Næringslivsponsa språkbevaring

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Money talks

Her før jul blogga eg om at Älvdalens Besparingsskog hadde lyst ut stipend til ungdommar som aktivt brukar det tradisjonelle målet i Älvdalen, elvdalsk. I går fredag 12. juni blir stipenda utdelte: Ni avgangselevar frå Älvdalsskolan får 6.000 SEK kvar for å vera trufaste mot morsmålet sitt. Meir står å lesa i denne artikkelen i Dalarnas Tidningar

Det skal bli spennande å følgja dette prosjektet. Det har ein del interessante, prinsippielle sider ved seg. Er det f.eks. etisk riktig å betala nokon for å snakka eit bestemt mål? Og vil det eigentleg ha noko å seia i høve til språkbevaring og revitalisering? 

Sjølv tykkjer eg det er heilt greitt at eit lokalt privat føretak er villig til å støtta opp om det lokale målet på denne måten. Hadde det vore offentlege kroner det var snakk om, ville dei etiske problemstillingane ha meldt seg i sterkare grad, for korleis definerer ein kva for mål/språk det er rett å støtta på denne måten.

Eg trur elles effekten er større når det står private krefter bak: Det er eit mykje sterkare signal om at elvdalsk faktisk er verdt noko enn om ein offentleg instans gjekk inn på same måten. 

Diglossi

Tilfellet med elvdalsk er interessant fordi dei fleste språkbrukarane sjølve ser på det som eit eige språk medan det offisielle/politiske Sverige betraktar det som ein dialekt av svensk. Språkbrukarane sitt syn kjem mellom anna til uttrykk ved at dei har eit eige verb for å snakka elvdalsk (å dalska) og eit anna for å snakka svensk (å svenska). 

Men no er det i og for seg mange tradisjonelle svenske mål som ligg ganske langt frå det standardspråklege, og diglossi mellom lokalt mål og svensk har vore mykje meir utbreitt i Sverige enn kva vi er vande med her til lands.

Det er ein klar indikasjon på noko dei færraste nordmenn er klar over: Ytterpunkta i den svenske målførefloraen ligg mykje lenger frå kvarandre enn kva tilfellet er med dei norske dialektane. Det som er annleis i Noreg, er at dialektdauden truleg er mykje mindre omfattande enn i Sverige, og grunnane til det er eit spennande emne i seg sjølv. 

Partitiv artikkel i elvdalsk: Bondesmøret inneheld saltet (Foto: Øystein A. Vangsnes)

Sponsing av lule- og sørsamisk?

Uansett: Sjølv om eg tykkjer det er kjempeflott med initiativet til Älvdalens Besparingsskog, skulle eg gjerne ha sett tilsvarande initiativ overfor sørsamisk eller lulesamisk. Begge desse samiske språka har færre talarar enn elvdalsk, og den samiske språkgruppa som heilskap er den mest trua språkgruppa i heile Europa (sjå meir om dette i blogginnlegget mitt 28. januar i år).

Kva om Norra Skogsägarna, som omset for 1,8 milliardar SEK i året, hadde oppretta eit stipend for lulesamiske ungdommar som går inn for å halda på og røkta språket sitt? Eller at Nord-Trøndelag Elektrisitetsverk med over 3 milliardar NOK i omsetnad i fjor og eit driftsresultat på over 700 millionar gjorde tilsvarande for sørsamisk ungdom?

Dette er verksemder som haustar sine gigantinntekter i område der den samiske kulturen har vore under stort press lange tider, og nokre symboltiltak i titusenkronersklassen vil vera som musepiss å rekna i rekneskapane deira. Effekten derimot kan vera o så stor!

Borna er viktigast

Og aller størst effekt vil ein få når innsatsen blir retta allereie mot dei minste borna. I Älvdalen vert det kjempa ein kamp for at bruk av elvdalsk skal verta lov i barnehagane, altså av personalet overfor borna.

I norske øyre kan det høyrast absurd ut, altså at lokale vaksne ikkje skal få bruka det lokale målet i samkvem med lokale ungar. Idealet om språkleg einsretting har stått mykje sterkare i Sverige enn i Noreg, og for oss språkvitarar vil det truleg aldri bli overflødig å argumentera for at språkleg mangfald utelukkande er av det gode.

Styreleiaren og direktøren i Norsk Språkråd, Ida Berntsen og Sylfest Lomheim, hadde tysdag ein god kronikk i Nordlys om kor viktig det er å skapa gode haldningar til morsmålet hjå små born. Les den, folkens, og lær!

Powered by Labrador CMS