Eigedomspronomen og ein trikkeførars kamp mot ukorrekt språk

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Foto: Samlaget)

Denne veka kom eg ut med boka «Språkleg toleranse i Noreg: Norge, for faen!» på Samlaget. Stykket nedanfor  – med overskrifta ovanfor – er eit av ti kapittel i boka. Stykket vart skrive i god tid før Torbjørn Røe Isaksen vart kunnskapsminister og Bård Hoksrud statssekretær i Samferdsledepartementet. Men HKH Mette-Marit var kronprinsesse slik ho framleis er. Og trikkeførar @Madsws har om lag 1000 fleire følgjarar på Twitter enn då han ytra seg om dei nemnde personane, men så vidt eg veit, er han ikkje ein del av regjeringsapparatet til Erna Solberg.

Dei fleste andre kapitla i boka er langt mindre grammatisk orienterte enn dette. 

 

De dannedes dagligtale 
– Kronprinsesse Mette-Marit er «stolt og glad på de sine vegne» (håndballjentene). I republikken Norge skal vi øve på eiendomspronomen.

(Foto: Samlaget)

Dette kvitra den journalistutdanna trikkeføraren @Madsws 12. august 2012. Det norske kvinnelandslaget i handball hadde akkurat vunne gull i London-OL, og kronprinsessa vart intervjua om dette på radio. Trikkeføraren har nokre tusen følgjarar på Twitter.

I ei påfølgjande ordveksling mellom @Madsws, augnelækjar @HildeHeger og profilen @oterhals skriv trikkeføraren: «Det var et radiointervju med MM. Og det hørtes ut som barnespråk.». Augnelækjaren svarar: «OK, hun må skjerpe seg. Jeg hører til dem som mener at korrekt grammatikk er viktig. Kronprinsesser er intet unntak!» Då legg trikkeføraren til: «Jeg synes faktisk hun kan bruke normale eiendomspronomen når hun prater med Norsk Rikskringkastning», avslutta med eit smilefjes.

@oterhals tek på dette punktet kronprinsessa i forsvar. Han har tidlegare spurt trikkeføraren om også republikken Noreg vil forby dialektforskjellar, og no seier han til @Madsws og @HildeHeger:

– Språksnobberi. Selv kronprinsesser må få [lov] til å ha dialekt og språklige særegenheter. … Såvidt jeg vet er “de sine” en form hun deler med mange andre sørlendinger.

Kor mykje dialekt toler vi?
Er det akseptabelt at ei kommande dronning i Noreg snakkar kristiansandsdialekt? Og om ho no gjer det – slik i tonefall og uttale, må vi då i det minste kunna forventa at ho avstår frå grammatiske særmerke som bryt med det som elles er vanleg i, lat oss seia, dei øvre sosiale lag i hovudstaden? Når ho snakkar? Òg når ho i gledesrus over ein norsk idrettsprestasjon gir eit radiointervju?

Toleransen for bruk av dialekt er høg i Noreg. Dette skil oss frå dei fleste andre vestlege land og sikkert frå dei fleste andre land rundt omkring i verda. Når Sigbjørn Johnsen som finansminister har gått på talarstolen i Stortinget i fleire år på rad og lagt fram statsbudsjettet på uforfalska flatbygdmål, er det eit klart uttrykk for dette. Tilsvarande hadde neppe vorte tolerert i så mange andre nasjonalforsamlingar, altså at ei av dei viktigaste årlege parlamentariske hendingane gjekk føre seg på dialekt.

Sørlandske eigedomsuttrykk i endring
Mette-Marits bruk av de sine i ein syntaktisk posisjon der bokmål har deres og nynorsk deira, er, som @oterhals peikar på, noko som er vanleg blant sørlendingar. Det er faktisk stor variasjon i systema av eigedomsuttrykk i dialektane på Agder, noko språkforskar Elin Gunleifsen ved Universitetet i Agder dokumenterte i si doktorgradsavhandling frå 2009.

I avhandlinga viser Gunleifsen at kombinasjonen av personleg pronomen og sin er på frammarsj i Kristiansand og erstattar eldre former der det kombinatoriske elementet er -ses snarare enn sin, altså at eldre former som hansses, hosses og disses blir erstatta av han sin, ho sin og de sin [di sin]. Ein viktig skilnad mellom -ses og sin er at -ses er ubøygd, medan sin vert bøygd etter substantivet det står til. Såleis må det i utsegna til Mette-Marit heita anten disses vegne eller de sin-e vegne, men ikkje disses-e vegne.

Dei skriftspråklege formene deres og deira er uansett ikkje utbreidde i kristiansandsdialekten, og korleis kunne Mette-Marit då ha valt dei på ein naturleg og upretensiøs måte når ho i alt anna ordlegg seg munnleg på nettopp det som er det naturlege talemålet hennar?

Språkrepublikken Noreg
I profilen sin oppgir @Madsws at han er republikanar, noko som også tydeleg kjem fram i kvitringa med kritikk av Mette-Marits possessivkonstruksjon. Når trikkeføraren etterlyser «normale eiendomspronomen», kan vi rekna med at forventninga var det bokmålske «deres». Då kunne det vera freistande å spørja trikkeførar @Madsws om ein i Republikken Noreg kjem til å fiksa på det ufullkomne inventaret av possessive pronomen som nettopp deres på bokmål gjer seg skuld i.

Dette eigedomspronomenet er nemleg tvitydig mellom 2. og 3. person fleirtal: «Jeg er glad på deres vegne.» vil på kristiansandsdialekt heita anten «Æ e gla på dere sine vegne.» (2. person) eller «Æ e gla på de sine vegne.» (3. person). Nynorsk, svensk og dansk har alle eigne former i 2. og 3. person fleirtal, og det gjeld for dei fleste norske dialektar også.

Torbjørn Røe Isaksen. (Foto: Jan Greiner)

Svak verbbøying og høgrepolitikk: Går det i hop?
No er det ikkje berre kronprinsesse Mette-Marit som har fått språkleg påpakning frå trikkeførar @Madsw. 22. januar 2013 skreiv han følgjande på Twitter:

– Selveste @konservativ snakket i Politisk kvarter om kronikken han hadde SKRIVD. Kunnskapspartiet Høyre har noen runder å gå med seg selv.

«@konservativ» er Twitter-namnet til høgrepolitikar Torbjørn Røe Isaksen. Han er fødd i 1978 og oppvaksen i Porsgrunn. I nedre delar av Telemark er svak partisippform av verbet ‘skriva’ utbreidd, og dette er såleis ein del av talemålet til Røe Isaksen. At han ikkje vel ei anna form i tråd med gjeldande rettskriving når han deltek i eit radioprogram, meiner altså trikkeføraren er grunnlag for ei intern oppvasksak i partiet Høgre.

Og når @Trondioh, ein Ap-politikar frå Nome, fortel @Madsw at forma skrivd er vanleg i delar av Telemark, og at til dømes Bård Hoksrud neppe hadde sagt «skrevet», repliserer trikkeføraren:

– Men nå var @konservativ i riksdekkende radio. Ingen andre politikere på dette nivået sier skrivd. … Hoksrud er Hoksrud, @konservativ er en (ut)dannet mann som nå prøver å overbevise (ut)dannede og meget oppegående velgere.

Utdanna/danna og oppegåande veljarar er altså ikkje i stand til å ta ein konservativ politikar seriøst dersom han brukar partisippforma skrivd i samanhengande tale, meiner trikkføraren.

Men fortener eigentleg nokon å verta karakteriserte som ‘oppegåande’ dersom dei let den svake verbforma skrivd stå i vegen for bodskapen i det som vert sagt? Torbjørn Røe Isaksen seier sjølv følgjande i ei replikkveksling med trikkeføraren (23. januar 2013):

– Jeg skriver konservativt bokmål, snakker standard østnorsk med noen radikale innslag. … Misliker sterkt kategorisering i pent og stygt språk. Klart språk, det er et godt begrep.

Slik ordlegg etter mi meining ein oppegåande person seg.

Verbet som gjekk motstraums
Verbet skriva, opphavleg lånt frå latin (scribere) i mellomalderen, er forresten eit av få som har gått frå å ha svak bøying til å få sterk bøying i moderne skandinavisk. Islendingane held framleis på den svake bøyinga – det heiter skrifaði i både preteritum og preteritum partisipp. Men heller ikkje i talemålet i Nedre Telemark har verbet fått ei gjennomført svak bøying – mønsteret er å skrive – skreiv – har skrivd: Preteritumsforma skrivde er ikkje vanleg.

Den vanlegaste utviklinga er at sterk bøying, dvs. vokalveksling i verbstammen, vert erstatta av svak bøying. Eit av mange døme er svømme (bokmål) / symja (nynorsk): På eldre svensk heiter det simmasamhar summit, og også i nynorsk finst det ein mindre brukt sterk variant av verbet: svemjasvamhar svome. Det mønsteret reflekterer også den eldre norrøne bøyinga (jf. engelsk swim – swam – swum).

Sterk verbbøying er restane av eit fleire tusen år gammalt regelbunde bøyingssystem med vokalveksling i ordstammen. Den svake verbbøyinga med tillegg av endingar i staden for vokalveksling kom så inn som eit konkurrerande regelbunde system, og etter kvart vann, kan vi seia, den svake bøyinga ved at fleire og fleire verb fekk slik bøying, og ved at alle nye verb også gjorde det.

Men så lenge sterke bøyingsformer førekjem ofte nok, vil nye generasjonar born læra dei, og slik kan restar av det gamle systemet leva vidare. ‘Vera’ er det hyppigaste verbet i dei fleste språk (som i det heile har eit slikt verb), og det er då også uregelbunde på ein eller annan måte i svært mange språk.

Vanens makt versus krafta i det regelbundne
At frekvens er avgjerande, ser vi tydeleg ved possessive pronomen. Mønsteret for eigedomspronomen er særs uregelrett i norsk. I tabellen nedanfor finn du ei samanlikning mellom norsk (bokmål) og (skriftspråkleg) finsk for dei tre kategoriane subjektsform/nominativ, objektsform/akkusativ og possessivform/genitiv.

Som du ser, er bøyinga heilt regelrett i finsk, medan det i liten grad er slik i norsk: Den einaste tendensen til system i bokmål er at ein del former blir laga ved tillegg av ein -s på ei av dei personlege pronomenformene (han-s, henne-s, dere-s), og i ein del talemål er denne tendensen endå sterkare, jamfør former som våres og demses.

At nettopp 1. og 2. person eintal er dei mest avvikande formene i oppsettet, kan vi godt forstå ut frå frekvens: Desse formene førekjem særs ofte i munnleg språk og vil såleis vera noko born lærer tidleg og godt. Då er vilkåra gode for at uregelbundne former skal halda seg.

Og om vi no vender tilbake til Mette-Marits bruk av «de sine vegne», kan vi avslutta med ein merknad om dette eigne ordet sine, kjent blant språkforskarar som «garpe-genitiv» etter utnamnet «garp» på lågtysktalande hanseatiske kjøpmenn: Dei har nemleg fått den tvilsame æra for å ha bringa denne eigedomskonstruksjonen til språket vårt.

Bruken av sin i eigedomsuttrykk er vanleg i store delar av landet, men oftast berre med substantiv og substantivfrasar slik som i Petter sin bil og den gamle mannen sitt hus. Det at slike konstruksjonar er blitt særs vanlege, er rimelegvis med på å forklara kvifor sin i ein del dialektar no også blir brukte der vi elles kunne forventa eit eigedomspronomen. Gjennom både vanens makt – altså mønsteret i ein beslekta konstruksjon – og krafta i det regelbundne, har sin trengt inn i systemet av eigedomspronomen i kristiansandsdialekten.

For mange blir det likevel framandt og uvant. Mange klarar fint å leva med det – kanskje ser dei til og med ein verdi i å oppleva slik uventa språkbruk? Andre derimot, slik som trikkeførar @Madsws, vert utilpass og krev grammatisk straumlinjeforming og lojalitet mot ei felles, nasjonal norm, for elles går det visst gale.

Ja, ja…

Powered by Labrador CMS