Hrafninn flýgur ekki lengur

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Gunnar Hrafn Hrafnbjargarson

Eg vil fortelja dykk om min ven og fagfelle, Gunnar Hrafn Hrafnbjargarson. Han vart fødd 29. september 1975, dagen før min eigen sjuårsdag, som yngstemann i ein syskjenflokk på fire. Han voks opp på Kópasker og i Reykjavík på Island. Torsdag 4. august i år døydde han då han saman med to kameratar var på snorkling ved Øresundsbrua i Skåne. Han vart knapt 36 år gamal og etterlet seg kone og to born.

Gunnar vart ført til grava fredag 19. august frå Maria Magdalena kyrka i Lund i ein seremoni med berre dei aller nærmaste til stades. Vi andre må finna andre måtar å ta farvel med han på. Dette er min. 

Fagleg handyman
Gunnar var ein heilt sentral deltakar i det nordiske dialektsyntaksprosjektet (ScanDiaSyn) som eg har vore primus motor for dei siste drygt åtte åra, og vi jobba tett saman, særleg i den første fasen av prosjektet. Han spelte ein svært viktig rolle og då ein type rolle som ikkje alltid får den store merksemda, men som er, når det kjem til stykkjet, svært viktig for at slike prosjekt skal lukkast.

På denne tida – i slutten av august – for seks år sidan var Gunnar med meg til heimbygda mi, Leikanger. Han var med for å hjelpa til med dei siste førebuingane til det første Grand Meeting for Scandinavian Dialect Syntax. Han hadde då arbeidd for dialektsyntaksprosjektet i eitt år som tilsett ved Tekstlaboratoriet ved Universitetet i Oslo, og vi andre hadde for lengst oppdaga dei mange kvalitetane han hadde, både som ein dyktig språkforskar, og dessutan også som “fiksar”, som fagleg handyman, som ein som la til rette og fann praktiske løysingar på større og mindre utfordringar.  

Hjelpsam og sosial
Den gongen i 2005 kom Gunnar og eg køyrande over fjellet frå Oslo eit par dagar før det store innrykket og jobba på spreng med å ferdigstilla materiell til det fire dagar lange møtet der 50 språkforskarar frå heile Norden – ispedd nokre nederlendarar og italienarar og slikt – skulle komma saman og for alvor sparka i gong innsatsen for å kartleggja, dokumentera og utforska grammatisk variasjon i det nordiske språkområdet. Vi budde heime hjå mor mi, og ikkje nok med at vi stod på med møteførebuingar: Den visne blomeskråninga framfor huset trengte å slåast, og Gunnar var snar med å tilby seg å ta stuttorven fatt. Det var Gunnar i eit nateskal: alltid villig til å ta på seg oppgåver.

Stormøtet vart ein suksess og det danna mønster for slike årlege nettverksmøte rundt om på ulike stader i Norden dei påfølgjande fem åra. Gunnar kan sjølvsagt ikkje få all æra for det, men i tillegg til praktisk hjelp holdt han to faglege presentasjonar og sang rímur i lystig lag på avslutningsmiddagen på Henjatunet Gardsrestaurant – video av det følgjer her. Han var med andre ord ein godt integrert møtedeltakar, ein som bidrog både fagleg og sosialt!

"ScanDiaSyn-banneret"

Åra med nordisk dialektsyntaks
Og slik skulle det fortsetja. Det blei etter kvart mange møter og mange reiser til ulike stader i Norden. Senja, Nord-Troms, Älvdalen, Færøyane og så vidare. Ja, eigentleg hadde det byrja før, allereie då Gunnar møtte som representant for Aarhus Universitet på det første planleggjingsmøtet for prosjektet i Lund i mars 2003. Eg har leita fram e-posten der han høfleg skreiv til meg i forkant: “Sæll Øystein, ég var að velta því fyrir mér hvort ég mætti koma og taka þátt í fundinum í Lundi þann 7. apríl…” (‘Hei Øystein, eg lurte på om eg kunne få komma og delta på møtet i Lund den 7. april…’)

Gunnar var den første som vart direkte tilsett i prosjektet. Det skjedde hausten 2004, og med fersk doktorgrad i sekken flytta han frå Århus til Oslo og jobba ved Tekstlaboratoriet ut 2005. Våren 2006 kom han til Tromsø, det første halvåret som universitetslektor (vikar på nordisk), og deretter som forskar i Nordic Center of Excellence in Microcomparative Syntax (NORMS) med arbeidstad ved CASTL. I Tromsø møtte han kjærleiken, gifta seg og fekk ei dotter med lingvistkollega Anna-Lena Wiklund, og hausten 2009 flytta dei til Lund der Gunnar fortsatte som NORMS-forskar ut 2010. (Kronologien i prosjektet kan ein elles sjå på denne sida.)

Språklæraren
For meg vart samarbeidet med Gunnar heilt spesielt. I tillegg til at vi jobba tett saman om prosjektet, fekk eg ein islending å øva islandsken min med. Eg snakkar alltid islandsk med islendingar, men Gunnar var av den typen som orka å rettleia meg og seia ifrå om feil eg gjorde. Og eg kunne alltid spørja han om grammatiske forhold eg lurte på. Det kjem eg alltid til å vera takksam for – takk vera han auka eg islandskkunnskapane mine, både innsikt i språket og praktiske ferdigheiter.

Gunnar sjølv var snar å plukka opp ulike nordiske språk. Han tilegna seg dansk i Danmark og norsk i Noreg og svensk i Sverige, og sjonglerte etter kvart mellom desse tre i sin omgang med skandinavar. Færøysk meistra han også, tysk likeså, og han gjekk ikkje av banen for å leika seg med ulike dialektar frå det skandinaviske fastlandet. 

Husøya på Senja i november 2006 (Foto: Gunnar Hrafn Hrafnbjargarson)

Førehandsinnspelte spørjeskjema
Det er mange døme på store og små praktiske bidrag Gunnar kom med til prosjektet. Han laga ein dynamisk bibliografidatabase for nordisk dialektsyntaks og han sette opp og redigerte nettsidene til NORMS. Det var i det heile ei stor lukke at han var langt over middels interessert i datatekniske problem og i tillegg hadde eit stort talent for formgiving. Det høyrer også med til det siste at vi gjennom han fekk heimesidebanneret til både ScanDiaSyn og NORMS (sjå ovanfor) laga av ein av Noregs (og Islands) fremste formgivarar, hans eiga søster.

Eit svært konkret praktisk bidrag frå Gunnar har sidan vorte ein godt integrert metodisk del i ScanDiaSyn. Då NORMS arrangerte dialektologisk feltarbeid på Senja hausten 2006, vart det nemleg snakka ein del om at det hadde vore fint om eksempelsetningar i eit spørjeskjema hadde vore spelt inn på førehand med lokal uttale, dvs. slik at feltarbeidaren ikkje trengte å lesa dei opp for kvar informant, men i staden kunne spela dei av frå opptak. Dette fann Gunnar raskt ei praktisk løysing på – på “base camp” i Mefjordvær tok han Mac’en sin og satte seg ned med ingen ringare enn poeten og språkforskaren Helge Stangnes og kollega Merete Anderssen, begge frå Senja, gjorde opptak med Audacity, klipte og mekka på filane, ga dei nummer og la dei inn i iTunes for enkel og systematisk oppspeling ute i felten. Andre kunne sikkert ha gjort noko tilsvarande, men Gunnar var den som der og da hadde den praktiske kunnskapen og som fekk det gjort.

Sidan den gongen har førehandsinnspelte spørjeskjema vore ein integrert del av metoden i datainnsamlinga i Noreg og Sverige, og etter kvart ser vi at metoden også blir brukt i tilsvarande prosjekt i andre land der vi kan mistenkja at inspirasjon er henta frå det nordiske prosjektet.

Vitskapsmannen
Gunnar disputerte ved Aarhus Universitet i 2004 på oblike subjekt og stilistisk inversjon i eldre nordisk og engelsk. I dialektsyntaksprosjektet arbeidde han med modalverb og med upersonlege konstruksjonar før han etter kvart fordjupa seg meir i spørsmål knytta til V2-fenomenet og plassering av finitt verb i nordiske varietetar.

VP-fronting i færøysk (Foto: Gunnar Hrafn Hrafnbjargarson)

I Tromsø vart Gunnar ein del av ein fagleg kvartett – the Fabulous Four eller Firarbanden om ein vil – som har sett spor etter seg i nordisk og germansk syntaksforsking. Saman med Kristine Bentzen og Þorbjörg Hróarsdóttir kasta Anna-Lena og Gunnar seg over problematikken rundt finitt verbflytting i nordiske språk, og lanserte nye og banebrytande analysar av grunnleggjande ordstillingsforskjellar mellom islandsk og skandinavisk, særleg det at islendingane seier Eg lurer på om Jon las aldri den boka medan dei færraste skandinavar gjer det. Samarbeidet resulterte i ei rekkje internasjonalt publiserte artiklar og fleire er også under publisering. Gunnar hadde fleire forskingsprosjekt gåande den siste tida i Lund – mellom anna hadde han byrja å orientera seg mot nevrolingvistisk forsking. Det er useieleg trist at ein lovande forskarkarriere enda så brått.

Bloggaren
Gunnar var også den som vekte mi interesse for blogging. Han hadde ei kunstnarisk åre, og den tok han ut gjennom vevdesign og blogging. Han hadde tidleg, i alle fall frå 2003, sin eigen private blogg som han førte på islandsk og som nok først og fremst var meint for familie og vener. Der hadde han eit skråblikk på livet sitt i Noreg og på Island sett utanfrå, ofte kunstnarisk illustrert med foto og anna. Det var mykje humor og raffinert sarkasme på bloggen til Gunnar, og for oss som las innlegga, vart det tidt drege på smilebandet, stundom også gapskratta.

Inspirert av bloggen til Gunnar, føreslo eg at vi skulle oppretta ein prosjektblogg for ScanDiaSyn, rett nok av den meir seriøse sorten, og Gunnar hjelpte meg med dette som med så mange andre ting. Det byrja i det små seinhaustes 2005 med praktiske notisar og beskjedar til deltakarane i samarbeidet, men utvikla seg til å bli ein stad for feltrapportar og resymé frå ulike aktivitetar i prosjektet. Når eg seinare har enda opp som bloggar på forsking.no, har eg Gunnar å takka for å ha vist vegen inn i blogginga.

Sigurbjörn – með æðiber í rassi


Ramn og namn – feminisme og fiksjon
Gunnar var ein samansett person, slett ikkje noko A4-menneske. Han var feminist. I ung alder skifta han etternamn og valde utåt å vera son til mor si, Hrafnbjörg. Det er ei sterk markering i eit land der systemet er at ein blir nemnt som son eller dotter til far sin.

No, i minneord på nettet, har eg oppdaga at han den siste tida målbar meiningane sine om likestilling under pseudonymet “Sigurbjörn – með æðiber í rassi” – ein sjølvstendig tobarnsfar med doktorgrad i dansk og mykje livserfaring som er interessert i matlaging og å stryka klede. Som ei motvekt til Sigurbjörn dikta han opp personen Hnallþór Folkason til å komma med kameratslege kommentarar på blogginnlegga til Sigurbjörn.

“Krummi” var ei anna nemning Gunnar brukte frå tid til anna – krummi er eit anna ord for ‘ramn’ på islandsk og blir gjerne brukt som kjælenamn for dei som har “Hrafn” i namnet sitt. På Flickr var han “Ratatoskur”, ekornet som fer opp og ned verdstreet Yggdrasil med beskjedar frå den eine verda til den andre.

Det dei færraste veit, er at Gunnar skifta etternamn endå ein gong i livet. Då han gifta seg med Anna-Lena, registrerte han seg offisielt med hennar etternamn, Wiklund, men slik eg forstod det, var det meir eit praktisk val enn eit utslag av feminisme: Islandsk fonologi er ei utfordring for nokon kvar, og etter eit tiår i utlandet var han nok lei av alle komplikasjonane “Hrafnbjargarson” ga han i møtet med det offentlege. 

"Krummi – utsnitt av gruppebilete"


Venskap og sakn
Gunnar for vide i livet. Han gjorde ikkje skam på mellomnamnet sitt – han var ein ramn på jakt etter kunnskap. Etter ein BA i lingvistikk frå Islands universitet, studerte han i Stuttgart og i Århus, og sidan jobba han altså i Oslo og Tromsø og Lund. Han knytte venskap og kjennskap med mange på sin veg både på jorda og i den virtuelle verda. Han fekk eit stort nettverk både i Norden og internasjonalt og han vart sett stor pris på av mange.

Etter at han stifta familie, blei det naturleg nok mindre reiseverksemd – han prioriterte familielivet med Ragna, Tycho og Anna-Lena høgt og la mykje av den sosiale innsatsen alle vi andre hadde fått glede av, der. Og etter at dei flytta til Lund, vart det lite samkvem mellom Gunnar og meg. Det har vore eit sakn for min del. Saknet er no endå sårare.

Blessuð sé minning þín, Krummi. Ég mun aldrei gleyma þér!

Powered by Labrador CMS