Kognitive fordelar med nynorsk?
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
A moment of fame
I slutten av januar i år, då sidemålsdebatten fekk eit kraftig oppbluss og Noregs Mållag fekk ein straum av nye medlemmer, opplevde eg den hittil største merksemda som formidlar nokon gong då eg skreiv innlegget «Er bokmålet rota til alt vondt?» på herverande blogg – om samanfall mellom gode levekår og utbreiinga av nynorsk. Innlegget vart plukka opp av VG Nett som pakka ytringane mine inn på sin umiskjennelege måte («Livet er best i nynorskland»), og det vart sidan fleire spin off-artiklar i diverse aviser og nettpublikasjonar.
Mange reaksjonar
Reaksjonane på blogginnlegget mitt og saka på VG Nett var mange, og mishagsytringar og forsøk på latterleggjering lot ikkje venta på seg. Også kollegaer og fagfolk var kritiske – dels i lukka diskusjonar på facebook-profilen min og dels i kommentarfeltet på blogginnlegget. Begge stader kom diskusjonen til dels inn på mulege overføringsverdiar av resultat frå den internasjonale tospråksforskinga til den norske tospråkssituasjonen med nynorsk og bokmål, og her på bloggen lovde eg å følgja opp med eit snarleg innlegg der eg gjorde nærmare greie for dette.
Landsmøtetale og kronikk
Men tida går, og snart fire månader seinare har det enno ikkje komme noko snarleg oppfølgjingsinnlegg. Det vil seia, ikkje her. Men det eg visste den gongen i januar, var at eg var invitert til å halda landsmøtetale for Noregs Mållag om fleirspråklege fordelar, og det gjorde eg fredag 27. april. Heile talen kan lesast her. Ein kronikk basert på delar av talen vart dessutan lagt ut på Framtida.no i forrige veke («Nynorsk som hjernetrim») og kjem også i nokre andre publikasjonar – og følgjer dessutan her nedanfor.
Forskingsprosjekt på regionale skilnader
Det som også skjedde i april, var at Noregs forskingsråd løyvde pengar til prosjektet Learning Regions innanfor programmet deira «Praksis i utdanning» (PRAKUT). Dette er eit tverrfagleg prosjekt leia av professor Gjert Langfeldt (Universitetet i Agder/Høgskulen i Sogn og Fjordane) der forskarar i samarbeid med skuleeigarar og praksisfeltet skal ta føre seg regionale skilnader i skuleprestasjonar og søka forklaringar på desse. Utgangspunktet for prosjektet er dei oppsiktsvekkande gode skuleresultata i Sogn og Fjordane: Elevar i Sogn og Fjordane gjer det godt på nasjonale prøvar i alle fag trass i lågt utdannings- og inntektsnivå hjå foreldra og trass i liten grad av urbanisering. Avgangsresultata er også gode. (Sjå meir om prosjektet her.)
Bidialektal skriftspråkstrening
I PRAKUT-prosjektet har eg selt inn tanken om at det er vel verd å undersøka den potensielle effekten av at Sogn og Fjordane er det einaste så å seia reine nynorskfylket i landet. Det som då blir spesielt for elevane der, er at så å seia heile elevmassen i praksis tidleg får høg kompetanse i både nynorsk (gjennom skulen og lokalsamfunnet) og bokmål (gjennom storsamfunnet). Til samanlikning møter bokmålselevar nynorsk i svært liten grad før dei startar med sidemål på ungdomsskulen i ein alder av ca. 13 år.
Tverrfagleg meirverdi
Pengane i PRAKUT-prosjektet skal fordelast på mange forskarar og mange delprosjekt, men heldigvis blir det i alle fall litt også til det lingvistiske prosjektet slik at vi i alle fall kan starta opp undersøkingane. Så kan vi håpa på meir støtte etter kvart. Tanken er å gjennomføra testar av kognitive funksjonar på elevar i ulike aldersgrupper i ulike fylke for om muleg å avdekka positive korrelasjonar mellom effekten av variert språkintern stimulering og utvikling av hjernefunksjonar. Det er også aktuelt å undersøka reint språklege fordelar. Det er ein klar styrke at desse undersøkingane inngår i eit større tverrfagleg prosjekt der ein har høve til å halda resultata opp mot resultat frå andre innfallsvinklar til spørsmålet om kva som fører til god læring og gode skuleresultat.
Ikkje berre heimleg interesse
Kanskje blir svaret at det ikkje kan påvisast nokon korrelasjonar mellom nynorsk oppvekst og kognitiv utvikling. Men som eg gjorde greie for i landsmøtetalen til Noregs Mållag og i kronikken nedanfor, er det ein del haldepunkt for å tru at det KAN vera det. Og dersom det viser seg å faktisk vera det, er det naturleg nok av interesse langt ut over vår heimlege språksituasjon og sidemålsdebatt.
–––––––––––-
Det følgjande stykkjet er publisert på Framtida.no og versjonar av det har stått eller kjem i mellom anna LNK-avisa og Mål og Makt.
Nynorsk som hjernetrim
Den internasjonale tospråksforskinga har avdekka ei rekkje utviklingsmessige fordelar ved det å veksa opp med to språk frå tidleg alder. Her er nokre viktige funn.
1) Tospråklege born utviklar tidlegare metaspråkleg kompetanse enn einspråklege og er betre i stand til å læra seg andre språk seinare. Dette viser seg blant anna ved at tospråklege born tidlegare kan skilja mellom form og innhald i einskildord og setningar.
2) Tospråklege born utviklar evne til mentalisering (‘Theory of Mind’) i snitt eitt år tidlegare enn einspråklege. Dette er evna til å forstå at andre menneske sit på annan kunnskap enn ein sjølv.
3) Tospråklege born utviklar såkalla utøvande kontroll (‘executive control’) tidlegare og betre enn einspråklege. Dette er evna til å planleggja, setja i gang og avslutta handlingar og til å styra merksemd, og den spelar ei særs viktig rolle for mellom anna akademisk læring.
Språklæring er kognitiv trening
Desse fordelane meiner ein følgjer av den kognitive treninga det gir å veksa opp med to forskjellige språk. Fleire av fordelane viser seg tidleg, allereie i førskulealder, men det er også haldepunkt for at tidleg andrespråkslæring gir nokre av dei same fortrinna. Og det er også haldepunkt for at skriftspråkstrening aukar effekten av tospråksfordelane.
Slike utviklingsmessige fortrinn spelar over på læring generelt, og tospråklege har såleis betre føresetnader for å oppnå gode skuleresultat – i alle fag – enn einspråklege. Og statistiske undersøkingar frå land som t.d. Canada tyder på at tospråklege nettopp gjer det noko betre på skulen enn einspråklege.
Overføringsverdien til den norske språkkløyvde situasjonen
Målfolk og andre forkjemparar for nynorsk er snare med å ta slike forskingsresultat til inntekt for verdien av opplæring i både nynorsk og bokmål. Motstandarar av sidemål og nynorsk allment er like snare med å avvisa det og poengterer at nynorsk og bokmål er skriftlege variantar av det same språket, og at resultata frå tospråksforskinga difor ikkje har nokon overføringsverdi.
Sanninga er at vi ikkje veit om det er nokon overføringsverdi. Det har ikkje vore gjort noko for å finna ut av det. Men det er muleg å finna ut av det. Og vi bør gjera det. For viss det er slik at stimulering av born på begge variantar av norsk gir dei utviklingsmessige goder, ja då er det all grunn til å gi slik variert norskspråkleg stimulering!
Og det er ein del haldepunkt for å tru at den norske tospråksituasjonen kan gi nokre av dei same fordelane som den internasjonale tospråkslitteraturen fortel om. Vi veit mellom anna at så nærskylde språk som katalansk og kastiljansk-spansk gir nett dei same gunstige utviklingsfordelane som andre språkpar der skilnadene er større. Kor liten avstanden mellom katalansk og kastiljansk-spansk er, kan diskuterast, men vi snakkar i alle fall om to grannespråk med dialektar der overgangen er flytande, altså slik tilfellet er for dei skandinaviske språka.
Når det gjeld betre utvikling av metaspråkleg medvit, er det all grunn til å tru at språkstimulering på både nynorsk og bokmål bidreg til betre forståing av at språklege uttrykk kan ta ulik form. Internasjonale undersøkingar viser dessutan at personar som er vande med språkleg variasjon, jamt over er betre til å kjenna att skylde ord (‘arveord, kognatar‘) frå andre språk enn dei som berre meistrar standardspråket i landet sitt.
Paradokset Sogn og Fjordane
Men den potensielt sterkaste indikasjonen på at den norske tospråksituasjonen gir fordelar, knyter seg til noko dei færraste ville tru: Dei gode skuleresultata i Sogn og Fjordane. Sidan nasjonale prøvar i norsk, engelsk og matematikk vart innført i 2006, har dette fylket lege på toppen av resultatlista saman med Oslo og Akershus. Det oppsiktsvekkande med dette er at utdannings- og inntektsnivået i Sogn og Fjordane er lågt, og vidare er fylket i liten grad urbanisert. Utdannings- og inntektsnivå og urbanitet er kjent for å korrelera sterkt med skuleprestasjonar, og eit fylke som t.d. Nord-Trøndelag, kjem dårleg ut på dei nasjonale prøvane jamvel om det demografisk sett har mykje til felles med Sogn og Fjordane.
Det kan vera ei rekkje grunnar til at Sogn og Fjordane har så gode resultat. Men når det gjeld språksituasjonen, veit vi dette: Ikkje noko anna fylke har så høg nynorskprosent blant elevane i grunnskulen. Sogn og Fjordane hadde i 2011 97,3%, Møre og Romsdal 52% og Hordaland 39%. Elevar med nynorsk som opplæringsmål blir massivt stimulerte på bokmål og sentralaustnorsk talemål gjennom storsamfunnet, og i praksis har difor nynorskelevar allereie ganske høg kompetanse i bokmål når dei møter det som sidemål på ungdomsskulen. Det motsette gjeld i svært liten grad for bokmålselevar.
Og sidan Sogn og Fjordane er det einaste så å seia reine nynorskfylket er det ikkje utenkjeleg at dei gode skuleresultata kan sporast til språksituasjonen: Viss det å bli stimulert på både nynorsk og bokmål frå tidleg alder gir nokre av dei same utviklingsmessige fordelane som udiskutabelt tospråklege har, er det å forventa at det vil slå ut på læring generelt.
Meir forsking er muleg – og viktig!
Desse forholda kan vi testa eksperimentelt. Viss vi testar born i ulike fylke for t.d. utøvande kontroll, burde vi ikkje finna større regionale skilnader blant born i førskulealder. Men dersom det kjem fram skilnader blant elevar i t.d. 12-13-årsalderen, er vi heilt klart på sporet av noko.
Den internasjonale tospråksforskinga fortel oss tydeleg at språkstimulering er meir enn berre opplæring av språklege ferdigheiter: Det er ei allmenn trening av hjernen og hjernefunksjonar. Det å undersøka den norske språksituasjonen i eit kognitivt utviklingsperspektiv har difor meir enn berre akademisk interesse. Dersom vi kjem til at regionale skilnader i skuleresultat kan knytast til skilnader i kognitiv utvikling med grunnlag i ulik språkstimulering, bør den kunnskapen leggjast til grunn for utforming av ein språklæringspolitikk der eksponering for og trening i begge dei to språkformene våre blir sett på som ein viktig ressurs i skule og barnehage.