Ferdabrev frå Aust-Finnmark

3. og 4. mai dro Kristine Bentzen og eg på datainnsamlingstur til Vardø og Kirkenes. Det var å stå tidleg opp for å ta mjølkeruta til Widerøe oppover finnmarkskysten med avgang kl. 06.00 frå Tromsø. Etter å ha vært nedom Hasvik, Hammerfest, Berlevåg og Båtsfjord landa vi i halv ti-tida på Svartnes ved Vardø. Etter ein liten drosjetur ned under havnivå og opp igjen var vi ved Vardø vgs. der vi med god hjelp av rådgivar Steinar Kristiansen hadde gjort avtalar med fire informantar, to elevar på skulen og to eldre personar.
  

Vis Dialektturer (UiT) 2009/2010 i eit større kart

Innspelingar og gjennomgang av spørjeskjema gjekk som smurt og det var ingen tidsnød eller komplikasjonar som oppstod. Dei eldre informantane viste seg rett nok å ikkje treffa heilt på utvalskriteriane: For det første viste kvinna seg å vera litt for ung (nær, men ikkje heilt fylt 50) og ho hadde dessutan litt meir utdanning enn det vi normalt etterstreber. Mannen på si side hadde hatt ei framtredande stilling i det lokale næringslivet og var dessutan opprinneleg frå Kiberg, men hadde elles budd heile sitt vaksne liv i Vardø. Dette har skjedd før, at vi ikkje heilt treff på utvalskriteria, men det betyr jo ikkje nødvendigvis at vi får personar som ikkje talar representativ dialekt – kriteria er retningslinjer, og det viktigaste er trass alt at vi held styr på metadataa.  

Gate i Vardø, ein regnfull dag tidleg i mai. Foto: Øystein A. Vangsnes
Gate i Vardø, ein regnfull dag tidleg i mai. Foto: Øystein A. Vangsnes

Vardø-dialekten er nok eit typisk kystmål i Finnmark, og informantane meinte sjølv at dei hadde meir til felles med stader som Båtsfjord, Berlevåg, Kjøllefjord og Honningsvåg enn med t.d. dialekten i Vadsø, som gegografisk og logistisk sett ligg mykje nærmare enn dei andre stadane. Det som i denne samanhengen kan seiast om Kiberg, der den eldre mannlege informanten var oppvaksen, er at denne bygda i på fastlandet i Vardø kommune har hatt ei blanda norsk og finsk/kvensk befolkning til liks med Vadsø, men til forskjell frå Vardø by. Informanten oppga sjølv ikkje kvensk bakgrunn og vi såg heller ingen openberre teikn på at målet hans var påfallande annleis enn dei andre vi snakka med. 

Økta i Vardø avslutta vi med middag på Vardø Hotel med utsikt ut på hamna der gammel-hurtigruta Nordstjernen på sørgåande bukserte til kai i det vi satte oss ned. Og der Janne og Björn sleit med å få seg eit godt fiskemåltid då dei var i Kjøllefjord for eit år sidan, hadde Restaurant Arctic på hotellet i Vardø mange freistande fiskerettar på menyen. Sjølv falt eg for Vardø-torsk med linsesaus, og det smakte fortreffeleg! I sju-tida tok vi så fly videre til Kirkenes, denne gongen direkte over Varangerfjorden, så etter ca. 20 minutt landa vi på Høybuktmoen og kom oss vel fram til hotellet vårt i Kirkenes.

Hurtigruteskipet Nordstjernen legg til kai i Vardø. Foto: Øystein A. Vangsnes
Hurtigruteskipet Nordstjernen legg til kai i Vardø. Foto: Øystein A. Vangsnes

Morgonen etter vart det litt forviklingar. Heldigvis hadde vi avtalt oppstart først kl. 10, for då eg rusla over til «Basen», der vi skulle vera, i 9-tida, viste det seg at dei to eldre informantane hadde trekt seg då det gjekk opp for dei at det var snakk om å gjera videoopptak. Så då var det til å finna erstatningar. Etter kvart klarte kontaktpersonen vår å få ein mannleg kollega til å stilla, og Kristine og eg klarte faktisk å rekruttera ei eldre kvinne på hotellet vårt. Så då var vi berga!

Kirkenes by går til liks med Vardø for å ha eit finnmarksmål av typisk kysttype. Men Sør-Varanger kommune som så er svært mangfoldig språkleg sett. På Bugøynes, som ligg heilt nord i kommunen, ute ved Varangerfjorden, var finsk/kvensk det vanlegaste språket fram til 60-talet, men så slutta ein brått å snakka det med ungane sine. (Språkforskar Pia Lane ved UiO er frå Bugøynes og har lengje forska på språkforholda på heimstaden sin.) Pasvikdalen har ei svært variert befolkningshistorie med både finske og norske bureisarar frå ulike stader. Det skulle visa seg at den eldre kvinna vi rekrutterte frå hotellet, faktisk opphavleg var frå Pasvikdalen og at ho hadde hatt finsk som heimespråk i oppveksten. Faren hennar var frå heimgarden og var finskspråkleg medan mora hennar var frå Sør-Finland. Igjen bomma vi altså på utvalskriteria! Men ho hadde lært seg norsk frå 5-6 års alder og flytta ned til Kirkenes då ho var 19-20 år og budde der sidan. Heller ikkje med denne informanten fann vi teikn på at ho skilte seg nemneverdig frå dei andre informantane, men også her er det jo sjølvsagt viktig å halda orden på metadataa for seinare studiar.

I tillegg til finsk/kvensk har Sør-Varanger også hatt talarar av to samiske språk, skoltesamisk og nordsamisk. Skoltesamisk vart tidlegare tala i Pasvik og i bygda Neiden, men er no utdøydd som levande språk i Noreg: Dei om lag 400 talarane av dette austsamiske språket som er att, bur i Finland og Russland, dei aller fleste i bygdene Sevettijärvi og Nellim rett over grensa til Finland frå høvesvis Neiden og Pasvik. Talarar av nordsamisk finst det nok framleis i kommunen.

Tospråkleg norsk-russisk gateskilt i Kirkenes. Foto: Øystein A. Vangsnes
Tospråkleg norsk-russisk gateskilt i Kirkenes. Foto: Øystein A. Vangsnes

Men Sør-Varanger er elles den einaste norske kommunen med landgrense til Russland, og no til dags er det heilt klart russisk som er det mest prominente ikkje-norske språket i Kirkenes. Det heiter seg at omlag 10% av befolkninga har russiskspråkleg bakgrunn, og eit konkret utslag av nærleiken og kontakten med Russland, er at mange av gatene i Kirkenes er skilta på russisk i tillegg til norsk. Alt i alt er difor språksituasjonen i Sør-Varanger svært mangfoldig og interessant både i eit historisk dialektologisk og i eit sosiolingvistisk perspektiv, og det er nok ikkje tilfeldig at ein av kollegaene våre ved UiT, Hilde Sollid, har valt ut Sør-Varanger som primært studieobjekt for sitt sosiolingvistiske postdokprosjekt.

Og at det i Aust-Finnmark meir allment er rom for langt fleire og meir detaljerte dialektstudiar, står veldig klart for oss etter turen vår. Både i Vardø og Kirkenes ga informantane uttrykk for at det var stor skilnad frå deira mål til t.d. Vadsø. Og der Vadsø har (hatt) eit sterkt innslag av finskspråkleg befolkning, er Nesseby/Unjárga inst i fjorden ein kommune med samisk som offisielt administrasjonsspråk. Så det er å forventa at dei norske måla rundt Varangerfjorden kan ha vorte farga på forskjellig måte av kontakt med ulike andre språk. Så vidt vi veit, har dette enno ikkje vorte undersøkt og kartlagt på ein uttømmande måte. Det same gjeld forsåvidt for store delar av Finnmark – Ivar Aasen kom seg som kjent aldri lenger nord enn til Tromsø… – så her er det eit stort potensiale for dialektologiske undersøkingar! (Kor etnisk variert Varanger var for 150 år sidan, kjem elles godt fram av Friis’ etnografiske kart.)

Kristine Bentzen med to unge informantar i Kirkenes. Foto: Øystein A. Vangsnes
Kristine Bentzen med to unge informantar i Kirkenes. Foto: Øystein A. Vangsnes

Trass i informantkomplikasjonane på morgonkvisten gjekk sjølve undersøkingane som smurt også i Kirkenes, og vi fekk til og med tid til å eta ein skikkeleg lunsj mellom slaga. Og etter endt arbeidsdag inspiserte vi det flunkande nye Thon-hotellet som hadde opna dagen før. Det var bygd ut i sjøen og er kanskje ein del av ein plan om å knyta Kirkenes tettare til fjorden, som sentrum elles arkitektonisk sett vender seg bort frå. Og der bak store glasvindauge som verna oss frå sluddbygene utanfor, avrunda vi med eit lett måltid før vi tok oss opp igjen til Høybuktmoen der Widerøe så igjen sytte for å frakta oss trygt vidare, denne gongen heim igjen til eit solfylt Tromsø.

 

Dette ferdabrevet er ein forkorta versjon av eit innlegg på bloggen til prosjektet ScanDiaSyn. Nokre smakebitar på førebelse resultat frå undersøkinga i Aust-Finnmark finst i det opprinnelege innlegget, sjå her.