Kor det går?

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Eg har ofte lurt på kvifor mange nordlendingar seier Kor de går? når dei meiner ‘Korleis/hvordan går det?’. Ein parafrase av korleis/hvordan er “på kva måte”, og i dei fleste andre samanhengar høyrer eg korsn, kossen, keless, korleis m.m. frå nordnorske munnar der standardspråket har korleis eller hvordan (eller åssen som faktisk er ei sanksjonert skriftform i bokmål). Så kvifor kor i akkurat dette uttrykket? “Where does it go?”, liksom?! 

I forrige veke, då eg var i Hattfjelldal og samla inn dialektmateriale for prosjektet Nordisk dialektsyntaksfekk eg ei openberring i høve til spørsmålet. Openberringa held i alle fall til ein solid arbeidshypotese, så får vi sjå om eg kan finna støtte for tanken etter kvart.

Den eldre dama som deltok i undersøkinga i Hattfjelldal, hadde eit spennande inventar av spørjeord, spennande fordi det var av “svensk” type (eller engelsk, tysk, nederlandsk om du vil). Ho ville seia kør for ‘korleis’, t.d. Kør du ska feir 17. mai i år?, og ho ville bruka kør også i gradsspørsmål som t.d. Kør mange va de?, altså der mange elles har kor. Men for spørsmål om stad vil ho ikkje bruka kør – då heiter det kvar, t.d. Kvar bur du?

Dette systemet er då som svensk der ‘korleis’ og grads-‘kor’ heiter hur (Hur går det? og Hur gammal är du?) og der stads-‘kor’ heiter var (Var bor du?). Eller som det engelske systemet med how vs. where. Altså: Eldre hattfjelldalsk kør = svensk hur og eldre hattfjelldalsk kvar = var. Denne tabellen samanfattar skilnadane mellom nokre ulike målformer.

Nynorsk    “Tromsmål”   Hattfj.dal (eldre)  Svensk
 korleis korsn kør hur
 kor stor kor stor kør stor hur stor
 kvar/kor  kor kvar var

Gitt at det eldre hattfjelldalske systemet tidlegare har hatt ei vidare utbreiing i Nordland, er arbeidshypotesen at uttrykket Kor de går? er ein refleks av dette. Ein relikt om ein vil, i form av eit stivna uttrykk. Det kan godt henda at dette er gamalt nytt for røynde dialektologar, men det er i alle fall ingen som har sagt det til meg før.

No er eg spent på om eg kan finna dette “svenske” systemet også andre stader. Eg har møtt trøndske kollegaer som har fortalt meg at dei seier kvar for spørsmål om stad – og ikkje kor, altså – så det er såleis eit område å leita vidare i. I trøndersk og også på Dovre seier ein elles mange stader kerr både for grads-‘kor’ og for ‘kva’ og kanskje også for ‘korleis’? (Uttrykket kerr-voLin for ‘korleis’ finst elles i namdalsk, eit uttrykk som i grunnen er verdt eit eige blogginnlegg – det får eg ta ein annan gong…)  

Ein annan stad der eit “svensk” mønster synest å eksistera, er i varieteter av rogalandsk. ‘Korleis’ heiter der gjerne koss, og sjølv om nok mange brukar kor i gradsspørsmål (kor gammale, kor mange), er det heilt klart ein heil del som kan finna på å bruka koss i staden, dvs. koss gammale, koss mange. Desse sistnemnde brukar då allikevel kor når det er spørsmål om stad: Kor bur du? Så dei har då også eit “svensk” (og engelsk osv.) system. 

Vel, etter denne runden går det opp for meg at på mitt eige sognemål (og sikkert andre dialektar også) går det fint an å seia Ke’ra gaor?, ord for ord tilsynelatande ‘Kva det går?’. Men berre tilsynelatande, vil eg seia, for ke er også det spørjeordet som blir brukt i gradsspørsmål: Ke gammadl, ke maonge. ‘Korleis/hvordan’ på si side heiter kelais(n). Så kanskje er det slik at den semantiske dekomponeringa av uttrykket Kor de går? eigentleg skal vera “Kva grad av X går det?” heller enn “På kva måte går det?”.

Hmm, jaja: Kem som vet?!  

Powered by Labrador CMS