Er bokmålet rota til alt vondt?

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I dag vart nynorsk brått dagsaktuelt igjen – som så mange gonger før – ved nyheiten om at kunnskapsminister Kristin Halvorsen opnar for å fjerna eigen karakter i sidemål. Eit slikt tiltak tek ikkje inn over seg kva vi språkforskarar veit og har grunn til å tru om effekten av variert språkstimulering både på språklege ferdigheiter og på generell kognitiv utvikling, men akkurat det skal eg ta føre meg ein annan gong. No vil eg heller framføra noko anna relatert til den norske språksituasjonen: samanfallet mellom levekårsvilkår og målform i kommunane.

Levekår og målform
Nedanfor følgjer to kart. Det til venstre er laga av Statistisk sentralbyrå (SSB) og er ei samla kartografisk oversikt over levekårsproblem i norske kommunar i 2007 – di mørkare farge, di fleire levekårsproblem samla sett. Kartet til høgre viser kva for kommunar som har nynorsk som administrasjonspråk (blått) og kva for nokre som har bokmål (raudt) – kommunar som er nøytrale med omsyn til målform er gråe. Større versjonar av desse karta finn ein her (levekår) og her (målformer).

Samla indeks for levekårsproblem i 2007 (kjelde: SSB) versus målform i kommunane. (Foto: SSB/Wikipedia)



Etter 2007 slutta SSB med å laga slike levekårskart, visstnok på grunn av massiv kritikk. Eg veit ikkje heilt kva kritikken gjekk ut på, men ein kan jo tenka seg at dei kommunane som kjem dårlig ut, ikkje akkurat såg den store marknadsføringsverdien i karta.

Men kart er forførande, og eg har hatt store problem med å slutta å samanlikna desse to karta etter at eg tilfeldigvis kom til å gjera det for eit par månader sidan. Det er eit påfallande samanfall mellom lite levekårsproblem og nynorsk og motsett mellom mange levekårsproblem og bokmål.

Samanfall eller samanheng?
Samanfall er rett nok ein ting. Samanheng er noko anna. Samanfallet kan vera tilfeldig, men det kan også vera ein samanheng. Og samanhengen kan vera direkte eller indirekte: Anten kan ein tilskriva gode levekår til nynorsk (direkte samanheng) eller så er val av nynorsk målform eit utslag ein type organisering av samfunnet som også har lagt grunnlag for gode levekår (indirekte samanheng). Den direkte samanhengen synest for ambisiøs. Lat oss heller forsøka oss på eit resonnement for ein muleg indirekte samanheng. 

Språk og sosial utjamning
Nynorskprosjektet starta med ei målsetjing om å gi ein ung nasjon sitt eige språk. Det var ein del av den kulturelle frigjeringa frå Danmark på 1800-talet. Ganske raskt vart det også eit utjamningsprosjekt: Nynorsken er tufta på at folkemålet – dialektane – også er fullverdige språk, like gode som språket til dei øvre sosiale sjikta i byane. 

Kortversjonen av dette er at nynorsken fekk si største utbreiing i dei delane av landet der egalitære prinsipp står sterkast. Det er sjølvsagt ei forenkling: I mellomkrigstida stod nynorsk sterkt også i Trøndelag, Nordland og store delar av Troms. Etter siste krig gjekk det snøgt tilbake i desse områda, og den førebels siste nynorskklassen i Troms gjekk ut av ungdomsskulen våren 2011 – det var i Målselv. 

Ein kan sjølvsagt debattera om nynorskområda i dagens Noreg – altså Vestlandet og indre, vestlege delar av Austlandet er dei områda i Noreg med størst grad av sosial utjamning: Eg er i alle fall blitt fortalt av historikarar og geografar at ein tradisjonelt har hatt meir klassedeling på Austlandet, i Trøndelag og i Nord-Noreg enn vestpå.

Språkleg sjølvkjensle
Under alle omstende er det slik at nynorskbrukarar i nynorskens kjerneområde har eit skriftspråk som ligg nærmare deira eige talemål enn kva tilfellet er i store delar av landet elles, og det er eit skriftspråk som i svært liten grad speglar sosiale hierarki. Bokmålsbrukarar må derimot ta stilling til om dei skal skriva radikalt, moderat eller konservativt, og valet dei gjer, vil korrelera med korleis dei blir oppfatta i høve til ein etablert sosiolingvistisk rangstige.  

Slik sett er nynorsk meir egalitært enn bokmål både som prosjekt og i sin natur. Nynorsk støttar i større grad opp om einskildindivids språklege sjølvkjensle både ved å vera sosialt nøytralt og – for mange – ved å liggja nærmare talemålet. Med det støttar målforma også i større grad opp om individa si generelle sjølvkjensle. Og individ som har god sjølvkjensle, har det godt med seg sjølv og med andre. 

Og der sat vi faktisk plutseleg att med ein muleg direkte samanheng mellom nynorsk og levekår! Er kanskje bokmålet rota til alt vondt?

Den nordnorske sjølvkjensla
I haust var eg inne på desse forholda i eit anna innlegg som fokuserte på den nordnorske språklege sjølvkjensla. Påstanden min var – og er – at folk i Nord-Noreg er dei språkleg sett mest framandgjorte i landet vårt. Her rår bokmålet grunnen trass i at dialektane for det meste i formverk og delvis i ordforråd ligg nærmare nynorsk. Elevane vert altså førte inn i eit skriftspråk som i mindre grad enn nødvendig harmonerer med morsmålet, talemålet deira.

I tillegg til dette har ein i Nord-Noreg også hatt språkskifte frå samisk og kvensk i store delar av landsdelen, og såra etter den språklege trakasseringa og framandgjeringa dette har representert, ligg mange stader framleis opne. 

Og viss det skulle vera nokon tvil: Nord-Noreg er den landsdelen som kjem desidert dårlegast ut på levekårskartet. 

Språk og politikk
Kanskje er det fåfengt å leita etter ein samanheng mellom dei to karta. No har eg gjort det og spelar ballen over til andre som eventuelt kan få forklara meg kvifor det berre er utstrakt samanfall og ingen samanheng. 

Viss andre derimot også kjem fram til at det er meir enn eit tilfeldig samanfall mellom levekårvilkår og utbreiinga av nynorskkommunar, er det oppsiktsvekkande og bør takast med i grunnlaget for utforming av norsk språkpolitikk.

Og på eit slikt grunnlag vil det også vera oppsiktsvekkande om ein kunnskapsminister frå utjamningspartiet SV fremjer tiltak som i realiteten svekker det egalitære prosjektet Nynorsk si stilling.

Det er tid for refleksjon i Kunnskapsdepartementet!

Powered by Labrador CMS