Det trengst ei humanistisk nordområdesatsing!

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I dag – i skrivande stund! – blir den første stortingsmeldinga om Regjeringa sin nordområdepolitikk lagt fram ved Nordområdesenteret ved Universitetet i Nordland. Fire statsrådar deltek. Meldinga kjem til å omhandla sentrale utviklingstrekk i nordområda og vil meisla ut prioriteringar vidare framover. Eg var sjølv til stades i Auditorium 1 ved Universitetet i Tromsø 10. november 2005 då Jonas Gahr Støre presenterte Regjeringas nordområdesatsing for første gang i føredraget Et hav av muligheter – en ansvarlig politikk for nordområdene. Stemninga var høg, optimismen strøymde frå talarstolen og ut i auditoriet. Det var fengslande. No skulle det komma nye tider til det høge nord!

Eg kjem tilbake til nordområdesatsinga mot slutten av dette stykkjet.

I går kveld vart NRKs program Debatten sendt frå Tromsø. Temaet var særbehandling av samar og spørsmålet om Tromsø og andre nordnorske byar bør bli ein del av forvaltningsområdet for samisk språk. Det har vore ein intens offentleg debatt om det siste spørsmålet i Tromsø etter at forslaget vart framsett av Arbeidarpartiet for eit knapt år sidan. Det fekk på alle måtar fram dei djupe fordommane mot samar som finst i den nordnorske befolkninga, dels i form av politisk motstand frå høgresida men verst av alt i form av hatefulle og rasistiske innlegg på internett.

Og etter at venstresida i juni vedtok å søka om innlemming av Tromsø i forvaltningsområdet for samisk språk og deretter tapte kommunevalet i september, trekte det nye høgrestyrte byrådet søknaden for eit par veker sidan. Denne artikkelen i Journalisten.no kan tena til oppsummering for dei som ikkje har fått med seg kva som har føregått. (Sjå eventuelt òg fem av blogginnlegga mine i vinter/vår: 1, 2, 3, 4 og 5.)

Kva har vi lært etter det som har skjedd? Jau, vi har fått fram at det er ein djup forankra motstand mot den samiske minoriteten i den nordnorske befolkninga. Den er til dels hatsk og rasistisk, men den blir også framført med tilsynelatande rasjonelle argument som at det kostar for mykje å bruka ekstra ressursar på å sikra at samisk språk lever vidare og at det er ikkje naudsynt med tospråkleg skilting og forvaltning for alle samar i Noreg meistrar jo norsk. Og i Tromsø utgjer samar uansett så liten del av befolkninga at det i alle fall ikkje er vits med særskilte tiltak for dei. For meg som er ein høgt utdanna innvandrar til Nord-Noreg, er denne djupe motstanden mot det samiske absurd, og etter å ha budd her oppe i beskjedne 11 år, har eg no byrja å tenkja at det vi er vitne til, er eit utslag av hakkelova.

Den nordnorske befolkninga har dårleg sjølvtillit. Nordlendingar kjenner seg underlegne ‘søringar’. Kva gjer dei som har eit dårleg sjølvbilete? Jau, dei tek det ut på dei som kjem lenger ned på rangstigen. Og for «etnisk norske» nordlendingar vil det seia samar og kvenar. Og samar imellom finst det også hierarki. Reindriftssamar står over fastbuande samar; dei som kan språket, står over dei som har mista det; nordsamisk dominerer over lule- og sørsamisk. På sida av dette står kvenar og kjenner seg tilsidesett samtidig som dei innbyrdes kranglar om språket skal kallast ‘kvensk’ eller ‘finsk’.

Trur de at eg tullar? Lat oss konsentrera oss om den etnisk nordnorske dårlege sjølvkjensla. I eit intervju med Dag og Tid fredag 4. november fortel den nordnorske lyrikaren Helge Stangnes følgjande:

«–Nordlendingane har hatt eit dårlegare sjølvbilde enn folk sørpå. Den fyrste som bruka nordlandsdialekten på radio, var Carl Bertheussen frå Hillesøy, det var i åra like etter krigen. Føredraga hans var populære på Sørlandet, men nordlendingane slo av apparatet i skam over målet sitt.»

Og etter at eg kom til Tromsø, har eg mang ein gong høyrt historiar som at når Oslo-folk på 60-talet annonserte hyblar til leige, stod det gjerne «Ikke nordlendinger». Det er klart ein får dårleg sjølvkjensle av slikt!

Men det er vel ikkje slik lenger? Kanskje ikkje, men her om dagen hadde eg ein samtale med ein ung, oppegåande – ja, lat meg til og med seia framåtstormande – nordlending. Han sa til meg: «De e i utgangspunkte kjipt å være nordlending. Viss du i tillegg e same!…» To ting: 1) Han stadfesta den dårlege nordnorske sjølvkjensla, 2) han plasserte samane under nordlendingar i hierarkiet. Og korleis blir denne unge mannen og alle andre nordlendingar identifiserte som nettopp nordlendingar? Jau, gjennom språket. Ved dialekten. Den dårlege sjølvkjensla er innbakt i språket. Og skal ein få opp sjølvkjensla, må ein såleis etablera ei stolheit for eige språk. For nordnorsk mål.

Det same gjeld for samar. Samar må føla at språket deira har ein verdi. Kvifor skal dei elles halda på det? Kvifor skal eit samisk barn som er i eit norskdominert språkmiljø satsa på å også tilegna seg samisk viss samisk ikkje har nokon verdi? Eit av dei viktigaste argumenta frå høgresida mot å innføra samisk språkforvaltning i Tromsø, har vore at det er symbolpolitikk. Skilting på samisk og samiske skjema blir berre symbolar når dei personane det gjeld også er funksjonelle i norsk.

Under debatten i kommunestyret onsdag 9. november ga walisaren og representanten for Miljøpartiet Dei Grøne, Brynmor Evans, ei treffande samanlikning med Wales: Etter at walisisk vart innført som forvaltningsspråk, har haldningane til språket snudd frå stigma til popularitet, noko som også kjem fram i denne artikkelen på NRK.no. Dersom samisk hadde blitt innført som forvaltningsspråk – ved sidan av norsk! – i Tromsø og dermed blitt meir synleg, er det liten tvil om at det ville ha støtta opp om sjølvkjensla til dei samiske borna som veks opp her – det ville ha styrka stoltheita deira for språket og gjort det meir sannsynleg at kvar einskild av dei vart ein berar av språket.

Og no skal de få sjå ein video. Det er eit intervju som handlar om undertrykking av språk og kva det gjer med ein liten unge. Om fornorsking på 1960-talet i Porsanger. Kvinna var einspråkleg samisk då ho byrja på internatskule eit par mil frå heimen sin. Mykje kan seiast om denne forteljinga – og det er uendeleg mange tilsvarande forteljingar – men legg merke til det kvinna seier på slutten om at ho som mentalhygiensk tiltak i vaksen alder følte at ho måtte ta opplæring i samisk frå grunnskule- til universitetsnivå. Ho måtte gjenvinna den språklege sjølvtilliten, trua på morsmålet sitt – gjennom å læra å lesa og skriva det.

Nord-Noreg er ein landsdel i humanistisk krise. Slik har det kanskje vore lengje og slik har det kanskje blitt på grunn av 100 år med statsfinansiert fornorskingspolitikk med tysk nedbrenning i klimaksfasen og deretter kald krig med tilhøyrande militært nærver som ei klam hand over utviklinga.

Dette er altså den landsdelen Regjeringas nordområdesatsing skal utgå frå. Ei satsing som handlar mest om forholdet mellom Noreg og Russland, men også om dei andre grannelanda i nord. Klima, energiressursar, marine ressursar. Økonomi. Vekst i sysselsetjing og betra levevilkår.

Det er bra. Det er viktig å fortelja optimistiske historiar om Nord-Noreg og nordområda som eit land og eit hav med alle mulegheiter. Det kan løfta den nordnorske sjølvkjensla, men kan det gjera det åleine? Kan optimistiske forteljingar om naturressursar og økonomisk vekst få bukt med den djupe mistrua mot det samiske og det kvenske? Mot sjølve limet i den grenselause kulturen på Nordkalotten? Kan det tenkjast at nordområdesatsinga i seg sjølv vinn på å problematisera og gjera noko med den nordnorske sjølvkjensla? Frå ein kulturell, mellommenneskeleg ståstad?   

Orda ‘kultur’ og ‘kulturell’ blir nemnt her og der i dokumenta, men ‘språk’ glimrar med sitt fråver. Statsråd Aasland nemner samfunnsvitskapleg forsking, men det er meir i bisetningar. Humanistisk forsking er det få som tenkjer på, verkar det som. Ei heller ikkje bruk av humanistisk kunnskap til å løfta landsdelen.

Så: Noko må gjerast med den nordnorske sjølvkjensla. Først når den nordnorske befolkninga får betre sjølvtillit, vil den bli i stand til å verdsetja det kulturelle mangfaldet som landsdelen har å by på og som gjer den unik. Og først då vil befolkninga bli i stand til å ta imot og setja ut i livet den satsinga som sentrale styresmakter ønskjer for landsdelen – som Noregs del av nordområda. Med andre ord:

Det trengst ei humanistisk nordområdesatsing! 

Powered by Labrador CMS