Juleevangeliet på elvdalsk

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Den svenske folkemusikaren Lena Willemark, også ganske kjend i Noreg, kjem frå Älvdalen, nærmare bestemt frå bygda Evertsberg – eller Ävesbjerre som ho heiter på elvdalsk. For nokre år sidan gjekk ho saman med nokre av dei fremste folke- og verdsmusikarane i Sverige og spelte inn plata Jul i Folkton.

Plata vart ein suksess og det same gjaldt for konsertturnéane i adventstida kvart år sidan. I år sende Sveriges Radio P2 live ifrå konserten deira på Rival i Stockholm, og heile konserten kan i eit par veker høyrast frå denne sida. SVT 2 sender dessutan konserten i dag, julafta, kl. 18.00.

Under denne konserten les Lena Willemark juleevangeliet etter Lukas på morsmålet sitt, elvdalsk. Eg har fleire gonger tidlegare blogga om elvdalsk her på forsking.no. Dette målet står i eit genetisk slektskapsforhold (altså, lingvistisk sett) med både svensk og norsk, og som ein varietet av dalmål (målet generelt i Dalarna), kan ein føra ein argumentasjon for at elvdalsk er ein svensk dialekt.

Men skilnaden mellom elvdalsk og “standard” svensk er allikevel mykje større enn skilnaden mellom norsk og svensk. Så viss elvdalsk er ein svensk dialekt, kan ein like gjerne seia at norsk og svensk er dialektar av det same språket. 

Men lat meg ikkje forfølgja det sporet denne gongen. Ta heller og smak på Lenas opplesing som de kan høyra her. Her sit nasalvokalane, dativendingane og personbøyingsmorfema laust! Så kan de heller sjølve tenkja over om dette målet skal reknast som ein dialekt eller eit eige skandinavisk språk slik mange av talarane av målet sjølve føler.

Nedanfor ser de ein transkripsjon av det ho les, som følgjer den gjeldande offisielle rettskrivinga for elvdalsk, utarbeidd av Ulum Dalska – Föreningen för Älvdalskans bevarande. Krok under vokalane markerer at dei er nasalerte. Det er Piotr Garbacz, som snart disputerer ved Lunds universitet med ei avhandling om elvdalsk syntaks, som har stått for transkripsjonen.

Juleevangeliet på elvdalsk, lese av Lena Willemark:

Transkribert til Ulum Dalskas offisielle rettskriving av Piotr Garbacz

1. On tiðę kam eð iett buäð fr֖å tjäjseram Augustus at iel wärdę uld skattskrievas.

2. Ittað war fuost skattskrievnindsę og on add dier mes Kwirinius war an so war öspin i Syrien.

3. D֖֖å fuor oller umstað og ulld lat skattskriev sig, wer og ienn daiti senn stað.

4. So gard Juoseff og, og etesros an war undo diem so ärd Davið til, fuor an fr֖֖å Nasaret i Galileen upi Judeen og upi Daviðes stad, Bettleiem og

5. ulld lat skattskriev sig i lag min Maria. Dier war festfuok og ֖֖å war ֖å sytn.

6. Etersos ֖å war rieð i rå, wart eð so ֖å ulld f֖å krippin me dier war dar.

7. O fikk ien sun og eð war fuost krippin. ֖Å lindeð an og laggd an i ien krubbu, etersos int eð fanns noð inwärn að diem noger eller.

8. Dar i markum war eð geslkaller aut og ųogäs fläð um notę

9. D֖å stuoð eð Ärrames aindsel fromonað diem, og eð stjen ringgum diem, og liuoseð kam fr֖å Ärram, og dier wart gr֖åll autstellder.

10. Men aindjeln saggd að diem: Warið it skerner! Ig kum min buoð at ulið war sturfaingner, ollt fuok ul werd glaðir.

11. I dag ar ien frelser kumið til að ið i staðim Davið, og an ir Messias, Ärrn.
 

Powered by Labrador CMS