Forskerforbundet og mellombels tilsetjing

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I løpet av det siste dryge året har tre meriterte unge forskarar frå det språkvitskaplege miljøet ved UiT gått frå det usikre tilveret som vitskaplege lausarbeidarar til faste stillingar i sentraladministrasjonen ved universitetet. Samtlege har vore gjennom postdok-periodar og sidan hatt andre prosjektstillingar eller vikariat. Dei er internasjonalt kjende for sine arbeid. No har dei valt å gå i ei anna yrkesmessig retning. Kvifor? Ein av dei sa til meg at han orka ikkje meir. Han ville ha tryggleiken. Han var lei av den evige søknadsskrivinga. Ei anna fortalde meg at ho var svært nøgd med bytet, ikkje minst fordi det var så godt å vita at arbeidsdagen var over i det ho forlot kontoret. I tillegg til at det sjølvsagt var trygt og godt.

Tysdag 2. november arrangerer Forskerforbundet forskningspolitisk seminar på Hotel Bristol med temaet “Midlertidig tilsetting i forsknings-Norge”. Møteleiar er sjølvaste Geir Helljesen og programmet er fullt av toppar i norsk politikk, organisasjons- og universitetsliv med statsråd Tora Aasland som den viktigaste krumtappen. Det blir nok eit riktig flott show! Heilt sikkert verd prisen på kr. 700 inkl. lunsj.

Eg kan ikkje sjå nokon mellombels vitskapleg tilsett på programmet. Men det er klart – dette er jo eit politisk seminar, må vita. Problemfeltet – i den grad det er eit problem – vedgår jo systemet, institusjonane, ikkje enkeltindivid. Det spelar mindre rolle kva for tankar og erfaringar individa det gjeld, har om situasjonen. Og uansett kan jo dei som bestemmer, henta innspel frå denne gruppa på eige initiativ. Ein treng jo ikkje få ein mellombels tilsett til å komma og fortelja om korleis det er å vera det og kva for tankar ein då får i hovudet! Det er jo like lite relevant som det er å få barnehageforeldre til å komma og snakka om sine tankar og erfaringar når ein skal diskutera barnehagepolitikk. Ikkje sant?

Vel. Sjølv er eg 42 år og mellombels tilsett ved UiT på ellevte året (samanhengande sidan hausten 2001). Når vi tek med stipendiatperioden min ved UiB og eit semester i Umeå, har eg vore mellombels tilsett vitskaplege stillingar i 15 år. Faktisk har eg aldri hatt noka fast stilling nokon stad. Ikkje har eg søkt så mange heller, for det har vore lite å søka på (og nokre stillingar er så obskurt utlyste at ein rett og slett ikkje får dei med seg). Men eg klarar meg godt og tykkjer eg får utretta fornuftige ting. Professorkompetanse er eg òg blitt tilkjent ved eit høve, så det kan jo ikkje vera så hakkande gale med den vitskaplege produksjonen. Eg tenkjer rett nok i mellom flekkane, som dei seier her nord (“imella flekkan”), at eg kanskje burde slå inn på noko anna eg òg. Viss eg kan brukast til noko anna, då – det er jo òg eit spørsmål.

Powered by Labrador CMS