Førstegenerasjons nordmann

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Måndag 19. juli køyrde eg bil oppover «sørlandske» (E-18) mot Oslo. I baksetet underholdt ungane seg med DS, Donald, prinsesseblad og slikt. Eg og kona høyrde på radio. Dette var dagen då Knut Arild Hareide (KrF) fekk merksemd for utspelet sitt om å erstatta termen «andregenerasjons innvandrar» med «førstegenerasjons nordmann»

Som ein ropar i skogen…
Så kom Radioselskapet (P2) på lufta. Og kven hadde dei ringt for å få ein kommentar på utspelet? Jau, professor emeritus Finn-Erik Vinje vart henta inn frå pensjonisttilveret sitt for å seia at han tykkjer det heile er noko «anstaltmakeri» og berre eit «slag i lufta». «Men», forstatte Vinje, «det er jo sympatisk, da, og Hareide er jo en sympatisk mann, og han har de aller beste hensikter. Han mener jo at man ved å omdøpe disse gruppene, så skal man gjøre det lettere for dem å leve i landet». Så fekk Vinje fortsetja i eit par minutt med å leggja ut om m.a. kvifor han tykkjer politikarar har overdriven tru på A) at dei ved å gå inn for slike språklege endringar kan oppnå noko som helst og B) at dei i det heile teke er i stand til å endra språket. 

Radioselskapet kunne vel ha ringt til nokon annan enn Finn-Erik Vinje, men kanskje var dei ute etter nettopp ein dei visste ville bagatellisera utspelet til Hareide.

Sinn und Bedeutung
I motsetnad til Vinje trur eg ikkje Hareide er så tosken at han trur eit termbyte åleine vil føra til omfattande positive endringar for nordmenn med innvandrarbakgrunn. Symbolske effektar er like fullt også viktige. Det handlar om perspektiv og det handlar om semiotikk. Eit halvfullt vassmagasin er strengt tatt det same som eit halvtomt eit, men perspektivet er ulikt.

Lat oss ta det systematisk: «andregenerasjons innvandrar» og «førstegenerasjons nordmann» kan begge referera til den same gruppa av menneske og slik sett ha same denotasjon. Men konnotasjonane er forskjellige. Det første uttrykket knyter an til omgrepet «innvandrar», dvs. ikkje-nordmann og «unorskdom», medan det andre knyter an til omgrepet «nordmann» og dermed norskdom. «Førstegenerasjons nordmann» er inkluderande. Det er «oss» – «andregenerasjons innvandrar» er «dei andre».

For dei som kjenner sin Frege, er dette «morgenstjernen er aftenstjernen», uttrykka som begge viser til Venus, men med ulikt perspektiv  (og ulik verds(roms)forståing – Venus er jo ikkje ein gong ei stjerne!). Uttrykka har same referanse (‘Bedeutung’) men ulikt innhald (‘Sinn’). 

Språkleg drahjelp
Litt ute i Radioselskapsintervjuet innrømmer Vinje at slike termbyte kaaaaaanskje har ein effekt nett i byrjinga, men etter kvart vil koplinga mellom innhald og referanse ikkje vera noko ein reflekterer over. Med andre ord: konnotasjonane vil bleikna. 

Det kan eg vera einig i, men akkurat denne umiddelbare effekten er verdifull. Språket vil, i ei tid framover – kanskje nokre år – kunna hjelpa oss alle til å sjå den store gruppa av nordmenn fødde av innvandrarar primært som nordmenn. Og ikkje som ikkje-nordmenn. Språket kan ikkje greia det åleine, men det kan gi god drahjelp. 

Dette er ikkje noko anna enn at det kjønnsnøytrale leiar har erstatta formann parallelt med at likestillinga har skride fram. Som siste parti innførte også FrP i fjor den kjønnsnøytrale nemninga, og då er me vel komne så langt at effekten er brukt opp. Men ga det kanskje ikkje litt drahjelp medan det stod på?

Ikkje nytt forslag
Forslaget om å innføra «førstegenerasjons nordmann» er ikkje nytt og sjølv om KrF no løftar det fram, kan dei ikkje ta all ære for det. Termen – rett nok samskriven («førstegenerasjonsnordmann») – er med i ei rettleiing frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet frå august 2007. Det er vel grunn til å tru at dåverande politisk rådgivar Hadia Tajik  (Ap) hadde eit ord med i laget: I eit intervju med Dagens Næringsliv frå mars 2008 seier at ho i alle fall at ho heller kallar seg nettopp «førstegenerasjons nordmann» enn «andregenerasjons innvandrar». (Tajik har lagt ut intervjuet på si eiga heimeside her.)

Statistikk og framtida
Statistisk sentralbyrå (SSB) prøvde seg visst ei tid med termen, men som det framgår av denne artikkelen i Morgenbladet frå november 2008, vart det problematisk og dei droppa han.

Nye termar treng tid til å gå seg til. At SSB ga opp, er ikkje eit argument for å ikkje prøva igjen – kanskje var dei berre litt for tidleg ute.  

 

 

Powered by Labrador CMS