om kvifor sunnhordalendingar som Solveig Horne og Knut Arild Hareide er (blitt) bokmålsbrukarar medan sunnfjordingen Bård Vegar Solhjell held stødig fast ved nynorsken. Både Hareide og Solhjell blir kritiserte for å knota, men dei skil altså lag når det gjeld å vera tru mot sin eigen skriftspråklege bakgrunn.

Eg var også innom spørsmålet om kva som gjer det annleis å veksa opp med nynorsk og med bokmål, altså litt i tråd med føredraget på Lillehammer i lag med Göran dagen før, og så tok eg også opp den logiske bristen ved Høgre og Framstegspartiets vedtekne språkpolitikk som eg har eit eige kapittel om i boka.

Språkkveld i Etne. Einar Økland sit i panelet og Jostein Osnes er debattleiar. (Foto: Øystein A. Vangsnes)

Etter ei lita pause tok panelet plass. I det sat forfattar og psykolog Einar Økland, redaktør Astrid E. Hjelmeland, norsklærar Laila L. Grønli og elev og bokmålskonvertitt Stina G. Robberstad. Kjell Hatteland frå Unge Høgre sat fast i ferjekø ved Boknafjorden på grunn av uveret. Debattleiar var Jostein Osnes, pensjonert kunnskapsbyråkrat. Og elles sat pensjonert psykiater og KrF-politikar Hans Olav Tungesvik på første rad i publikum.

Det vart ein god drøs mellom paneldeltakarane og fleire i publikum var aktive med spørsmål og kommentarar. Tungesvik fortalde mellom anna at gjerne skulle ha vore konsulent på boktittelen min, men han gjekk med på at det var ei lita trøyst at den delen han ikkje likar, er på bokmål. Elles kom Økland med fleire gullkorn, mellom anna følgjande: «Eg gir berre til tiggarar som tiggar på nynorsk. Eg blir ikkje fattig av det.»

Skulebesøk
No vart eg ikkje nett rik på boksal den kvelden i Etne. Eg må kanskje venja meg til litt meir hissige salsteknikkar, men det får så vera. Etter arrangementet vart eg innlosjert i eit gjestehus ein stad i mørkret nokre kilometer ovanfor Etne sentrum. Som ein annan dansebandmusikar. Men der fekk eg god kvile og hadde ei god natts sømn.

Neste dag stod to skulebesøk for døra. Først ein time med elevar ved Etne vgs i same lokale som kvelden før. Dei hadde bede meg særleg snakka om bokkapitla mine med følgjande titlar: ««Nynorsk er noe dritt! Hvor ligger egentlig nynorge??» og «Lat oss vera glade for bokmålet! Om hugmedvit, språk og levekår». Tematikken låg litt i same lei som kvelden før, men med litt meir vektleggjing av korleis dei to målformene våre gir meir variert språktrening og klarare språkføring, noko mellom anna både jus-professor Johan Giertsen ved UiB og NAV-direktør Joakim Lystad har teke til orde for.

Ungdommane verka interesserte. Stina G. Robberstad hadde kvelden før stått fram som eit døme på ein som hadde gjort eit taktisk språkbyte – det er velkjent frå andre stader i landet at nynorskelevar gjerne byter til bokmål som hovudmål fordi det slik er lettare for dei å samla sett få betre norskkarakterar: Bokmål kan dei godt, og nynorsk har dei fått trening i opp igjennom heile oppveksten, så å prestera godt i det som sidemål, er lett. Men eg fekk også styrkt mistanken min om at språkmobbing òg er medverkande til språkbyte, noko eg skriv om i boka mi og som eg òg blogga litt om i sommar. Elevane stadfesta at dei er medvitne om at det er mange jamaldringar andre stader i landet som er lite begeistra for nynorsk og at dei ikkje opplever det som spesielt kjekt.

Vgs-timen i Etne gjekk fort, og då han var over, var det å hiva seg i bilen for å rekka neste skulebesøk ved Karmsund vgs i Haugesund. Skulen ligg vakkert plassert ved Karmsundet i sørenden av Haugesund sentrum, og der sat elevane og venta då eg kom fram litt etter kl. 12. No hadde eg flytta meg frå nynorskland til bokmålsland. Haugesund er som ei bokmålsøy i eit nynorskhav å rekna – alle dei andre kommunane på Haugalandet har nynorsk som administrasjonsspråk. Rett nok er Karmøy mot sør språknøytral og bokmålsdominert med ein nynorskdel i grunnskulen på ca. 25%. Erkjenninga av at eg no hadde eit litt anna publikum, kom eg sjølvsagt ikkje unna. Diskusjonen vart litt annleis, men også her verka ungdommane interesserte og lydhøyre. Eg fekk til og med selt ei bok til ein elev og bibliotekaren kjøpte inn eit heilt klassesett!

Karmsund videregående skole ligg vakkert til ved Karmsundet i Haugesund. (Foto: Øystein A. Vangsnes)

Skuleveka
Dansbandveckan gjekk no mot slutten. To flystrekningar seinare var eg heime i Tromsø att litt utpå kvelden. I etterkant har det sige inn at det var ei veke med skule i sentrum. Ungdomsskuleelevar i Nesseby, skuleleiarar i Oppland og vgs-elevar i grenseområdet mellom Rogaland og Hordaland. Alle saman grupper det er viktig å nå, tenkjer eg, og kanskje særleg ga møta med vidaregåandeelevane meirsmak – unge menneske på steget inn i vaksenlivet som det er viktig for meg å nå med språktoleranseevangeliet mitt! Er det ein marknad for fleire klassesett, skal tru?

Noko av det eg la vekt på i alle desse møta, var korleis fleirspråklegheit og språkleg variasjon styrkjer mentaliseringsevne og utanforperspektiv. Kanskje er eit av dei viktigaste argumenta for obligatorisk sidemålsundervisning er at det på ein veldig konkret måte stimulerer medvitet om at det finst ein annan røyndom ein annan stad – det finst nokon i landet som brukar språket annleis. Og viss alle norske born òg hadde fått litt meir kjennskap til samisk språk?…

Det er langt mellom Haugalandet og Varangerfjorden. Ungdommar i dei to områda lever i ganske forskjellige røyndomar og dei veit forholdsvis lite om kvarandre. Men begge gruppene veit ein del om Oslo-området, om hovudstadsregionen. Mange reiser dit og dei fleste får dagleg impulsar derifrå gjennom massemedia. Dei fattigaste på medvit om utanforskap er gjerne dei som bur og lever nettopp der? Språklege erfaringar kan bøta noko på det.
 

PS! Inneverande veke er langt rolegare. Eg byrja henne med å dra i studio til NRK Morra i P1 (morgonsendinga frå Troms) for å kommentera første episode av Dialektriket og seia litt om dialektane i Troms. På torsdag skal eg ha den meir offisielle lanseringa av boka mi på bokhandelen Akademisk Kvarter her på UiT Campus og på fredag flyr eg ned til Bergen for så å ta meg inn til Nynorske litteraturdagar i Flåm der eg skal halda eit føredrag om fleirspråklegheit på ein programpost knytt til boka «Det fleirspråklege Noreg» (der eg har skrive fagkapittelet). Og innimellom er det å gjera dei siste førebuingane til språkårskonferansen Tromsø International Conference on Language Diversity som finn stad neste veke frå onsdag til fredag. Jaudå, forskarlivet er alt anna enn kjedeleg!

Powered by Labrador CMS