Nasjonalhelten og grunnleggjaren av norsk dialektologi: 200 år i dag

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Ein blir ikkje nasjonal helt av vitskap åleine. Målsetjinga til Ivar Aasen var då heller ikkje å bli heltedyrka, men å gjera ein innsats for folket sitt, for nasjonen. Han ville byggja eit norsk språk tufta på språket nordmenn allereie hadde, talemålet deira.

Det gjorde han. Og han gjekk vitskapleg til verks. I dag er det 200 år sidan Ivar Andreas Aasen vart fødd. Han vert grundig feira i dag, og mykje vert skrive og sagt om hans arbeid desse dagane. Bondesonen frå Hovdebygda er først og fremst kjent som grunnleggjaren av nynorsk og som diktar av kjende songar.

Men lat oss ikkje gløyma at Ivar Aasen også er grunnleggjaren av norsk dialektologi. Frå ein samtidig synsvinkel var Aasen ein framifrå lingvist, og han føretok ei kartleggjing av dei norske dialektane som knapt nokon hadde makta å gjera på eiga hand i våre dagar. I perioden 1842 til 1883 hadde han i følgje Ottar Grepstad  2762 reisedagar, dvs. nærmare 70 dagar i året. I snitt.  Med båt, til hest og til fots. Over heile landet. Finnmark var det einaste fylket Aasen aldri besøkte, og på hans tid var då heller ikkje norsk majoritetsspråket der.

Prosjektet til Ivar Aasen gjekk inn i ein nasjonal diskurs om korleis den unge nasjonen Noreg skulle få sitt eige, norske språk. Opphavleg meinte Aasen at eit selskap av språkkunnige menn burde samla inn ord og grammatiske opplysingar om talemåla og sidan byggja eit fellesspråk på grunnlag av det. Men då dette aldri kom i stand skifta han meining og bestemte seg for å gjera det på eiga hand. I ein artikkel i Bergens Stiftstidende i 1841 skriv han: «Et saadant Arbeide, tænkte jeg, kan kun udføres af En, der er født og opdragen i en Bondes Hytte. Jeg vil forsøge et saadant Arbeide.» Resten er historie, som det heiter. Ein biografi i stutte drag om Ivar Aasen kan lesast her,  og lengre biografiar i boks form finst det fleire av.

Aasen var vitskapsmann. Og han brukte vitskapen som verktøy til å oppnå noko meir. Han bygde eit skriftspråk basert på talemålet til folk flest, eit skriftspråk som kunne utfordra det språklege hegemoniet til den dansk-kunnige eliten i samfunnet. Med det vart landsmålet, seinare nynorsk, ein del av eit demokratiserings- og utjamningsprosjekt. Det har det norske samfunnet nytt godt av, og jamvel samanlikna med våre skandinaviske naboland – som alle vert rekna som egalitære samfunn – er dei sosiolingvistiske maktstrukturane svakare i Noreg.

I sommar var eg og familien på ferie på ei øy i Middelhavet, nærmare bestemt Sicilia. På Sicilia snakkar dei siciliansk, eit romansk språk som ligg lenger vekk frå italiensk enn nynorsk ligg frå bokmål. Siciliansk og italiensk er ikkje gjensidig forståelege. Men dei nesten fem millionane morsmålstalarar av siciliansk har ikkje noka eige etablert skriftspråk. Det samfunnsberande skriftspråket på Sicilia er italiensk slik tilfelle er med dei fleste regionale språk i Italia. Arbeidet med å skriftfesta språket til sicilianarane er så vidt påbyrja – siciliansk Wikipedia har drygt 23.000, under ein fjerdedel av kva vi finn for nynorsk. 

Men det var eigentleg ikkje det eg skulle seia. Heim frå Sicilia hadde vi direktefly med Norwegian. Vel om bord i flyet sette sonen min på 11 seg ned og byrja å bla i ombord-blekka til Norwegian. Mot slutten av magasinet har dei eit oversyn over «haleheltane» sine, og etter ein liten augneblink bryt poden ut på tromsødialekt: «Hæ?! Kor e Ivar Aasen?!»

Sjølvsagt er guten min son til far sin. Og sjølvsagt er det ganske vilkårleg kven som endar opp som halehelt hjå Norwegian. Og sjølvsagt er Ivar Aasen både elska og hata i våre dagar i og med at han er det fremste symbolet for nynorsk, eit språk som mange nordmenn i alle fall seier dei mislikar. Men når Aasmund Olavson Vinje har hamna på ein flyhale, kan det ikkje vera nynorskhat som er til hinder, og når Arild Edvardsen også er å finna i dette selskapet, kan det knapt vera noko krav at kandidaten skal vera ein representant for heile nasjonen. Å verta halehelt hjå Norwegian er ikkje det ultimate symbolet på nasjonal heltestatus, men det burde vera den minste markeringa flyselskapet kunne gjera i høve Språkåret 2013 at dei pryda eit av flya sine med Ivar Aasen. Av sju kategoriar fell Aasen i tre av dei: Litteratur, pioner og vitskap.

Smått ironisk i situasjonen ombord i flyet hadde Det norske oljeselskap ein annonse på baksida av Norwegian-blekka. Der stod det: «The nation builder Ivar Aasen crisscrossed Norway in his search for words and phrases, developing a language based on rural Norwegian native speech, nynorsk.» Nasjonsbyggjar. Høyrer de, Norwegian? Det står i dykkar eigen publikasjon!

Halehelt eller ikkje: Nasjonal helt kjem Ivar Aasen alltid til å vera. Til lukke med dagen kvar og ein!

Powered by Labrador CMS