Lofrao – romjul på grautmål

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Arve Uglum i NRK Sogn og Fjordane. © (Foto: NRK)

Lofrao er ei nemning på tida mellom jul og nyttår som ein berre kjenner frå Vik og Balestrand i Midtre Sogn. Ordet var med i første runde av det populære dialektordprogrammet «Grautmål» som journalist Arve Uglum hadde på NRK Sogn og Fjordane i perioden 2006-2008. I programserien ringde folk frå ulike stader i Sogn og Fjordane inn dialektord som dei hadde ein samtale med Uglum om. De kan høyra innslaget om nettopp ‘lofrao’ her (uvisst kor lengje) – innringjar er Ragnar Thue frå Balestrand.

Ordet vart også med i bokversjonen av programmet som kom ut i fjor på Skald forlag. Det prosjektet fekk eg vera med på. I boka er dialogane frå radioprogrammet skrivne av meir eller mindre lydrett, og så har eg forfatta ein fagleg kommentar til kvart av dei. Nedanfor ser de korleis dette vart reint tekstleg – den flotte formgivinga til Aud Gloppen i designbyrået Blæst må de konsultera sjølve boka for å få eit inntrykk av. Etter at boka kom ut, har Arve laga ein ny runde med grautmålsnuttar som for tida går sin sigersgang på lokalradioen i vestlandsfylket.

Grautmål (2010) © (Foto: Skald)

Den humoristiske innpakninga orda hadde i radioprogrammet, der hallomann Leif Dubards malmfulle riksmålsrøyst introduserte programmet og laga ein gjenkjenneleg flyt i presentasjonen, den fann ikkje vegen inn i boka. Om det vart så vellukka å erstatta det med mine filologiske betraktningar, er det sikkert delte meiningar om. Og akkurat når det gjeld ordet ‘lofrao’ vil det sikkert også vera delte meiningar blant fagfolk om den forklaringa eg set fram, nemleg at det har sitt opphav i ‘lovfridag’ (heller enn at det skulle vera dagar då tenarane fekk tid til å lappa kleda sine). 

Det kan det jo passa bra å spekulera vidare på i denne rolege og late veka prega av meir eller mindre lovfesta fri frå kvardagens stress og strid.

 

 

Overskrift på artikkelen ‘lofrao’ i boka Grautmål (2010) (Foto: Skald forlag)

R.T.: - Pao vanleg norsk, nær sagt, so ville du sikkert sai romjuli. Da e dan perioden i mydlo jul og nyår, og frao gamalt ao so hadde’ru lofrao. Di sa alltid da, ’rao. I dag so høyre du ikkje detta orde dar lainger.

R.T.: - Eg prøve meg no av og tè sånn i visse samenhenga, men da e ingjen so på ein måte… Med mindre da e eldre folk, dai vè nok kjenna ’ra atte men dan oppveksande generasjonen ha’kje idè om detta dar.

UGLUMEN: - Men da e asso vikao i frao julaftao tè nyttaorsaftao?

R.T.: - Ja, romjuli. Da kan henda at noken ha litt mair… atte’ra e in litt lainger periode enn kanskje sjølve julahelgji og nyttaorshelgji, men i allfall romjuli, i lofrao, va da so mè kjende ’ra haimatteifrao i Balestrand.

OMRÅDE:
R.T.:
- Nai, da e dao Balestrand. No arbeida eg utpå Kyrkjebø, og av og tè so teke eg detta orde dar, men folk berre sèr på meg og spøre ke e’ra no han snakka om… hehehe… so ko mykje brukt elles da e, da veit eg ikkje.

VANGSNESEN:
I Pridlao nr. 2, 2002, hadde Andreas Bjørkum, årdøl og mangeårig redaktør ved Norsk Ordbok, ein artikkel om ordet lofrao, og som han skriv der, synest nett denne utgåva av ordet å berre finnast i Vik og Balestrand (inklusive Fjærland).

Men det finst nærskylde, og truleg meir opphavlege ordformer, frå Sunnfjord, Nordfjord og Sunnmøre, nemleg lappardag, lopradag, lofredag, lofretid. I Norsk Ordbok er skrivemåten normalisert til lopredag og lopre.

Former med -fr- er kjende først og fremst frå Sogn (òg Ytre Sogn) og Ytre Sunnfjord, medan former med -pr- er heimla frå Jølster og Sunnmøre. Gjennomgåande er forklaringa på både lopredag og lopre at det er snakk om tida mellom jul og nyttår og til dels heilt fram til trettandedagen. Men på nokre av setlane i arkivet til Norsk Ordbok viser det til ei meir generell nemning på gamle fridagar slik som jonsokdagen (24. juni), kyndelsmesse (2. februar), mikkjelsmesse (29. september), og i ei heimfesting frå Herøy på Sunnmøre finn vi dømet Hannj he sej enj lopradag.

Ivar Aasen fører opp ordet både som lopredag og lappardag i ordbøkene sine, og ei forklaring som har vore framsett, er at dette var dagar då tenarane kunne ta seg tid til å lappa kleda sine. Sjølv om denne forklaringa nok er noko spekulativ, er det rådande synet at formene med -pr- er dei opphavlege.

Eg vil derimot føreslå at det kan vera tvert om. Gitt at det finst ei generell tyding om arbeidsfri knytta til ordet, kan ein tenkja seg at ordet går tilbake på lovfridag. Fleire av dei gamle merkedagane nemnt ovanfor var fridagar etter Kristian den femtes norske lov av 1687 og såleis «fridagar etter lova». Når dei så vart avskaffa ved den såkalla «Festdagsreduksjonen» i 1770, kan ein tenkja seg at ordet har levd vidare som ei generell nemning på fridagar.

Etter denne forklaringa vil i alle fall formene med -fr- vera dei opphavlege i og med at -v i lov vil gå saman med f- i fri samtidig som vokalen i lov vil gå frå å vera lang til kort slik han er i lofrao (altså [loːvfr…] til [lofːr…]).

Powered by Labrador CMS