Ferdabrev frå Lofoten og Vesterålen

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Datainnsamlingsarbeidet innanfor den norske delen av det fellesnordiske prosjektet Nordisk dialektsyntaks (ScanDiaSyn) held fram. Sidan eg sist publiserte ein feltrapport her på forskning.no-bloggen 5. desember i fjor, har viktige prosjektløyvingar komme til. For det første har Forskingsrådet – på vårt femte forsøk på like mange år! – gitt ei større fireårig løyving til gruppene ved UiO, NTNU og UiT og for det andre har NOS-HS innvilga ein søknad som dels vil muleggjera kompletterande feltarbeid i Sverige og Finland og dels bidreg med fleire forskarårsverk til å utvikla større oversiktar (inkl. kart) over den grammatiske variasjonen i det nordiske språkområdet på basis av alt materialet som har vorte samla inn dei siste åra.

Det innsamla materialet, som no vert tilrettelagt av Tekstlaboratoriet ved UiO, består på den eine sida av eit søkbart korpus med spontantale (intervju og samtalar) og dels av ein database med opplysningar om akseptabiliteten av ei rekkje spesialutvikla testsetningar i dei ulike dialektane. 

I veke 8 vart det gjort feltarbeid på til saman tre stader i Troms og Nordland: Vannøya i Karlsøy kommune, Stamsund i Vestvågøy kommune og Myre i Øksnes kommune. Nedanfor følgjer eit ferdabrev frå turen til Lofoten og Vesterålen. Både dette og innlegget 5. desember er henta frå prosjektbloggen til ScanDiaSyn, og heile omtalen av feltarbeidet i veke 8, finn ein der, også ei skildring av turen til Vannøya skriven av min kollega Björn Lundquist.

Feltarbeid i Lofoten og Vesterålen

På veg til feltarbeid i Lofoten og Vesterålen: Utsikt over Nord-Senja og Malangen. (Foto: Björn Lundquist)


 

Torsdag 19. og fredag 20. februar gjekk turen til Lofoten og Vesterålen. Björn (Lundquist) og eg skulle vitja høvesvis Stamsund i Vestvågøy kommune og Myre i Øksnes kommune. Litt før kl. halv åtte torsdags morgon henta drosjen meg, og nokre minutt seinare plukka vi opp Björn. Vi måtte innom universitetet på veg til flyplassen, for eg hadde gløymt å ta nokre viktige utskrifter kvelden før (og skrivaren heime var tom for blekk). Men veret var godt og eg hadde sjekka oss inn på flyet kvelden før, så det var ingen større fare for å komma for seint til flyet. Derimot var vi litt spente på om tidsskjemaet etter landing i Stokmarknes ville halda: Vi hadde pakka alt i handbagasjen, for viss flyet var i rute, og vi fekk leigebilen med ein gong, burde vi klara ferja kl. 9.50 frå Melbu til Fiskebøl. Og det gjorde vi med god margin: leigebilmannen stod klar med skjemaet og utanfor stod bilen og gjekk, varm og god.

Vis større kart

I det strålande solskinet køyrde vi vidare utover Austvågøy, gjennom Svolvær og Kabelvåg og forbi Våga-kallen, over på Gimsøya, heimeøya til den nordnorske dialektologiens store mor, Hallfrid Christiansen, og sidan vi hadde litt ekstra tid (gitt den tidlege ferja), bestemte vi oss for å køyra rundt Vestvågøy på nordsida på vår veg til Stamsund. Björn hadde heile tida kikkerten på innerlomma, og då vi kom til pollen i Borg, måtte vi pent ta ein stopp: Ute på isen såg vi ikkje mindre enn sju ørnar som koste seg med eit uidentifiserbart objekt medan kråkene flagra omkring. Litt seinare stoppa vi elles for å ta eit bilete av høvdingehuset på Borg. Dette er det største huset frå vikingtid i heile Skandinavia som er funne så langt, og gir eit mektig inntrykk der det (dvs. rekonstruksjonen) kneisar på ein høgde like ved vegen.

Øystein A. Vangsnes (t.v.) og Björn Lundquist (t.h.) med to informantar frå Stamsund. (Foto: Kari Frøyland/Lofotposten)


 

Vel framme i Stamsund installerte vi oss på Stamsund Dag- og Velferdssenter og rakk å smaka på deira sagnomsuste vafler før dei første informantane kom og vi sette i gang med opptak. Etter kvart kom det også innom ein journalist frå Lofotposten, noko som resulterte i denne artikkelen laurdag 21. Både desse to eldre informantane og dei to yngre som kom seinare på kvelden fungerte fint: Dei heldt praten i gang under opptaka og ga oss tilforlatelige svar på spørjeskjemadelen. (Litt om resultata seinare.)

Vi var ferdige i Stamsund litt før kl. 20 på kvelden, og køyrde då til Svolvær der vi hadde bestilt hotellrom. Ønskjet om å få seg ein god fiskesuppe e.l. når vi vel var i Lofoten, fekk vi ikkje oppfylt: Det var ganske daudt i Svolvær denne torsdags kvelden, og vi endte opp med to kebabrullar og kvar sin øl på ein såkalla italiensk restaurant driven av ein tyrkar. Ja, ja…

Utsikt frå Myre i Vesterålen: Skogsøya og storhavet. (Foto: Björn Lundquist)


 

Neste morgon hadde veret slått om: Vekke var sola, og nedbøren trua med å gå over frå snø til regn, med ditto glatte vegar. Vi sette oss i bilen og køyrde no det nye Lofast-sambandet framfor å ta ferje over til Vesterålen att. Det medførte ein sving innom Troms fylke att, men tidsmessig gjekk det nok ut på det same.

På Myre installerte vi oss i eit rom på Rådhuset. Jarle Meløy, pensjonert skulesjef, og Anne Linn Nygård, leiar av Frivillighetssentralen, hadde hjelpt oss med å skaffa lokale og informantar. Ein yngre informant hadde trekt seg, men Torill ordna opp på distanse frå Tromsø med å finna ny, så vi fekk våre fire informantar og dei gjorde ein god innsats på alle måtar. Ingen av informantane var frå sjølve Myre – dei var fødde og oppvaksne på mindre stader rundt Myre. Den eine eldre informanten var faktisk delvis oppvaksen på ei no fråflytta øy i Øksnes-skjergarden og hadde mykje spennande å fortelja frå oppvekst og skule der.

Øystein A. Vangsnes med informantar på Myre i Vesterålen. (Foto: Björn Lundquist)


 

Det er sjølvsagt mykje interessant som kan trekkast fram når det gjeld resultata frå spørjeskjemadelen, men eg får vel primært halda meg til emne som eg har vore inne på i tidlegare innlegg. På Myre såg eg akkurat det same mønsteret som i Sør-Troms når det gjeld type- vs. eksemplar-lesing av korsn bil: Dei yngre godtok både Korsn bil har du? (type) og Korsn bil e din?, medan dei eldre berre godtok type-eksempelet og blankt avviste det siste eksempelet – dei ville i staden ha anten Kafføren bil e din? eller Kaslags bil e din? (!), og akkurat den tilbakemeldinga har eg jo også fått andre stader (m.a. i Lavangen i november). I Stamsund var tilbakemeldinga annleis: Her godtok både dei yngre og dei eldre både type- og eksemplar-lesing, sjølv om eg merka meg at dei eldre brukte litt tid på å resonnera seg fram til ein femmar også på eksemplar-eksempelet.

Når det gjeld ekstraksjon av kv-ledd, fekk vi eit velkjent mønster, dvs. med muleg som-innsetjing etter ekstraherte kv-subjekt (Kem trur du så __ ha jort de?, men ikkje ved objektsekstraksjon (*Kem trur du så æ ska treffe __ i mårra?). Her fekk vi rett nok nokre tilbakemeldingar – som eg nok også har fått tidlegare – på at som-innsetjing er betre dersom dersom det ikkje er inversjon i hovudsetninga, altså helst Kem du trur så…. Det er ganske interessant, og eg har ikkje noka umiddelbar forklaring på eller hypotese om kvifor det skulle vera slik, og det kastar på ingen måte lys over kvifor tilsvarande innsetjing av sum og i færøysk og der i vestjysk (og kanskje dansk talemål generelt) går bra, for det er jo nordiske mål som uansett krev subjekt/verb-inversjon i hovudsetninga.

*That-trace-effekten var for øvrig rimeleg klar bortsett frå at ein informant ga 4 (av 5) på setninga Kem trur du at ikkje hadde kommen? (men like fullt 1 på Kem trur du at har jort de?) . Eg hadde elles eit lite løynleg håp om at vi no kanskje kunne finna ein informant som ville godta Kem trur du at han har jort de?, altså med resumpsjon av det ekstraherte kv-subjektet: Dette er rapportert av Torill Fiva å eksistera i Bodø-dialekten, så når vi no nærma oss det området… Men den gang ei! Resumpsjon i døme som Han Ole Gunnar veit æ ikkje om han e kommen vart derimot godteke av alle (med fem femmarar og tre firarar).

Ser du Våga-kalln? (Foto: Björn Lundquist)


 

Overgangen mellom Lofoten og Vesterålen synest elles å markera nordgrensa for verbformene vart og vorte, altså som hjelpeverb i perifrastisk passiv: I Stamsund kunne dei seia både bei og vart, men på Myre godtok dei berre bei slik som tilfellet er i Troms med unntak av Indre Troms. Eg var i grunnen førebudd på at både bei og vart skulle vera muleg, for det kom fram då eg nokre dagar tidlegare hadde spelt inn spørjeskjemaet med Olav Skare: Olav er frå Melbu som ligg på vesterålsida av Hadsel kommune, og han sa at begge former blir brukt i hans mål, men då etter same mønster som i trøndske dialektar slik at du får å bli – blir – vart – har vorte, altså utan verta-former i infinitiv og presens. Men det var då interessant at dei lenger nord i Vesterålen ikkje godtok vart og vorte. Kanskje det følgjer apokope-grensa (for infinitiv), som Olav har skrive hovudoppgåve om og der grensa går tvers gjennom Vesterålen? (Sjå dette kartet.) I alle fall illustrerer det at deler av Vesterålen har vore meir orientert mot Sør-Troms medan den sønste delen har vore meir orientert mot Lofoten. Uansett var det heller ikkje i Lofoten og Vesterålen nokon informantar som godtok eksempelet Kaffen e kajll blidd. Men ein av dei eldre i Stamsund kjende det att frå måten (endå) eldre snakka på og ga eksempelet Han e sjuk vorten!

Mangt anna kunne også ha vore trekt fram frå spørjeskjemaresultata, og det er godt å tenkja på at det er mykje gefundenes Fressen i dette materialet som vi no samlar inn. Björn og eg hadde i alle fall ein god del å drøsa om der vi sette oss i bilen og køyrde i sludd og storm tilbake til flyplassen ved Stokmarknes. Spente på om flytrafikken skulle vera hemma av det dårlege veret, steig vi inn i avgangshallen, berre for å konstatera at Widerøe ikkje hadde tenkt å svikta oss, så i 22-tida fredags kvelden landa vi turbulent men trygt i Tromsø att.

Høvdingehuset på Borg. (Foto: Björn Lundquist)

Powered by Labrador CMS