Haitian Creole: om språk og demokrati

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Eg har aldri vore i Haiti. Eg kjenner ikkje så mykje til landet heller. Men nokre minutt surfing på nettet gir nok informasjon til å skjønna at oppi all jordskjelvelendigheita er også språksituasjonen der verd litt merksemd. 

Haiti har to offisielle språk: Haitisk og fransk. Haitisk hadde ifølgje språkdatabasen Ethnologue i 2001 6,96 millionar morsmålstalarar i Haiti (sjå her). I tillegg finst det på grunn av emigrasjon om lag ein million talarar andre stadar i verda.

Talet på morsmålstalarar av fransk i Haiti var i følgje språkdatabasen om lag 600 i 2004, eller altså under 0,1 promille av den totalte befolkninga. (For alt eg veit, finst det langt fleire morsmålstalarar av fransk i Noreg.)

Haitisk er eit franskbasert kreolspråk og på denne sida kan de sjå ein smakebit av språket. I følgje engelsk Wikipedia blir haitisk ofte rett og slett kalla Creole eller Kreyòl. Eit kreolspråk er kort sagt eit språk som oppstår på basis av ein pidgin, det vil seie eit blandingsspråk med avgrensa vokabular og forenkla grammatikk, når borna til pidgin-talarane tek det i bruk som deira eige språk. Når det skjer, vil det utvikla seg eit rikt vokabular og ein fast og kompleks grammatikk for språket.

For haitisk sin del skjedde dette på 1700-talet i møtet mellom den franske kolonimakta og slavar med språk frå ulike delar av Vest-Afrika og med tilsig også frå andre språk slik som spansk, arabisk og engelsk. Men haitisk – som altså ikkje berre er ein avart av fransk – fekk status som offisielt språk først i 1961. Då hadde Haiti vore sjølvstyrt i over 150 år. 

Å dømma etter ein kommentar i oppslaget i Ethnologue, har haitisk framleis lågare sosial status enn fransk i landet. Utan at eg veit kva haitianarar sjølve føler i forhold til denne språksituasjonen, vil eg tru det ikkje er spesielt gunstig for dei at fransk har ein slik opphøga status:

Ethnologue oppgir at talet på lese- og skrivekunnige i Haiti er 23-33 prosent, og viss morsmålet til innbyggjarane har ein svak og stigmatisert skriftspråkskultur, er ikkje det noko godt utgangspunkt for å betra på analfabetismen.

Haitisk er det mest utbreidde kreolspråket i verda (igjen i følgje engelsk Wikipedia). Det har fleire morsmålstalarar enn norsk, men nyt altså ikkje noka priviligert stilling i det landet der det vert snakka av så godt som heile befolkninga.

Ein god språkpolitikk er også viktig for demokratisk utvikling, og på sikt, når jordskjelvofra har fått den første elementære naudhjelpen og gjenoppbyggjinga av landet tek til, håpar eg haitianarane får hjelp også til å styrka sin eigen skriftspråkskultur.

Powered by Labrador CMS