Money talks i Älvdalen

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Betalt språkbevaring

“Prata älvdalska - tjäna 6 000 kronor”

Dette er overskrifta på ein artikkel i Dalarnas Tidningar 15. desember. Älvdalens Besparingsskog, dvs. skogeigarlaget, trør til med eit stipend retta mot unge menneske for å stimulera dei til å aktivt bruka det lokale målet i Älvdalen. Ein les:

“Alla skolelever i Älvdalen som pratar älvdalska aktivt kommer att få ett stipendium på 6 000 kronor när de slutar nionde klass. Om de pratar älvdalska. Även eleverna i klass 6 och klass 3 [som] dalskar kommer att premieras.”

For folk flest høyrest dette sikkert absurd ut. Skal ungdommen få betalt for å snakka dialekt?! Djupt inne i dei svenske skogane?!

Språk eller dialekt

Älvdalen ligg omlag 13 mil, eller to timar køyring, rett aust for Trysil. Vasaloppet sneiar innom ei av grendene i bygda, Evertsberg – eller Ävesbjärre, som det heiter lokalt – på si rute mellom Sälen og Mora. Vi er i Dalarna. Vi er i trakter som spelar ei viktig rolle i svensk nasjonalromantisk historie. Og vi er i ein stad i Sverige der vi utan tvil finn den forma for skandinavisk språk som ligg lengst frå standardutgåvene av svensk, norsk og dansk. Ein reknar med at omlag 2500-3000 personar talar elvdalsk av ei befolkning på ca. 6000. Du kan sjølv høyra på smakebitar av dette svenske målet på denne sida, og du finn elles kurant informasjon om elvdalsk på (svensk og engelsk) Wikipedia.

View Larger Map

Elvdalsk er ikkje forståeleg for den jamne svenske, og heller ikkje for oss nordmenn. Målet ligg på dei fleste språklege nivå bra mykje lenger frå (standard) svensk enn standard svensk ligg frå så godt som kva form for norsk det måtte vera. I det perspektivet er det ikkje vanskeleg å hevda at elvdalsk er eit eige språk, altså viss svensk og norsk er to skilde språk, jamnvel om dei i dei store og det heile er gjensidig forståelege. Men då kan ein spørja om norsk og svensk verkeleg er to forskjellige språk eller om dei eigentleg er to varietetar av det same språket: Det er først og fremst politiske og skriftspråklege forhold som gjer at vi reknar norsk og svensk som skilde språk, ikkje lingvistiske. Men så er det slik med älvdalsk at dette målet inngår i eit kontinuum av svenske mål der standard svensk og elvdalsk kan seiast å liggja i kvar sin ende. Skal ein definera elvdalsk som eit eige språk – på lingvistisk grunnlag – blir utfordringa å avgjera kor på kontinuet ein skal dra grensa mellom dialekt og språk.

Foreininga Ulum Dalska (som tyder ‘Lat oss tala (elv)dalsk’) arbeider for at det lokale målet i Älvdalen skal leva vidare og ikkje døy ut. Dei ønskjer at målet skal få status som eige språk både fordi det kjennest som det mest rette for dei og fordi det vil gi talarar av målet ein god del rettar, m.a. ein rett til at det blir nytta som undervisningsspråk i skulen.

Språkleg mangfald og språkforsking

Uansett om vi vel å betrakta elvdalsk som ein svensk dialekt eller som eit eige nordisk språk, er det ingen som helst tvil om at dette målet er utruleg interessant og viktig for nordisk språkforsking. Målet har ein del gamle språktrekk slik som distinktive nasalvokalar, stungen d (eller edd), w-uttale (altså dobbelt-v), personbøying av verb, kasusbøying av pronomen og substantiv med meir. Noko av dette, slik som nasalvokalar og [w] finst ikkje ein gong i islandsk og færøysk, som elles er dei mest arkaiske av dei nordiske språka. I tillegg til gamle språktrekk har elvdalsk utvikla seg på til dels forskjellig måte enn andre nordiske mål, og i sum betyr dette at elvdalsk skil seg ut frå andre nordiske mål på mange felt.

"Innkalling på elvdalsk til møte med nordiske språkforskarar. Foto: Øystein A. Vangsnes"

At målet er så spesielt i nordisk samanheng, var den viktigaste årsaken til at vi innanfor prosjektet Nordic Center of Excellence in Microcomparative Syntax (NORMS) i mai/juni 2007 arrangerte eit vekelangt intensivt feltarbeid i Älvdalen der fokus låg på utforsking av grammatikk. Bloggen frå feltarbeidet kan du lesa her. Vi var då drygt 20 lingvistar frå ulike grupper i NORMS-nettverket som kom saman i Älvdalen og reiste frå grend til grend og møtte talarar av elvdalsk og spurde dei ut om ulike sider ved språket deira. Spørsmåla var baserte på forskingsinteressene til den einskilde forskaren eller grupper av forskarar. Opptak av samtalar og intervju med talarane vart også gjort, og desse opptaka er blitt transkriberte og prosesserte og no anten lagt inn eller på veg inn i den fellesnordiske elektroniske dialektsamlinga som er under oppbygging ved Tekstlaboratoriet ved Universitetet i Oslo: Nordisk dialektkorpus.

Resultata frå feltarbeidet er elles i ferd med å materialisera seg i form av vitskapelege arbeid. Ein PhD-student ved Lunds universitet, som har tilbrakt mykje meir tid i Älvdalen enn den eine veka, er i ferd med å ferdigstilla doktoravhandlinga si som heilt og fullt handlar om syntaksen i elvdalsk. Fleire av oss som var med arbeider med bidrag til ein artikkelsamling som etter planen vil bli publisert i 2009. Sjølv arbeider eg med ein artikkel om grammatikken til ordet ukin: Dette ordet tyder både ‘kven’ og ‘kva for ein/hvilken’ (jf. mitt forrige blogginnlegg), men i tillegg også ‘kva slags’, ‘om/korvidt’ og ‘korleis’ i predikativ tyding (dvs. som engelsk ‘what … like’).

Alt i alt er vi språkforskarar utruleg glade for at elvdalsk finst, for det gir oss eit vell av interessante fenomen å studera og det gir oss eit meir nyansert bilete på struktur og utvikling av dei nordiske språka. Så vi har all muleg sympati for dei som ønskjer at elvdalsk skal leva vidare: Mangfald innanfor eit språkområde er for oss like viktig som genetisk mangfald er for biologar og økologar.

Framtida til målet ligg hjå borna

I etterkant av feltarbeidet i Älvdalen gjekk fleire av oss som var med, saman om å skriva eit innlegg i lokalpressa om at det er viktig med språkleg mangfald og at det er gode grunnar til å arbeida for at elvdalsk skal leva vidare og ikkje berre bli slukt opp av svensk. I innlegget peikar vi på at den einaste måten å få dette til på, er å få born og unge til å nytta målet. Vi veit no at språkleg mangfald er av det gode – kronargumentet er at tospråklege born har kognitive fordelar framfor einspråklege, og det kjem då på toppen av alle andre argument som går på kultur og liknande.

Ulum Dalska føretok i fjor ei oppteljing av kor mange born det er som talar målet, og resultatet var nedslåande: Kun 45 born under 15 år talar elvdalsk aktivt. (Les meir her.) Og for oss nordmenn er det eit svært viktig poeng her at borna møter svensk straks dei byrjar i barnehagen – der blir ikkje elvdalsk brukt av personalet, jamnvel om desse meistrar målet. Dette kan det rett nok bli ei endring på, og som det framgår av denne avisartikkelen, er det svært mange foreldre som ønskjer at elvdalsk skal bli brukt i barnehagen. (At ungar som snakkar elvdalsk, sluttar med det når dei byrjar på skulen, er elles velkjent slik det går fram i dette intervjuet.)

Eg veit ikkje om innlegget vårt har vore direkte medverkande til opprettinga av stipendet frå Älvdalens Besparingsskog. Ordskiftet om elvdalsmålet sin status har i det siste vore ganske heftig, med bl.a. ein professoral debatt i Gustav Adolfs Akademin i Uppsala tidlegare i haust. Uansett blir det spennande å sjå om stipendet får ein effekt. Eg trur det i det minste har ein viktig symboleffekt: Elvdalsk blir sett (ein) pris på!

Powered by Labrador CMS