Finst det nordlendingar som seier «fæsk»?

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

TV-serien «Halvbroren» har teke fjernsyns-Noreg med storm. Over ein million sjåarar benka seg framfor skjermen då dei to første episodane vart sende sundag 6. januar. Eg var ikkje ein av dei, men det var berre fordi eg var så frykteleg oppteken med å førebu eit føredrag eg skulle halda på Dialektseminar 2013 seinare i veka, så eg sat på jobb den kvelden og gravde meg ned i Nordisk dialektkorpus, ei elektronisk samling av transkriberte dialektinnspelingar som vi har bygd opp i forskingsprosjektet Nordisk dialektsyntaks

Men litt utpå måndagen vart eg oppringt av VG-kontoret i Tromsø. På sosiale medium var det visst mange som var tydeleg misnøgde med skodespelar Jon Øigardens nordnorske dialekt i tolkinga av figuren Anrold Nilsen frå Røst. Eg vart beden om å gjera ei vurdering av prestasjonen, så då var det berre å leggja føredraget til sides ei stund og gå inn på NRK Nett-TV og lytta.

Vurderinga mi kom på trykk neste dag, til og med med overskrift på framsida. Og berre så det er sagt: Det var ikkje eg som foreslo den overskrifta! («Dialektforsker om Halvbroren: HELT FEIL!») Men med slik overskrift gjekk det ikkje lengje før tre ulike NRK-kontor hadde ringt meg og ville ha meg i studio. Eg stilte i to av dei, mellom anna Kulturnytt i NRK P2 (og endå meir verdifull tid til føredragsførebuing måtte ofrast).

Eit av dei meir handfaste ankepunkta mot nordnorsken til Arnold Nilsen, stamma frå ei scene der han har ein tydeleg æ-uttale i verbet ‘fiske’. Han seier «fæske» (og «fæskestang» osv.). Dette er ein av klassikarane i den nordnorske myteverda når det gjeld kva for feil søringar gjer når dei skal etterlikna nordnorsk: Det heiter «fesk», ikkje «fæsk»!

Som lingvist med i alle fall litt fonetisk trening ville eg rett nok ha sagt: Det heiter /'fɛsk/, ikkje /'fæsk/. Vi snakkar altså om ein open, midtre, framre vokal som i det artikulatoriske spekteret ligg mellom [e] og [æ] – og truleg vil det vera ein viss variasjon når det gjeld akkurat kor i det spekteret realiseringa av vokalen i «fisk» landar, både mellom og innanfor einskilddialektar i Nord-Noreg. 

Men er det då eigentleg slik at i den grad nordlendingar har lågning i dette ordet, så stoppar lågninga alltid i det auditive spekteret dei fleste vil oppfatta som e-lydar – og aldri fortset heilt til [æ]? Kan det vera slik som Terje Sporsem (@sporsem) uttrykte det på Twitter: «Det finnes voksne folk på østlandet som sier sjøtt og sjylling. Da finnes det garantert noen nordlendinger som sier FÆSK!»

Spørsmålet er empirisk, og ei kjelde til å svara på det, er nettopp det dialektkorpuset eg sat og gravde i den sundagskvelden då så mange andre såg på Halvbroren. Då gravde eg ikkje etter «fesk» versus «fæsk», men no har eg gjort det. Litt sånn fort og gæli, men i alle fall har eg komme opp med følgjande tal: Eit søk på ord som byrjar på «fisk» i bokmålsversjonen av dei transkriberte nordnorske opptaka, gir som resultat at 44 treff er transkribert lydnært som «fæssk», 342 som «fessk» og 220 som «fissk». Då søkte eg berre på opptak frå Nordland, Troms og Finnmark der det totalt er 131 informantar i samlinga. 7,3% av døma var altså transkriberte med æ-uttale.

Så gjekk eg inn og lytta på dei einskilde 44 treffa. Då kom eg til at mange av dei like godt burde ha vore transkriberte med e-uttale. Faktisk var det berre ein ung mann (i grunnen ein gut) frå ein stad midt i Nordland og to eldre frå ein stad sør i Nordland som – i mine øyre – tydeleg produserte «fiskeord» med ein klær æ-uttale. Då sat eg att med om lag 15 eksempel, altså 2-3% av totalen.

Skjermbilete av søkegrensesnitt i Nordisk dialektkorpus

15 døme fordelte på 3 av 131 informantar. Det er ikkje spesielt mykje. Eg gjekk då vidare og såg litt meir på dei to eldre frå staden sør i Nordland. Sjølv om dei altså produserte fleire døme med (for meg) klar æ-lyd, viste det seg at dei også hadde mange døme med e-lyd – døme som både var transkribert med «e» og som også eg oppfatta som e-lyd.

På den andre staden meir midt i Nordland viste det seg derimot at den unge mannen produserte ein del døme som var transkriberte med «e» men som eg meiner like godt kunne ha vore gjengitt med æ-lyd. Og ikkje nok med det: Den unge kvinna frå same stad som guten samtala med, produserte også ein heil del døme som eg meiner kunne ha vore skrive med æ-lyd, det til skilnad frå dei eldre informantane frå same stad som svært tydeleg har «fessk» i alle relevante døme.

Dette er gjort i hurten og sturten no ein måndags føremiddag, og desse opptaka med fri tale i Nordisk dialektkorpus er ikkje optimale for meir grundige fonetiske studiar: Dei fleste fonetikarar vil nok ikkje vera nøgde med lydkvaliteten på opptaka. Og så har eg jo ikkje heller sjekka ut alle dei 342 tilfella med «fessk» om dei heller burde ha vore transkriberte som «fæssk». Men konklusjonen av denne lynstudien er allikevel forholdsvis klar: Uttalen «fæsk» er definitivt ein raritet i nordnorske dialektar  – at to unge informantar frå ein stad i Nordland synest å ha den, er i beste fall oppsiktsvekkande og verdt å følgja med på.

Med andre ord: Myten står førebels ved lag – det heiter «fesk», ikkje «fæsk» i nordnorsk! 

Powered by Labrador CMS