Lesa bøker på grannespråket?

I Fredagspanelet i NRK P2s Nyhetsmorgen fredag 3. november uttrykte debattredaktør og kommentator i Dagbladet, Martine Aurdal, at det er ekstra krevjande å ta tak i ei bok som er skriven på dansk eller svensk, og ho var glad for at Erindring om kærligheden av den ferske vinnaren av Nordisk råds litteraturpris, Kirsten Thorup, no vil verta omsett til nor

 (Bokomslag: Gyldendal)

sk. 

Det siste sa Aurdal som ein kommentar til at ho hadde vore til stades under utdelinga i Helsingfors tidlegare i veka utan å ha lese anna enn boka til den norske kandidaten. Det første sa ho som svar til at programleiar Ugo Fermariello sa at ho vel ikkje hadde noko problem med å lesa ei bok på dansk. Og alt vart sagt i ein diskusjon om det finst eit felles nordisk litteraturfelleskap der også nyheiten om at Nordisk råd no har samrøystes vedteke å løyva pengar til at prisvinnarane vert omsette til dei andre nordiske språka. 

Eg vart først litt oppgitt over det Aurdal sa. Men samtidig innser eg at utsegna er dekkande for korleis det er. Eg har møtt på det same før. Folk flest les ikkje dansk og svensk litteratur i original. Dei ventar på omsetjingane. Og det gjeld sikkert minst like mykje i Sverige og Danmark. Dessverre.

Ja, for det er faktisk synd at folk også på dette området vel minste motstands veg. Det er jo fremst trening det handlar om. Språktrening. Og som med all trening vert lettare med tida. Det er ei vanesak og ei haldningssak. Dei skandinaviske språka er jo like nok til at ein forstår det meste og lett kan læra seg det som er ukjent etter kvart. Og ei omsetjing er sjeldan like god eller betre enn originalen. 

I avisverda kjem også haldningane til grannespråk klart fram. Når såg du sist ein kronikk eller eit lesarinnlegg på dansk eller svensk i ei norsk avis? Redaktørane vil ikkje bry lesarane med slikt, så det vert omsett. Eg hadde sjølv eit debattinnlegg i danske Jyllandsposten i fjor. Eg leverte på teksten på bokmål, men fekk klar beskjed om at dei ikkje ein gong ville vurdera han før eg hadde omsett han til dansk. Så det måtte eg fiksa sjølv! 

Dersom det hadde vorte meir utbreidd å lesa grannespråkslitteratur i original, hadde det vore eit viktig bidrag til den nordiske grannespråksforståinga, som me jo veit er på nedåtgåande. Slik sett er eg tvisynt når det gjeld vedtaket i Nordisk råd om at prisvinnarane skal omsetjast til grannespråka. Det er veldig bra når det gjeld dei språka som ikkje er gjensidig forståelege: færøysk, islandsk, finsk, samisk, grønlandsk.  Og det er også veldig bra om desse omsetjingane vert samla i eit tekstkorpus tilgjengeleg for forsking og språkteknologisk utvikling. Men eigentleg burde altså omsetjing mellom dei skandinaviske språka vera unødvendig.

Litt meir om korpusspørsmålet. Eit nordisk parallellkorpus hadde vore svært nyttig for oss språkforskarar, både for utforsking av skilnader og likskapar mellom dei nordiske språka allment og for utvikling av språkteknologiske verktøy for dei nordiske språka. Eg håpar inderleg Nordisk råd set som vilkår for støtten til omsetjing av prisvinnarane at tekstane kan gå inn i eit slikt korpus, og også at Nordisk råd bidreg til at andre typer tekstar vert stilte til rådvelde: Det må finnast eit hav av administrative dokument og anna som er omsette mellom språka innanfor ramma av såvel det nordiske samarbeidet som EU og EØS.  

Eit anna viktig språkvedtak som vart gjort på Nordisk råds sesjon denne veka, gjeld geoblocking, altså det at TV-program på nett ikkje er tilgjengelege utanfor bestemte geografiske område. Vedtaket gjekk ut på å undersøka korleis ein kan fjerna geoblocking mellom dei nordiske landa. Det vil vera eit viktig bidrag for å auka grannespråksforståinga. Ein heilt avgjerande føresetnad for den suksessen SKAM har vorte i særleg Danmark, men også i andre nordiske land og verda for øvrig, er at NRK valde å ikkje avgrensa programmet til Noreg slik tilfellet er for veldig mykje anna stoff. Fråværet av denne sperra gjorde det mogleg for danske ungdommar å sjå programmet på norsk på nett utan verken teksting eller dubbing lengje før dansk TV eventuelt hadde valt å kjøpa det. 

Når Nordisk råd har klart å fjerna geoblocking, kan dei godt gå vidare og syta for at det blir slutt på dubbing av nordiske barneprogram. Og i mellomtida bør alle oppmodast til å lesa litteratur på grannespråka. Det er sikkert bra for hjernen, men det er i alle fall bra for språktreninga!

Eit raskt samanraska knippe nordiske bøker. Foto: Øystein A. Vangsnes

 

Powered by Labrador CMS