Grattis, Fredrik!

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I dag vart det kjent at Fredrik Skavlan er blitt tildelt Foreningen Nordens språkpris for sin innsats for auka medvit omkring det skandinaviske språkfellesskapet. Prisen er etter mi meining vel fortent!

Minkande grannespråksforståing
I undersøkinga «Internordisk språkforståelse» som vart gjennomført i perioden 2002-2005, koordinert av Lars-Olof Delsing ved Lunds universitet, vart det slått ganske eintydig fast at det går i feil retning med grannespråksforståinga i Norden. Samanlikna med Øivind Mauruds rapport «Nabospråksforståelse i Skandinavia» frå 1975 kunne ein påvisa at ungdommar i Danmark, Noreg og Sverige omlag 30 år seinare var dårlegare til å forstå dei andre skandinaviske språka.   

Nordisk språkkoordinering
Rapporten frå prosjektet, «Håller språket ihop i Norden», la eit grunnlag for handling, og sidan den gong har Nordisk ministerråd fått på plass ein nordisk språkkordinator, norske Bodil Aurstad, og eit eige sekretariat for det nordiske språksamarbeidet, Nordisk Sprogkoordination. Foreningen Norden har elles nyleg lansert kampanjen «Bruk skandinavisk!», og ulike krefter arbeider for ein felles nordisk TV-kanal med vekt på kultur (sjå t.d. denne artikkelen i Svenska Dagbladet). 

Minste motstands veg ber galt av stad!
Det er mange utfordringar for det nordiske språkfellesskapet, og den største utfordringa er haldningane til einskildindivida. Det er lettare no enn før å styra unna situasjonar der ein må forhalda seg til grannespråka. Auka kunnskapar i engelsk senkar barrieren for å ty til dette språket når det buttar litt imot i forståinga av grannespråket. Emil og Pippi kjem på DVD med norsk tale, og det er fort gjort å velja det framfor å la ungane høyra på originalspråket. Minste motstands veg er alltid den lettaste om ein ikkje har litt ekstra motivasjon!

Felles offentlegheit gir språkfellesskap
Og her kjem Fredrik Skavlans bidrag inn. Gjennom det populære prateprogrammet sitt (‘talk show’et’) er han med på å skapa ein felles norsk-svensk offentlegheit, ein arena der dei to språka møtes for store delar av begge lands befolkning. Det er noko heilt anna enn eit teksta intervju no og då eller ein populær TV-serie på eit av grannespråka. 

Det er ein slik fellesnordisk offentlegheit som må byggjast opp dersom språkfellesskapet fortsatt skal ha ein trygg basis. Felles offentlegheit og felles populærkultur. Det vil gi einskildindivida motivasjon til å ønskja å forstå dei andre menneska som relaterer seg til desse fellesarenaene. 

Det neste steget i den retninga blir kanskje at Skavlan etter kvart også blir sendt i Danmark? Stao pao, Fredrik! 

(Forsidefoto: Foto: Mårten Levin, SVT/ANB)

 

Powered by Labrador CMS