Láhku eller Láhko og namn som kulturminne

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I dag blir Noregs 36. nasjonalpark vedteken av Kongen i statsråd. Den ligg vest for den eksisterande Svartisen-Saltfjellet nasjonalpark i Nordland, og har fått namnet Láhku, som er samisk og tyder ‘høgtliggjande, vidstrakt vidde’. 

"Láhku nasjonalpark" (Foto: @ Fylkesmannen i Nordland)

Nordsamisk i pitesamisk område
Namnevalet er interessant, men ikkje så mykje på grunn av si tyding som på grunn av si form. Forma er nemleg nordsamisk sjølv om nasjonalparken ligg i pitesamisk område. No finst det ingen offisiell ortografi for pitesamisk, men dei tradisjonane som finst, legg seg i stor grad opp mot lulesamisk ortografi (som er «neste» samiske språk mot nord), og det er forholdsvis lett å rekna seg fram til at den pitesamiske stavemåten ville ha vore Láhko.  Ordet for ‘ord, glose’ er på lulesamisk báhko, og dette er også skrivemåten ei svensk-norsk pitesamisk ordlistegruppe har valt for dette ordet. Ordet láhko er ikkje med i deira ordliste, men det har nettopp denne skrivemåten i Anders Kintels lulesamisk-norske ordbok. Uttalen av nordsamisk láhku og lule-/pitesamisk láhko er meir eller mindre den same – vokalane i sistnemnde blir skrivne etter norsk/svensk mønster, medan dei i nordsamisk blir skrivne etter finsk mønster. (Eg har elles blogga om pitesamisk før her på forsking.no.)

Pitesamisk lynkurs hjå Pitesamisk forening i Beiarn Foto: Øystein A. Vangsnes

Eit språk frå nær fortid
No er ikkje pitesamisk lenger noko levande språk i Noreg. Den finlandssvenske språkforskaren Eliel Lagercrantz oppheldt seg ei tid i Beiarn i 1921 og gjorde då nedteikningar og innspelingar av pitesamisk med morsmålstalarar der, men ein reknar med at dei siste talarane på norsk side døydde på 1960-talet.

Etter grensestenginga mellom Noreg og Sverige i 1923 flytta nordsamiske reindriftsfamiliar sørover og inn i pitesamisk område på både norsk og svensk side, og den reindrifta som i dag føregår på Saltfjellet, er det nordsamiske familiar som står for. Slik sett er nordsamisk det einaste levande språket der i dag, og valet av nordsamisk namneform kan ein om muleg motivera ut ifrå det. 

Symbolsk kulturhistorisk handsrekning
Men samtidig kunne ein her ha valt å markera den historiske dimensjonen med å gi den nye nasjonalparken ei namneform som løfta fram det pitesamiske. Framleis lever og bur det menneske i området som er opptekne av sine pitesamiske røter og som er organisert i ei eiga pitesamisk forening. (Sjå elles litt om historikken til denne folkegruppa i Samisk skolehistorie.) Forma Láhko kunne ha vore ein symbolsk gest til dei og fungert som eit nominelt kulturminne om det pitesamiske. Det at språket også på svensk side står utsett til med ein stad mellom 30 og 50 talarar, gjer ikkje verdien av ei slik handling mindre.

Trespråkleg skilting i Arjeplog: Svensk, pitesamisk, nordsamisk Foto: Marit Myrvoll, NIKU

Powered by Labrador CMS