"Hvem blogg liker du best?"

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Ein møter ofte sterke oppfatningar om kva som er “korrekt norsk”. Sitatet brukt som overskrift her (henta frå denne sida) vil nok dei fleste rekna som “feil norsk”, dvs. feil bruk av hvem: Dei vil seia at det skal heita Hvilken blogg…. Dei grammatisk skulerte vil vidare kunne seia at hvem i norsk er eit pronomen (dvs. står åleine) og ikkje eit determinativ (dvs. står i lag med eit substantiv).

Mange får tydlegvis fnatt i møte med dette fenomenet, altså “determinativt hvem”. Her er nokre sitat henta frå veven:

“Folk som sier hvem bil eller hvem i stedet for hvilket mishandler det norske språk[. …] Må alle “hvem-ere” brenne i helvette! [sic!]”.

“Hvem bil er jo direkte feil…… Det skjærer i ørene…..”

Hvorfor i alle dager er det blitt så vanlig å bruke feil spørreord i setninger? Jeg ser mange som skriver “Hvem bil?”, “Hvilken tog?”,[…] “Hvem firma?”. Jeg trodde det å bruke riktig spørreord var verdens enkleste sak. Hvorfor gjør folk slikt?

Hvem bil o.l. høres bare latterlig ut, men det som er skremende [sic!] er at de som skriver det faktisk tror at det er rett…

Eksempelet tidligere i tråden var “hvem by”. Fortell meg hvem som ikke vet at det er feil. I min dialekt uttales det “kas” eller “kalla” i stedet for hvilken, men tro det eller ei, jeg vet at det ikke er korrekt rettskrivingsmessig” 

Det er ufatteleg mykje i same lei som dette å finna på nettet. Berre søk på “hvem bil”, “hvem by” osv. og sjå kva du finn!

Eit interessant grammatisk fenomen
For meg er determinativt hvem eit utruleg interessant grammatisk fenomen. Det går rett inn i det som er fokus for forskinga mi for øyeblikket, nemleg form, funksjon og bruk av spørjeord i nordiske språk og dialektar, og i andre språk også. Ein grunn til at eg tykkjer fenomenet er interessant, er at det er slett ikkje uvanleg i ulike språk og dialektar at ordet for ‘hvem/kven’ er det same som ‘hvilken/kva for ein’. Ein annan er at dei som brukar ‘hvem’ determinativt, har eit litt anna grammatisk system enn dei som berre brukar ‘hvem’ pronominelt. Begge delar gir meg som lingvist noko å fundera på, og før eg utdjupar dette nærmare, kan eg kort fortelja korleis eg vart fagleg oppmerksom på fenomenet – som eg strengt tatt kjende til frå eigen eksponering for sentralaustnorsk talemål i barndommen. For determinativt hvem er utbreitt i austnorsk talemål, omtrent i “dialektar i kystnære område frå Oslo og sørover til sørlandsk i vest og svensk i aust”.

Åssen bil
For nokre år sidan byrja eg å fundera mykje på bruken av ‘hvordan/åssen/korleis’ saman med substantiv som i Åssen bil har du?. I nokre dialektar kan dette berre tyda ‘Hva slags bil har du?’, dvs. med type-lesing, og ikkje ‘Hvilken bil har du (i dag)?’, dvs. med eksemplar-lesing. Men i andre dialektar er det heilt kurant å bruka ‘hvordan/korleis’ med begge lesingar – på tromsødialekt kan ein t.d. seia både Korsn bil har du? (type-lesing) og Korsn bil e din? (eksemplar-lesing). Dette, samt undersøkingar av den indre strukturen til ‘hvordan/korleis/åssen’ fekk meg inn på funderingar om hvilken som i sitt historiske opphav tydde ‘kva slags’ (type)(sjå nedanfor), men som no typisk gir eksemplar-lesingar (altså ‘kva for ein’). Og så kom eg til bruken av hvem istadenfor hvilken: For i dei dialektane som har dette, gir spørsmål med hvem pluss substantiv eksemplar-lesingar snarare enn type-lesingar. Og i grunnen er hvilken ein framand fugl i norske dialektar, i alle fall i akkurat den utgåva av ordet, men det kjem eg attende til nedanfor.

Frå hverr hestr til hvem bil
‘Hvem’ og ‘hvilken’ er (meir eller mindre) det same ordet i språk som gresk, serbisk og bulgarsk. Det er òg det same ordet i vårt eige språk viss vi går 1000 år tilbake i tid: I norrønt var det slik at dersom ein ville etterspørja ein bestemt ting (dvs. eit eksemplar), ville ein nytta determinativet hverr. Setninga Hverr maðr á hestinn? tyder ‘Kva for ein mann eig hesten?’, altså ‘Hvilken mann…’. Setninga Hverr á hestinn? tyder derimot ‘Kven eig hesten?’, altså ‘Hvem eier hesten?’. Så hverr i norrønt er altså både determinativ og pronomen akkurat slik som i austnorske dialektar der ein kan seia både “Hvem hest eier mannen?” og “Hvem eier hesten?”! Eg kan (førebels) ikkje dokumentera at determinativt ‘hvem’ har funnest på Austlandet sidan vikingtida, men heilt nytt er det i alle fall ikkje. Amund B. Larsen nemner det i si avhandling om Kristiania bymål frå 1907, og ein finn det nemnt også i andre dialektskildringar frå same tid.

Hvem og hva
Sjølve forma hverr er hankjønn eintal nominativ. I inkjekjønn eintal nominativ er forma hvat. Det siste er det som etter kvart har vorte til ‘hva/kva’ i norsk. Ei anna form, hveim, som er hankjønn eintal dativ, er mest truleg opphavet til ‘hvem’. Så norrønt hverr har altså gitt oss både ‘hvem’ og ‘hva’, og faktisk har det også gitt oss ‘hver/kvar’ som i ‘Hver mann red til tings på sin egen hest’.

Hvilken og hva slags
Skulle ein i norrønt etterspørja ein type snarare enn eit eksemplar av noko, kunne ein nytta ordet hvílíkr. Setninga Hvílíkan hest á maðr? tyder ‘Kva slags hest eig/har mann(en)?’. Liknar ikkje hvílíkan – ytre sett – på ‘hvilken’? Likskapen er meir enn tilfeldig: Opphavet for ‘hvilken’ er nettopp dette ordet (sjølv om det er nokre kompliserande forhold som får liggja i denne omgang), og ein reknar med at tilsvarande ord i andre germanske språk (welcher (ty.), which (eng.), welk (nl.)) har eit felles etymologisk opphav i ein kombinasjon av ‘kva’ pluss ‘lik’, der det siste er eit substantiv som tyder ‘form’ (jf. “eit lik”). Men hvilken i moderne norsk har altså ein annan bruk enn hvílíkr hadde i norrønt: hvilken etterspør eksemplar medan hvílíkr etterspurde type og altså meir tilsvarar ‘kva slags’.

“Hokken ska’n godblonke tel?”
Men hvilken har nok komme inn i moderne norsk frå dansk. Meir heimlege former som etter alt å dømma kjem direkte frå norrønt i den forstand at dei følgjer meir generelle lydendringar i språket, er åkken, hokken, ekken m.fl. Dette er dialektformer. Dei blir ikkje brukte i skriftspråk. Men dei fleste som kan sin Skjæråsen, Prøysen og Sigbjørn Johnsen, veit at hokken og åkken først og fremst tyder ‘hvem’. I nokre dialektar kan åkken (og tilsvarande former) nok berre bety dette, altså vera pronomen, men i atter andre har det også ein determinativ bruk slik at ein kan seia både Hokken eier den bilen? og Hokken bil er din?. Viss nokon er i tvil, er det berre å slå opp på hokken i Norsk Ordbok, bind 5, som kom ut i 2005. (Skjønt “berre”: Det er ikkje kven som helst som har dette eine bindet til ca. 800 spenn ståande i bokhylla og heller ikkje alle forunt å ha grei tilgang til eit bibliotek som abonnerer på verket. Det er ein skam at ikkje dette offentleg finansierte nasjonale prestisjeprosjektet førebels ikkje endar opp med ein allment tilgjengeleg nettversjon, men det får eg heller blogga om ein annan gong.)

Åkken møter hvem
Og her kan det passa å avslutta gjennomgangen i denne omgang med eit geografisk poeng: Området der ein finn hokken, åkken osv. ligg i eit område vest, nord og aust for området der ein seier hvem, nærmare bestemt frå Telemark gjennom nedre delar av Buskerud og Oppland inn i Hedmark og vidare inn i store delar av Midt- og Nord-Sverige og faktisk over til finlandssvenske dialektar, i alle fall tradisjonelt (sjå berre Rietz’ svenske dialektleksikon frå 1860-åra), og framleis brukar altså mange av dialektane i dette området sin variant av ordet både pronominelt og determinativt. Så systemmessig er determinativt hvem del av eit større dialektområde der ‘hvem’ og ‘hvilken’ har same form. Historisk sett er fenomenet også eit uomtvisteleg trekk ved eldre steg av språket vårt, og typologisk sett er det ikkje unikt i verdas språk. Så kvifor er det slett ikkje så uvanleg? Forklaringa synes relativt enkel: Både ‘hvem’ og ‘hvilken’ har den semantiske eigenskapen at dei etterspør eksemplar. I standard bokmål er skilnaden mellom dei to grammatisk og ikkje eigentleg semantisk: ‘hvilken’ er utelukkande eit determinativ medan ‘hvem’ er utelukkande eit pronomen. I dialektar som tillet hvem bil og tilsvarande er ‘hvem’ både determinativ og pronomen. Strengt tatt er ikkje det siste meir spesielt at ‘den’ i veldig mange varietetar av norsk er både determinativ (den signalgule BMW’en) og pronomen (BMW’n? Den står der borte.).

Dagens regelbrot er morgondagens jus
Fleire av gjengangarane i rettskrivingsdebattane er tema som gjeld bruk av og form på funksjonsord slik som vs. når, og vs. å med meir. Hvem for hvilken i bokmål vil falla i denne kategorien, og sjølv om fenomenet kanskje enno ikkje figurerer høgt på topp hundre-listene, har i alle fall ein av våre fremste rikssynsarar på språk og språkbruk, Per Egil Hegge, gitt sitt syn på fenomenet i eit nettmøte i Dagbladet: “Det er ikke korrekt norsk, men vanlig i dialekter og sosiolekter på store deler av Østlandet.” Hegges utsegn vil nok vera dekkande for kva for råd preskriptive grammatikarar vil gi i lang tid framover når det gjeld determinativt ‘hvem’. Men det er slett ikkje utenkjeleg at dette ein gong kan bli korrekt norsk igjen slik det var det i gamal tid.

Powered by Labrador CMS