eijafjatlhajøkutlh

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

 

Ja, omtrent slik skal altså det islandske stadnamnet Eyjafjallajökull uttalast. Med vanleg ortografi noko slikt som: “eijafjatlhajøkutlh”. Vanskeleg? OK, lat oss komma tilbake til det. Først ein liten video.
 

Janne Haaland Matlary kom tidlegare i vinter med eit hjartesukk i Aftenposten: Nordmenn er nokre slappfiskar når det gjeld framandspråk! Høg som låg! «Statsministeren har en aksent som er forstyrrende norsk, mens utviklingsministeren snakker et engelsk som rett og slett er dårlig.» skreiv den ungarskgifte sosiologiprofessoren. Og det generelle biletet, ifølgje Matlary, er at det i Noreg synest «å være en utbredt forestilling at middelmådig engelsk er godt nok.» Men det mest akutte problemet er at interessa for tysk og fransk er dalande blant norsk ungdom og at dette vert understøtta av at regjeringa avskaffa det andre obligatoriske framandspråket i skulen i 2006.

Eg vart i tvende sinn då eg las Matlarys innlegg. På den eine sida deler eg bekymringa hennar og tykkjer det er både synd og ille at interessa for andre framandspråk enn engelsk minkar. Men på den andre sida tykte eg Matlary la for dagen litt vel mykje kultursnobberi når ho trekte fram diksjon og språkferdigheit hjå Stoltenberg og Solheim og andre norske leiarar som eit regelrett problem for norsk utanrikspolitikk og næringsliv. Sjølv om eg kanskje må innrømma at eg av og til trekkjer litt på smilebandet når Erik Solheim fører sine entusiastiske samtalar på engelsk, er det eigentleg flott at han ikkje let seg hemma av sin tydelege norskfarga – og austlandske! – diksjon.

Nordmenn er likevel slett ikkje verre enn andre folk på dette området. Eg vil tru dei fleste akademikarar har opplevd litt og kvart av nasjonalt farga engelsk på reiser og konferansar rundt omkring i verda. Og kor mange franske og tyske politikarar er det eigentleg som i det heile vågar å snakka engelsk for open mikrofon! Nei, dei tyr heller til tolk, dei!

Og er det eigentleg det Matlary vil? At norske politikarar og andre leiarar skal avstå frå å bruka engelsk inntil dei er på eit nivå som ikkje er pinsamt? Og kva tid blir det pinsamt? Korleis skal vi definera den standarden?

Verdas kanskje mest kjende nordmann hadde ein norskfarga uttale av engelsk som Erik Solheim under tvil mætsjar. Eg tenkjer på Thor Heyerdahl. Og det hadde han sjølv etter eit langt liv utanfor Noreg, det meste av det heilt sikkert med engelsk som viktigaste språk i kvardagen. Heyerdahl blir nok ikkje hugsa rundt om i verda først og fremst for sin pussige uttale av engelsk.

Men OK – tilbake til den islandske isbreen. Ja, «Øyfjellsjøkelen» om vi omset det til norsk (bortsett frå at vi ikkje då får fram at det skal vera fleirtall både i «øy» og «fjell»). Eg kan jo ikkje fri meg for at eg får ilt i øyra når knapt ein einaste journalist klarar å uttala dette namnet korrekt. Jan Espen Kruse har no sist eg høyrde klart å få inn ein «-dl-» etter sørvestnorsk mønster i «-fjalla-», men det kjem vel neppe på «-jökull»-delen. Greitt nok: Vi kan jo lata som det er akkusativforma – då er det berre ein «l» på slutten og uttalen blir [jœːkʏl].

ustemt l

Og det er vel uansett litt for mykje forlangt at nordmenn skal klara å uttala ein ustemt «l», ein lyd som glimrar med sitt fråver i det norske språket såvel som dei fleste andre språk. Men å skriva namnet rett burde i det minste vera kurant: eyja-fjalla-jökull. Det er berre å ta seg ein runde i nylege artiklar og blogginnlegg her på forsking.no, så finn ein alternative skrivemåtar slik som «eya-…» og «fjallar» og «jökul/jøkul» osv.

Enno verre var det forresten den tida det var vulkanutbrot på Fimmvörðuháls – det namnet var det få som var i nærleiken av å få rett, både i uttale eller i skrift. Det pussige er likevel at svenske journalistar tidleg hadde ein akseptabel uttale av desse namna. Så kanskje har Matlary rett trass alt i at nordmenn er nokre slappfiskar når det gjeld språk!

Eg veit ikkje. Uansett er det vel helst slik at Matlary irriterer seg over dårleg engelsk fordi ho sjølv kan betre – liksom eg irriterer meg over dårleg islandsk fordi eg kan det betre. Og kanskje irriterer ho seg over at folk flest har trykket på feil staving i etternamnet hennar slik som eg irriterer meg over at mange uttalar mitt etternamn med feil tonelag. Men slike ting må ein jo berre heva seg over.

PS! Kva var det forresten eg sa om at det kunne bli problem for flytrafikken! Hah!

PS-2! Her er ein video til.

Powered by Labrador CMS