Norden og det samiske

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Nordens dag
I dag sundag 23. mars har Nordens dag vore feira. På denne dagen i 1962 vart den såkalla Helsingforsavtalen underteikna, ein avtale som har hatt stor tyding for samkvemet mellom dei nordiske folka. Avtalen gjorde det mogleg for innbyggjarane i Danmark, Finland, Færøyane, Grønland, Island, Noreg, Sverige og Åland å flytta mellom landa, å ta opp arbeid i eit av dei andre nordiske landa og til å få dei same offentlege tenestene som andre borgarar i det landet.

Den nordiske festkaka
Som ei første markering på morgonkvisten i dag la Nordisk råd og Nordisk ministerråd ut eit bilete på Twitter av ei stor blautkake dekorert med det offisielle nordiske svanemerket og teksten «Glædelig Nordens dag! Vi har taget en bid af kagen og ser frem til en festlig dag. Følg og del med os på #nordensdag». På biletet var det skrive helsingar på svensk, grønlandsk, finsk, islandsk og færøysk. Norsk og dansk manglar, men det gjer også nokre andre språk som høyrer Norden til. Det kjem vi tilbake til.

Eg <3 Norden!
Eg har eit hjarte som bankar for Norden. Eg har budd og dels studert, dels arbeidd i Finland, Island og Sverige, og eg har vore mykje i Danmark og fleire gonger på Færøyane. Eg har dessutan leia eit større nordisk forskingssamarbeid – med dei nordiske (nordgermanske) språka som studieobjekt – og no har eg jamvel omsider hamna i ei fast vitskapleg stilling innanfor nordisk språkvitskap ved UiT.

Nordens hus i Reykjavík
I 1994/1995 studerte eg på Island. Eg budde på universitetsområdet til Islands Universitet (Háskóli Íslands) i bygningen Nýi Garður, den gongen studentheim, no omgjort til kontorar. Frå vindauga mitt såg eg rett over på Nordens Hus, denne vakre bygningen teikna av den verdskjende finske arkitekten Alvar Aalto. Der heldt dei nordiske sendelektorane til, dit kunne ein gå i kaféen og lesa aviser frå dei ulike nordiske landa eller i biblioteket og finna nordisk litteratur. Og der var det tilstelningar av ymse slag, alt frå feiringar av nordiske merkedagar eller konsertar og anna.

Nordens hus i Reykjavík. Foto: (Foto: Nordisk råd)

Flaggrekka 
Utanfor bygningen stod det – og står framleis – ei rekkje med flaggstenger, og på viktige dagar vart dei nordiske flagga heiste, det islandske, det ålandske, det danske, det finske, det færøyske, det grønlandske, det norske, det svenske og det nordiske med svanen. Allereie den gongen undra eg meg over kvifor det samiske flagget ikkje var å sjå. Eg seier «allereie», for på den tida hadde eg ikkje så veldig mykje kjennskap til samisk språk og samisk kultur.

Det samiske i det nordiske
Sidan har kjennskapen til samisk og det samiske auka og med det har også erkjenninga av at den samiske minoriteten ikkje har nokon veldig klart definert plass i det nordiske samarbeidet slik dei grønlandske, færøyske og ålandske minoritetane har det. Heilt tilsidesett er det samiske ikkje: Mellom anna blir det nominert eigne kandidatar for det samiske språkområdet til Nordisk råds litteraturpris. Og sjølvsagt nyt samar godt av Helsingforsavtalen og den frie flyten for borgarar i Norden. Men på kaka til Nordisk råd og Nordisk ministerråd i dag er det altså ikkje noka helsing på eit av dei samiske språka.

Den parlamentariske forklaringa
Det er ei veldig enkel forklaring på kvifor det er slik. Nordisk råd og Nordisk ministerråd er eit samarbeid mellom dei nordiske parlamenta slik vi høyrer i denne helsinga frå direktør Britt Bohlin i Nordisk råd (og legg merke til flagga i bakgrunnen på videoen). Åland, Færøyane og Grønland har alle sjølvstyre for sine territorium og eit folkevald parlament med reell makt. Sápmi strekkjer seg over tre nordiske land samt Russland, og sjølv om det finst eit sameting i Noreg og eitt i Sverige og eitt i Finland, finst det ikkje noko felles parlament for alle samar, berre eit uavhengig, kulturpolitisk sameråd. Og dei nasjonale sametinga har heller ingen reell myndigheit over dei samiske områda – rolla deira er først og fremst å fordela statlege midlar til samiske formål og vera høyringsinstans i samiske spørsmål.

Paradokset
Men i det ligg det eit stort paradoks. Vi har altså eit folk i Norden som ikkje har nokon offisiell status i det nordiske samarbeidet. Sápmi passar ikkje inn i måten det nordiske samarbeidet er organisert på: I den grad det finst nokon samiske stemmer i Norden, må dei formidlast via dei norske, svenske og finske. Dette kunne det vera ei oppgåve for nettopp Nordisk råd å gjera noko med, leggja til rette for at også Sápmi blir representert i det nordiske samarbeidet og kanskje endå viktigare: Arbeida fram ein betre overnasjonal samepolitikk i Norden.

Delt mellom fleire land
Det er nemleg til dels store skilnader på korleis Noreg, Sverige og Finland legg til rette for sine samiske innbyggjarar. Berre Noreg har så langt sannkjent samane som urfolk etter ILO-konvensjonen, og medan hovudansvaret for den norske samepolitikken ligg hjå Kommunal- og fornyingsdepartementet, er det i Sverige Lantbygdsdepartementet som har dette ansvaret. Det seier i seg sjølv ganske mykje, og det er kanskje ikkje så veldig overraskande at til dømes satsinga på samisk språkopplæring er svært beskjeden i Sverige samanlikna med i Noreg. Ei sterkare samordning av samiske tiltak på tvers av dei nordiske landegrensene kunne vera ei oppgåve for Nordisk råd og Nordisk ministerråd.

Ei flaggstong for samisk?
Og under alle omstende burde ein kunna vurdera den vesle symbolske gesten det ville innebera å gjera plass også til det samiske flagget i den nordiske flaggrekka.

Forskjellene i livvidde er store mellom dem som bruker og har brukt samisk språk hjemme gjennom generasjonene, og dem som regner seg som etnisk norske. (Illustrasjonsfoto: Silje Bergum Kinsten, norden.org)

Powered by Labrador CMS