Fleire språk til fleire!

Råd om fleirspråk på nett
I dag 14. juni blir den nettbaserte rådgivingstenesta Flere språk til flere lansert på ei tilstelning på Tromsø bibliotek og byarkiv. Bak Flere språk til flere står ei gruppe språktileigningsforskarar ved Center for Advanced Study in Theoretical Linguistics (CASTL) og Institutt for språkvitskap ved Universitetet i Tromsø. Flere språk til flere er tilknytt den tilsvarande informasjonstenesta Bilingualism Matters driven av professor Antonella Sorace ved University of Edinburgh. (Sorace er også professor II ved UiT; sjå dette blogginnlegget mitt frå 2009.)

To- og fleirspråklegheit er eit gode
Målet med Flere språk til flere er å gi forskningsbasert informasjon til foreldre og skular/barnehagar med to- og fleirspråklege born. Den viktigaste bodskapen er at to- og fleirspråklegheit er eit gode både for dei individa det gjeld og for samfunnet dei er ein del av. Internasjonal forsking dei siste par tiåra har dokumentert ulike positive sider ved tidleg og livslang tospråklegheit, noko to kollegaer og eg gjennomgår i ein kronikk i dagens Nordlys. (I påvente av nettpublisering kan de lesa ein faksimile av kronikken her.) 

Nasjonalt tiltak
Arrangementet på Tromsø biblotek og byarkiv i dag kl. 17.00-19.00 er ope for alle interesserte. Vi forventar sjølvsagt ikkje tilreisande frå andre delar av vårt vidstrakte land, men nettsidene til Flere språk til flere og rådgivinga vår er på ingen måte eit lokalt tiltak – vi er ei teneste for det ganske land, og vi vil formidla både den forskinga på to- og fleirspråkleg språktilegning som føregår ved Universitetet i Tromsø såvel som andre stader i verda. Så difor: Bruk oss, kontakt oss og sprei nyheiten om oss!

 

Sjå pressemelding frå Universitetet i Tromsø om Flere språk til flere.

Følg Flere språk til flere på Twitter via profilen @flersprak.