Jålebukkar i juli og julebukkar i jola

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Gammal månadsnemning

“Dette ordet [jul] er og blir altså en etyomologisk gåte.”

Slik avsluttar Harald Bjorvand og Fredrik Otto Lindemann si tosiders utlegning om ordet jul i boka Våre arveord: Etymologisk ordbok (Novus, 2000). Då har dei allereie sagt bra mykje om kva vi veit og kva vi ikkje veit om dette ordet. Kortversjonen er at ordet er namnet på det førkristne midtvintersblotet og at det kan setjast i samanheng med ord i ulike gamle germanske språk for ein månad (månefase) som tilsvarar alt frå midt-i-november til midt-i-desember til januar/februar. Ut over germansk finn ein ikkje ordmateriale som kan setjast i samanheng med jul, og det er dette som gjer ordet til ei gåte for etymologar, saman med det at ein ikkje kan gi noko eigentleg forklaring på kva dei relaterte månadsnemningane tyder.

Jula er heidensk

Men det som kanskje er det meste spesielle med ordet jul, er at dette gamle heidenske ordet framleis blir brukt på det som no er ei kristen feiring. Andre språk har innført nye ord som meir eksplisitt referer til det kristne slik som Christmas ‘kristmesse’, Weihnachten ‘heilagnetter’, Natale ‘(Kristi) fødsel’ osv.

Korleis kan det ha seg at jul har halde stand som nemning for midtvinterfesten sjølv etter at kristendomen vart innført? Det er vel nærliggjande å tenkja seg at midtvintersblotet var så viktig for nordbuarane at det var lettare for prestar og biskopar å fylla festen med kristent innhald om ikkje dei attpåtil skulle byta ut namnet.

Det framstår då også som ganske sikkert at Jesus slett ikkje var fødd rundt vintersolkverv, snarare ein gong på hausten, men at kyrkja si feiring av fødselsdagen hans etterkvart vart lagt til denne tida så ein kunne ha håp om å få bukt med heidenske feiringar av solsnuen. Rein misjonærtaktikk, med andre ord! (Tilsvarende gjeld sjølvsagt også for St. Hans/Jonsok på hi sida av året.)

Ordet er elles lånt inn i finsk og samisk. I finsk finn vi faktisk to ord som er relatert til jul: juhla, som tyder ‘fest, høgtid’, og joulu, som tyder ‘jul’. Bjorvand og Lindemann er temmeleg sikre på at det første er det eldste lånet, og det passar òg bra med at det har ei meir allmenn tyding. (Desember heiter forresten på finsk joulukuu, dvs. ‘julemånaden’.)

Juli

Eg er sogning. For oss sogningar – i alle fall frå midten av Sognefjorden og innover – er ordet jul problematisk. Det vil seia, det vart eit problem då vi gjekk bort frå å seia jol slik dei framleis gjer t.d. på Voss og i Hardanger. (Jol er den eigentlege norske forma – jul har vi frå dansk.)

Problemet botnar i at sognamaol (frå Balestrand og innover) har delt femininum, og bestemt form eintal av dei “sterke hokjønnsorda” endar på -i, slik som t.d. “sol-i”. Og jul er eit slikt sterkt hokjønnsord – skjønar du teikninga?

Har du no rekna ut kva bestemt form (jula) vil heita på dialekten? Ja, ei setning som Kest du ska vera henne i júli? er faktisk tvetydig og skapar nokre gonger forvirring, særleg i møte med ikkje-sogningar: Er det eit spørsmål om avvikling av jule- eller sommarferie?

Vossingane kjem ikkje opp i slikt problem. Dei er dobbelt sikra – for det første seier dei altså jol og for det andre er bestemtheitssuffikset for sterke hokjønnsord -e: Kor ska du vera i jole/juli?

Språk er kommunikasjon?

Ja, ja, dette er no berre eit døme på at språk ikkje er så godt egna til å kommunisera med. Eg blir like oppgitt kvar gong nokon begeistra og med lysande augo utbryt “Språk er kommunikasjon!”.

Som om dei då har komme med ei verkeleg uttømmande utsegn og det berre er å setja punktum, seia takk og amen. Eg pleier å seia at den ekvasjonen (“språk = kommunikasjon”) er like informativ som å seia at “ein sykkel er eit framkomstmiddel”. Har ein då eigentleg sagt noko om kva ein sykkel er?

Grunn litt på det, folkens! (Og les eventuelt denne diskusjonen mellom Jan Terje Faarlund og Karen Gammelgaard.)

Frå nøytrum til femininum

Vel, tilbake til det feminine ved jula. Altså at det er eit hokjønnsord. (Ja, ok, det er vel enkelte sjeler til og med her til lands som kan finna på å seia julen, men altså…)

På islandsk (og gammalnorsk) er ordet eit nøytrumsord i fleirtal, jól – jólin. Dette må berre lærast, men så lenge ein held seg til nominativ, går det faktisk bra å gjera feil her, for der er femininum eintal og nøytrum fleirtal identisk kva gjeld adnominale ord og suffiks (dvs. adjektiv, bestemtheit o.l.).

Men kasusgrammatikken er nådelaus, og straks ein skal seia “i jula” eller “ynskja nokon gledeleg jul”, må ein til pers – i det siste tilfellet må ein attpåtil hugsa at “gledeleg jul” (gleðilegra jóla) må stå i genitiv (fleirtal) slik verbet óska ‘ynskja’ krev. Huff og huff – eksistensen av kasus i naturlege menneskespråk er òg eit bevis på at språk ikkje er skapt for å kommunisera med!

Men denne koplinga mellom hokjønn eintal og nøytrum fleirtal – i nominativ – er særs robust i nordisk språk, og det er slett ikkje så merkeleg at ordet jul har vandra denne ruta og gått frå vera nøytrum fleirtal til å bli hokjønn eintal.

Eit anna interessant døme er ordet saks. På sognamaol heiter det soks (uttalt “såks”) og det er også eit sterkt hokjønnsord til liks med jul: ei soks – soksi. Men opphaveleg var også dette ordet nøytrum fleirtal, og på norrønt var sax nøytrum eintal og tydde ‘stor kniv eller kort sverd’ (slå det opp i J. Fritzners Ordbog over Det gamle norske sprog viss du er interessert i detaljane).

Fleirtalsforma var sǫx, dvs. med overgang av [a] til [ǫ] (“o med kvist”) pga. u-omlyd, dvs. den same vekslinga som vi enno har ein rest av i barn – born i vår tids nynorsk (og barn – børn i dansk). Vel, kva får du dersom du set saman to knivar? Jau: Ei saks!

Julebukk og jålebukk

Saks blir flittig brukt i adventstida av ungar og andre som lagar julepynt og -gåver. Men ungar som går julebukk i romjula synest det å bli færre og færre av. Ein kan nesten mistenka at halloween-feiringa er i ferd med å erstatta denne gamle skandinaviske skikken. Det ville vera synd – lat oss slå eit slag for julebukktradisjonen!

Bjordvand og Lindemann har i boka si interessante opplysningar om ordet jålebukk. Dei går god for ein påstand frå Ingeborg Hoff (mangeårig tilsett ved Målførearkivet ved UiO) om at dette kan vera det same ordet som julebukk, nærmare bestemt som ein dialektvariant som har gått inn i allmennspråket i ei anna tyding, nemleg som ein utspjåka og jålete mann.

Ord som jål og jåleri kan så ha blitt danna med utgangspunkt i jålebukk. Så også dei orda kan då historisk sett relaterast til jul.

Ordenes veier er ransakelige, mine damer og herrer. I alle fall til ein viss grad. God Jol!

Powered by Labrador CMS