Lulesamisk ordbok på nett!

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Frå lanseringa av lulesamisk ordbok på nett, Jokkmokk 17. februar 2012. (Foto: Øystein A. Vangsnes)

I dag, under Lulesamisk språkkonferanse i Jokkmokk, blei Anders Kintel si lulesamiske ordbok lansert på nett. Det norske Sametinget finansiert orboka, og Giellatekno – Senter for samisk språkteknologi ved Universitetet i Tromsø står for nettversjonen. Førebels er det ein prøveversjon som er lagt ut, men i løpet av det kommande året reknar ein med at ordboka vil føreliggja i ein fullverdig nettversjon.

Det ligg mykje arbeid bak ei ordbok som dette, og det er særs prisverdig at ho blir gjort fritt tilgjengeleg for lulesamar og alle andre med interesse for språket. Orboka vil bli eit viktig verktøy for revitaliseringa av dette trua språket som vert snakka av kanskje rundt 600 talarar i Noreg og Sverige til saman – på norsk side primært i Tysfjord/Divtasvuodna og andre stader i Nord-Salten/ og på svensk side i dalføra kring Lule älv med Jokkmokk/Jåhkåmåhkke som den sentrale tettstaden.

Det er berre å gratulera det lulesamiske samfunnet og heile Sápmi med denne viktige digitale språkressursen! Vuorbbe biejvijn!

Powered by Labrador CMS