Dubbing: Æ're så nøye, 'a?

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Eitt ubesvart anrop. Eg har stoppa i Jåhkåmåhkke (Jokkmokk) for å ta meg ein god og lang lunsjpause. Det er måndag 20. august. Dagen før har eg køyrt frå Oslo til Vilhelmina via Trysil, Särna, Östersund. I dag skal eg gjera unna dei siste 900 kilometerane til Tromsø. Før eg forlét hotellet mitt i Vilhelmina, hadde eg spent gått inn på Bergens Tidende sine nettsider. På andre sida helga vart eg nemleg intervjua om dubbing av barne- og ungdomsprogram i NRK Super – og i og for seg andre kanalar. Dette har eg jo tidlegare tydeleg sagt frå om at eg tykkjer er ein uting! Det vil seia omfanget av det, og då særleg dubbing av grannespråka våre.

Eg fann BT-artikkelen. Der var også Olemic Thommessen og Nils Stokke intervjua. Thommessen er stortingsrepresentant frå Høgre og styreleiar i Foreningen Norden, Stokke er programredaktør i NRK Super. Thommessen er stort sett på mi side, Stokke forsvarar NRK Supers dubbepolitikk så godt han kan. Eg kvitra om artikkelen og la han ut på facebook før eg sette meg i bilen og køyrde vidare nordover.

No er eg kommen 37 mil lenger nord og har fått eit anrop eg ikkje høyrde der eg suste gjennom granskogane. Frå eit norsk 61-nummer. Eg ringjer tilbake. Ingen svarar. Eg et lunsjen min, handlar inn litt av slikt eg brukar å handla når eg er i Nord-Sverige – västerbottensost, røykt reinkjøtt, A-fil osv. Så køyrer eg vidare. Innimellom tenkjer eg litt på BT-artikkelen. Skal eg følgja han opp?

Men eg vil først og fremst komma meg heim. Eg har rekna ut at viss eg står på litt, kan eg komma heim før ungane legg seg. Det er over ei veke sidan eg har sett dei. Vel heime har ungane lagt seg, men ikkje somna, så eg får i alle fall sagt god natt. Neste morgon nyt eg frukosten i lag med familien. Det er den første heime i Tromsø på over seks veker. Eg følgjer minstejenta til skulen og nyt også av å gå og småprate med henne.

Så tek eg drosje til flyplassen. Ned att til Oslo. Oppstartsmøte på Gardermoen for det tverrfaglege prosjektet Lærande regionar som skal ta føre seg regionale forskjellar i skuleprestasjonar. Finansiert av Forskingsrådet gjennom deira program Praksis i utdanning (PRAKUT). Det er eit spennande prosjekt. Det store paradokset er Sogn og Fjordane. Kvifor gjer ungane der det så godt trass i at foreldra har låg gjennomsnittsinntekt, lågt utdanningsnivå og trass i at det er liten grad av urbanisering? Nord-Trøndelag liknar på Sogn og Fjordane demografisk og sosioøkonomisk, men der gjer ungane det heller dårleg. Mitt bidrag handlar om å utforska om ulikskapar i språkstimulering spelar inn. 97% av elevane i Sogn og Fjordane har nynorsk som hovudmål. Knapt nokon har det i Nord-Trøndelag.

Innimellom tenkjer eg på BT-artikkelen om dubbing. Eg byrjar å skriva litt. Det er for freistande å ta tak i argumentasjonen til programredaktør Stokke. Seminaret skrid fram. Ikkje alt som blir sagt er superrelevant for meg. Eg skriv litt til. Til slutt har eg ein tekst, og på hotellrommet i kveldinga, etter middag og påfølgjande drøs, gjer eg ein siste finpuss og sender stykkjet til Bergens Tidende. Litt kvasst vert det kanskje – spørst om dei tek det inn.

Eg er sliten etter all køyringa. Skulle helst ha vore litt meir heime før eg dro av garde igjen. Eg tek fram telefonen. Skal tru kven det var som forsøkte å ringja meg? Eg sjekkar opp nummeret mot 1881. P4 Norge! Javel? Kvifor ville no dei ha tak i meg? Kan det ha noko med dubbing å gjera? Eg går inn på nettsidene deira. Sjekkar kva dei har tatt opp av nyheitssaker, og, jaudå, dubbing har vore ei sak på Sytten Tretti-programmet deira dagen før. Eg lastar ned programmet og klikkar meg fram til der programposten startar. I studio har dei Olemic Thommessen og Nils Stokke. Det er ein sakleg debatt. Thommessen meiner det no har gått for langt med omfanget av dubbing av nabospråk og at NRK som ein «public service»-kanal har eit særleg ansvar. Men han er svært høfleg og det er på ingen måte noka opphissa stemning i studio. Stokke på si side bedyrar at det ikkje skal bli slutt på å høyra nabospråk i barne- og ungdomsprogram på NRK Super.

Der kunne altså eg ha vore, eg òg! Kanskje. På telefon frå Vazaš (Vitangi) eller Gárasávvon (Karesuando) eller ein annan stad på vegen mellom Jåhkåmåhkke og Romsa (Tromsø). Kanskje like bra at dei ikkje fekk tak i meg. Eg ville jo først og fremst heim! Og dessutan er eg jo så frekk i kjeften av og til at det kanskje kunne blitt litt amper stemning i programmet. Men så bra at dei tok opp saka, då, P4!

Dette var i forrige veke. I går ringde ein journalist frå Klassekampen. Ho ville intervjua meg om dubbing, for i dag, torsdag 30. august, startar Nordisk språkmøte i Oslo der nettopp TV-teksting og dubbing er tema. Eg stilte sjølvsagt villig opp. Og samtidig kom eg på at eg hadde jo sendt det der innlegget til BT. Tok dei det inn, eigentleg? Eg hadde ikkje fått nokon beskjed. Hadde nesten gløymt heile greia. Og no var det i grunnen like greitt å skriva noko anna, t.d. eit blogginnlegg her på forsking.no. Eg gjorde eit søk i Retriever, men fann ikkje noko. Derimot fann eg eit svar frå Nils Stokke, så her var det teikn på at dei faktisk hadde hatt meg på trykk. Jaudå, etter ein e-post til BT fekk eg stadfesta at dei hadde trykt det allereie den 23. og pdf følgde med som vedlegg. Og for eit bilete dei hadde brukt av meg! Eit UiB-bilete frå pressemeldinga om disputasen min i januar 2000 – tenk at eg ein gong har gått rundt med slike briller…

I dag står artikkelen til Klassekampen på trykk. Professor Arne Torp og språkrådsdirektør Arnfinn Muruvik Vonen er intervjua i tillegg til meg. Vi er alle tre på meir eller mindre den same linja. Bekymringslinja. Så er det ein eigen artikkel der programredaktør Nils Stokke blir intervjua og der han igjen forsvarar NRK Supers dubbepolitikk. Men noko har skjedd. Medan han i BT-artikkelen seier «Jeg er ikke opptatt av høye seertall», seier han no til Klassekampen «Seertallene viser at når det samme programmet sendes i en tekstet versjon og en dubbet, er det flest som ser den dubbete versjonen». Litt oppteken av sjåartal er vel NRK Super også, altså, når det kjem til stykkjet.

Siste ord er ikkje sagt om dubbing av grannespråk og andre språk. Ikkje frå meg i alle fall. Og i dag og i morgon blir det sagt mykje om det på Holmenkollen Park Hotel der det nordiske språkmøtet finn stad. Der er ikkje eg. Men der er andre kunnskapsrike språkvitarar og der er både Olemic Thommessen og Nils Stokke. Det er sikkert ein god tone og ein fin dialog. Den trengst, og ein ting er å overtyda norske kringkastarar om ei restriktiv dubbelinje – ein annan ting er å skapa ei fellesnordisk forståing for kor viktig dette er for grannespråksforståinga. Det viktigaste då er å få fram kunnskap om språkstiumlering allment og om verdien av det nordiske språkfellesskapet. Og at språk er meir enn berre kommunikasjon. Det er ikkje gjort i ei handvending.

Powered by Labrador CMS