Kunnskap om språk

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Dette blogginnlegget er ein lett tilpassa versjon av eit stykkje som nyleg stod på trykk i lokal nordnorsk presse.

Studenttilstrøyminga til mange språkfag er sviktande. Ved Universitetet i Stavanger vurderer dei å leggje ned fag som fransk og tysk, og også andre stader er språkfaga hardt pressa i eit finansieringsregime som delvis baserer seg på produksjon av studiepoeng. Dette er ei uheldig utvikling. Sjølvsagt er det uheldig for dei fagmiljøa som blir ramma, men endå verre er det om vi får eit samfunn med svekka kunnskap i og om språk. Viss du ønskjer å reflektere over nytteverdien ved språkkunnskapar, må du gjerne lese vidare.

Språk er det mest essensielle ved mennesket
Språk er det mest essensielle ved det å vere menneske. Det går knapt an å forestille seg eit samfunn av menneske utan språk. Gjennom språket kodar vi kulturen vår og vi brukar det til å lagre og overføre kunnskap mellom kulturar og gjennom generasjonar.

Dei fleste tek språk for gitt. Det er som luft og vatn. Som mat og søvn. Og det er ikkje noko gale med det. Men på same måte som vi treng matprodusentar og ingeniørar som syter for reint vatn, vegar og annan fysisk infrastruktur, trengst det også fagfolk som har ein aktiv forståelse av kva språk er og korleis språk grip inn i kvardagen vår.

Språkkunnskapar er ei god investering
Behovet for språkkompetanse blir berre større og større i det moderne kommunikasjonssamfunnet der interaksjon mellom menneske i aukande grad skjer gjennom skriftlege medium, både på jobb og privat. Å skaffe seg større språkkunnskapar, for eksempel gjennom universitetsstudiar, er difor ei god investering for enkeltindividet.

For svært mange vil det vere avgjerande å kunne meistre andre språk enn norsk i jobbsamanheng. Alle veit at engelsk har verdsherredøme på dei fleste område innanfor næringsliv og forsking, og det faktum møter ein både innanfor og utanfor landets grenser: Det er få område innanfor handel og industri der marknaden i våre dagar er utelukkande nasjonal. Det å meistre engelsk godt er difor svært viktig for svært mange.

Men det finst også andre viktige språk på den globale marknaden. For oss i Noreg blir kompetanse i russisk meir og meir viktig: Det tek lang tid å opne ei grense som har vore nærmast hermetisk lukka i over 70 år, men med nordområdesatsing, aukande skipstrafikk over nordaustpassasjen og stadig meir samkvem med vår folkerike nabo i aust, aukar også etterspurnaden etter nordmenn som kan russisk: No trengst det meir enn spionar og diplomatar!

Spansk er elles eit uomgåeleg språk for alle som har samkvem med Latin-Amerika, og dette språket blir også meir og meir til stades i sørlege og vestlege delar av USA.

Kunnskap om heimlege framandspråk er også etterspurd. Dersom du søkjer deg jobb i kommunar innanfor det samiske forvaltningsområdet, er det ikkje noka ulempe med kompetanse i samisk språk. All norsk grense mot Finland ligg dessutan i Nord-Noreg, og i grenseoverskridande samarbeid med Finland, trengst det også norske borgarar som kan finsk.

Språk som døropnar
Språk er menneskets fremste kulturberar, og gjennom språk får du innsikt ut over vår eigen snevre kultur. Både fransk og tysk språk har spelt ei viktig rolle i europeisk kulturhistorie, og for alle som vil forstå Europa, er dette framleis verdfulle språk å kunne.

Og sjølv berre litt kunnskap i eit framandspråk kan i mange samanhengar vere ein døropnar i samkvem med menneske frå andre kulturar. Det å kunne lese litteratur og aviser og høyre på samtalar på landets eige språk gir kvalitativt sett heilt andre innsikter enn om du er avhengig av omsetjing.

Det er enno langt fram til ein universaloversetjar lik Babel fish frå The Hitchhiker’s Guide to the Galaxy – det veit alle som har prøvd ut Google Translate. Spørsmålet er uansett om det nokon gong – sjølv for menneske – er muleg å omsetja 100 % mellom to språk.

Så kan du spørje: Er det ikkje best å lære seg språk gjennom å dra til landet der det blir snakka? Er det nokon vits i å studere språk i Noreg? Det er ingen tvil om at praktisering av språk i sin naturlege kontekst gir god læringseffekt, men like fullt kan eit språkstudium heime gi ein solid og varig basis for vidare studiar og praksis ute.

Språkstudiar er aldri bortkasta
Og det er dessutan slik at gjennom systematiske studiar av eit anna språk, får du også auka forståing for ditt eige språk. Det å setje seg inn i grammatiske strukturar og pragmatiske konvensjonar i andre språk, krever refleksjon rundt korleis ditt eige språk er bygd opp. Av den grunn åleine er språkstudiar aldri bortkasta: Ei investering i eit framandspråksstudium er også ei investering i eige språk, i språkkompetanse generelt.

I det moderne kommunikasjonssamfunnet blir viktigheita av språk aksentuert. Ein større og større del av alle arbeidstakarar er blitt tekstprodusentar i større eller mindre grad, og språkkompetanse i både norsk og framandspråk trengst meir enn nokon gong før. Det finst få snarvegar til godt språk og gode tekstar. Godt språk er også eit handverk som må lærast.

UiT har ei rekkje språkstudium
Universitetet i Tromsø har eit verdskjend senter for framifrå forsking i teoretisk lingvistikk, CASTL, og ei rekkje dyktige forskarar arbeider med ulike språk frå ulike synsvinklar. Ved UiT kan du studere fleire forskjellige språk: engelsk, fransk, russisk, samisk, spansk, tysk, nordisk og finsk. Dei kan studerast gjennom organiserte bachelor- og masterutdanningar, men for dei fleste finst det også årsstudium som kan kombinerast med andre fag.

Også dei andre norske universiteta gir ulike undervisningstilbud i ei rekkje forskjellige språk. Ser vi deg som språkstudent ved UiT eller eit anna norsk universitet i 2011?

 

 

Powered by Labrador CMS