English über alles!

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

English rules
Engelsk har for tida språkleg verdsherredømme, og også innanfor akademia er det engelsk som gjeld i dei fleste internasjonale samanhengar. I byrjinga av oktober hadde spaltist i Financial Times, Simon Kuper, dette som tema i innlegget “Why proper English rules OK”. Han peiker på dei fortrinna morsmålstalarar av engelsk no har i internasjonale samanhengar: Der dei fleste andre brukar eit forflata, preglaust og monotont engelsk – “Globish” – som ikkje evnar å engasjera eit publikum, kan morsmålstalarar briljera med vittigheiter, ordspel og språklege nyansar og med det både fanga ein møtelyds interesse og ikkje minst vinna fram i samtalar og forhandlingar der engelsk blir brukt. 

Globish is money worth
Hovudbodskapen til Kuper er at morsmålstalarar av engelsk bør utnytta denne fordelen til fulle. Han meiner det ikkje er noka krise at interessa for framandspråk stupar i Storbritannia: Framfor å bruka år på å læra eitt eller fleire framandspråk, kan heller engelskspråklege læra seg litt Globish, noko som er gjort i ei handvending. Då kan dei handtera dei misforståingane som oppstår i samtalar med “non-natives”, men når det verkeleg gjeld, kan dei trø til med sin uovertrufne engelskkompetanse. “The strategy for native English-speakers is clear. Learn a bit of extra Globish, and Bob’s your uncle.”

Parlez Globish!
Globish blir faktisk promotert også frå anna hald: Franskmannen Jean-Paul Nerriere har formalisert denne varieteten av engelsk og gjer pengar på å promotera han som det som skal til for å lukkast som forretningsmann i ei verd der 96% av alt samkvem skjer mellom talarar som ikkje har engelsk som morsmål. Du kan jo ta ein titt på denne youtube-videoen og sjå om du blir overtydd…

Punch back time
Men eg vil ikkje forlata Kuper. I siste nummer av Forskerforum (nr. 9, 2010) langar Bjørn Egil Flø ut mot haldningane i til Kuper, målbore av ein gjeng eldre, rennommerte britiske kollegaer som han overhøyrde godtande diskutera artikkelen framfor kaffimaskinen på London-colleget han vitjar for tida. (Innlegget vart først publisert på bloggen hans i midten av oktober.) Ved ein rask gjennomgang av den vitskaplege produksjonen til den sjølvgode gjengen på fem professorar, kjem Flø til at innslaget av referansar til faglitteratur skrive av forfattarar utan engelsk som morsmål var skrikande lågt. Og det trass i at fleire av dei empiriske døma som vart diskuterte handla om ikkje-engelskspråklege land som Vietnam, Mexico og Guatemala. 

Self pollination and academic inbreed
Flø meiner at dersom engelsktalande fortset å ignorera framandspråkslæringa, vil det føra til akademisk sjølvbestøving og innavl i den anglo-amerikanske forskarverda, og det vil setja dei dårlegare i stand til å hausta frukter av dei suksessane som blir gjort innanfor ulike samfunnsområde i ulike ikkje-engelskspråklege land. 

Flø har gode poeng: Mangfald er bra og einsretting er fordummande! I grunnen er det mest pussige med innlegget hans at det står på trykk i Forskerforum og ikkje i Financial Times: Det er Kuper og andre monolingvale engelskspråklege som treng å få høyra det! (No tvilar eg rett nok på at Kuper er heilt monolingval når eg ser livssoga hans…)  

The beard in the mailbox
Bodskapen til spaltisten Kuper er hårreisande arrogant, på grensa til det kvalmande, og eg klarar ikkje heilt å fri meg frå tanken om at det heile er ironisk meint. Men vi kan like fullt  ta inn over oss realitetane i det Kuper framset. Vi bør alle jobba med engelsken vår. Og med norsken. Vegen til god meistring av framandspråk går via god meistring av eige språk. For oss i UoH-sektoren betyr det at vi må både styrka norsk fagspråk og samtidig utvikla framandspråkskompetansen, særleg i engelsk. Funksjonell tospråklegheit er oppskrifta på å lukkast i ei engelskdominert verd, og gitt Flø sine argument kan det då fort bli slik at det er dei monolingvalt engelskspråklege som sit att med skjegget i postkassen. 

Hard work
Det finst få snarvegar til godt språk. Godt språk er hardt arbeid. Og gode haldningar.


 

 

Powered by Labrador CMS