Katla og andre svake femininar

Vulkanutbrotet på Fimmvörðuháls, Island, mars 2010. (Kjelde: Wikimedia Commons/Joschenbacher)
Vulkanutbrotet på Fimmvörðuháls, Island, mars 2010. (Kjelde: Wikimedia Commons/Joschenbacher)

Fréttir
I det siste har eg dagleg vore inne på ruv.is for å fretta siste nytt om vulkanutbrotet ved Fimmvörðuháls på Island. Eg tykkjer det er utruleg fascinerande å sjå bileta av vulkanen som spyr ut lava og oske og som smeltar bretungar så dampskyane står hundrevis av meter til vers. Synet av dette og av “hraunfossar” (lavafossar) som stupar ned i trange gjel nedanfor fjellet, er “stórkostlegt” som dei seier, islendingane. Også på YouTube ligg det no etter drygt to veker eit utal med filmar frå vulkanutbrotet.

Norske medier verkar ikkje så veldig opptekne av å følgja med på utviklinga i vulkanutbrotet trass i at det kan endra seg i dramatisk retning dersom den meir potente dama, Katla, byrjar å røra på seg. Som det framgår av denne artikkelen hjå RUV, kan eit utbrot i Katla skapa ein oskevegg i lufta frå Island over til Storbritannia og heilt ned til Italia som vil blokkera all flytrafikk over Atlanterhavet i dette området.

Det svake kjønn
Katla, ja. Det slo meg her at alle dei store, aktive islandske vulkanane er svake hokjønnsord. Katla, Hekla, Askja, Krafla. Det finst unntak, men då er det gjerne samansetjingar (t.d. Grímsvötn, Eldfell) eller eldre vulkanar som hadde siste utbrot for ganske lengje sidan (Laki, Hengill). Svake hokjønnsord er dei som endar på -e i skriftspråkleg norsk og -a i svensk og mange norske dialektar samt på islandsk (i nominativ). Og i dei dialektane som har såkalla “delt femininum”, går skiljet mellom svake og sterke hokjønnsord, kjenneteikna ved ulik ending i bestemt form eintal (t.d. jent-a vs. sol-i).

Kvifor islandske vulkanar er svake femininar, får eg vel spørja mine vener kjønnsforskarane om. (Nei, ikkje Jørgen Lorentzen & co, altså…) I norsk er det forresten mange elvenamn som tilhøyrer denne gruppa. Glomma, Vorma, Begna, Lygna, Gaula, Sjoa, Driva, Vefsna, osv. «Women, fire, and dangerous things», blir vel svaret. Hmmm – vi har jo forresten også Lågen og Namsen; lange, breie hankjønnselvar!

Katla i Sogn
I heimbygda mi finst det ei lita elv som heiter Kotla, eller eigentleg Kotlao etter den lokale uttalen, dvs. bestemt form, for alle svake hokjønnsord får -ao i bestemt form (ai jenta - jentao). Kotla er ei lita sideelv til Grindselvi som kjem ned frå myrane ved Smørkletten og nokre vatn på Skarseggjene. Og Kotla er faktisk akkurat det same ordet som Katla!

Kotla er ei lita sideelv til Grindselvi i Leikanger kommune. (Kjelde: geoNorge/Norge Digitalt)
Kotla er ei lita sideelv til Grindselvi i Leikanger kommune. (Kjelde: geoNorge/Norge Digitalt)

I andre kasus enn nominativ blir Katla til Kötlu, dvs. med u-omlyd på rotvokalen. Produktet av u-omlyd på islandsk er «ö» – på norrønt var det «ǫ», dvs. «o med kvist», og i mange norske mål falt o med kvist stort sett saman med kort «o» til /o/, dvs. ein å-lyd for dei som ikkje er stø i fonetiske teikn.

U-omlydsprodukt
Og svake femininar med ein opprinneleg -a- som rotvokal, har systematisk /o/ i sognemål, og det trass i at det likevel er -a (og ikkje -u) i endinga: rota syner altså u-omlydsproduktet men det som forårsaka u-omlyden, har forsvunne! Så det heiter hoka («håka») for ‘hake’ (islandsk haka - höku), gota for ein ‘liten veg, sti’ (jf. ‘gate’, islandsk gata - götu; dessutan gutu i austnorske mål), tvoga for ‘vaskefille’ (av ‘tvaga’, jf. nordnorsk tua). Og altså Kotla for ‘Katla’.

Det finst forresten nokre velkjende døme på slike u-omlydte svake femininar i nynorsk skriftmål. I farten kjem eg på soge (av ‘saga’) og oske (av ‘aska’)(men elles er visst både gote og tvoge normerte og tillatte innanfor skriftspråket også).

Svake femininar i finsk
Også i det kjønnslause finske språket finn vi desse svake femininane som lånord: Sidan u-omlyden stod sterkast i vestnordisk, vil dei ha ein a i rotvokalen, men til gjengjeld er dei lånt inn i oblik form (truleg frå akkusativ), så dei endar på -u: katu ‘gate’, rappu ‘trapp(a)’, tasku ‘veske, taske’, satu ‘soge’ (muleg etymologi).

KatilaR, ketill, katla
Kotla i Grindsdalen er langt frå noka farleg elv med t.d. ekstraordinær stor flaumstyrke i vårløysinga, og det er ikkje i potensen namnesambandet til den islandske vulkanen ligg. Snarare er Katla/Kotla avleia av same rot som i Kjetil og kjele, dvs. av norrønt ketill som dels tyder ‘kjele’ og dels ‘hjelm’. (Ja, kasserolle på hovudet som hjelm når ein skal leika krig – det er jo velkjent!) Den urnordiske forma av ketill er katilaR, men så kom først i-omlyden og så synkopetida og så geminering av -lR, og etter det var ikkje ordet det same lenger.

Men i alle fall – a-en i rota finn vi att i den urnordiske forma, og sambandet mellom sterk hannkjønnsform og svak hokjønnsform er uomtvisteleg. Og denne grafiske modellen av Katla illustrerer svært godt kjeleforma på vulkanen, ein kjele som i dag er fyllt med is (Myrdalsjökull).

Katla med utbrot under Mýrdalsjökull i 1918. (Kjelde: visindavefur.is)
Katla med utbrot under Mýrdalsjökull i 1918. (Kjelde: visindavefur.is)

Trivial pursuit
Vel, no vart det kanskje litt i overkant mykje trivia for den jamne lesar. Men viss no Katla faktisk får utbrot og dramatikken stig, har du kanskje fått nokre filologiske poeng du kan dra i neste cocktailparty så snart samtalen dreier seg inn på den (ikkje så) svake dama der ute på sagaøya.