Nordisk fordubbing av NRK Super og andre

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Dubbing av nordiske ungdomsprogram
I ei god stund no har eg irritert meg over at NRK systematisk dubbar svenske og danske ungdomsseriar til norsk  – altså legg på norsk tale. Ein ting er at dubbing, uansett kor godt utført det er, alltid fører til meir kunstig språkføring. Langt verre er det at denne praksisen fråtek sjåarane eit veldig godt høve til trening i grannespråksforståing. 

I forrige veke kvitra eg litt om dette på Twitter med klar adresse til NRK og spurde om det er nokon som har ei god forklaring på denne praksisen. Eg fekk ikkje noko svar. Men i går vart dette teke opp som ei sak på Kulturnytt i NRK P2. Tilfeldig? Vel, innslaget spelte vidare på ei sak tidlegare i månaden om at det går feil veg med grannespråksforståinga i Norden. At dei då valde å henta inn kjendislingvisten Helene Uri, er heilt greitt, for Helene og eg har heilt samanfallande syn på at dubbing av grannespråk  i program for born og unge er veldig uheldig og trist i eit språkstimuleringsperspektiv. Faktisk vil eg tru dei aller fleste av våre kollegaer innanfor språkvitarstanden er av den oppfatninga.

Språkleg bjørneteneste
Og når ein ser på dei svara som blir gitt frå Joachim Ulrichsen i NRK Super og Linda Andersson i Walt Disney Company Nordic (Disney Channel), mistenkjer ein at dei som står bak avgjerdene om dubbing for born og unge, veit svært lite om språkutvikling og språkstimulering og at dei i alle fall i liten grad er medvitne om at praksisen deira har konsekvensar for nordisk grannespråksforståing på lengre sikt. Det verste er at eg trur det heller ikkje er så mange foreldre som forstår at dei gjer borna sine den same bjørnetenesta når dei set i ein DVD med Emil eller Pippi eller Saltkråkan og vel «norsk tale» framfor originallyden. 

Både Ulrichsen og Andersson begrunnar dubbinga funksjonelt, altså at det gjer det lettare for borna å forstå. Andersson seier dessutan at det ikkje er Disney Channel si oppgåve å fremja internordisk språkforståing. Men det er ei grov undervurdering av borns språkkompetanse å ta som utgangspunkt: 1) at dei ikkje er i stand til forstå svensk og dansk og 2) at borna heller ikkje er i stand til å auka si forståing berre dei får sjansen til å bli eksponert for det. Born er svært gode til å skapa forståing i det språklege innputtet dei får.

Kvalitet står seg!
Ein kan dessutan spørja seg følgjande: Kor viktig er det eigentleg at borna forstår absolutt alt på akkurat den måten programskaparane hadde tenkt? Er ikkje målet med TV-underhaldning at sjåarane tykkjer det er underhaldande? (Dei same spørsmåla kan sjølvsagt reisast for vaksne.) Viss svaret på det siste er ja, blir min påstand at dersom eit dansk eller svensk program ikkje er underhaldande for norske born og unge på originalspråket, då er det rett og slett ikkje godt nok laga. Vil til dømes norske born mislika LasseMajas detektivbyrå (sjå klipp nedanfor) dersom dei får sjå serien med svensk tale og norsk tekst? Eg trur ikkje det! 

Meir kontakt gir betre forståing
Og det ein veit gjennom forsking, er at meir kontakt med grannespråk gir meir positive haldningar til dei noko som i neste omgang aukar forståinga. I ein kommande artikkel av Nanna Haug Hilton og Charlotte Gooskens ved Groningen-universitetet, har dei undersøkt haldningane til dansk hjå grupper av skuleelevar på Austlandet og i Finnmark. Dei finn – ikkje overraskande – at dei som har mest kontakt med dansk (austlendingane) er mest positivt innstilte til språket. TV-sjåing er også ei form for språkkontakt i denne samanhengen, og i rapporten frå det internordiske språkforståingsprosjektet på byrjinga av 2000-talet (Delsing og Lundin-Åkesson 2005) vert det meldt om ein positiv korrelasjon mellom TV-sjåing og auka evne til å forstå grannespråk.  

Fellesnordisk kanal?
Eg oppfattar NRK Super som ein svært god kanal for born og unge. Ungane mine likar den. Eg vel faktisk å tru at det er håp om at kanalen er i stand til å ta til seg slike innspel som dette. Underbruket Supernytt tok til dømes til seg kritikken frå målrørsla om at det var lite nynorsk og dialekt i sendingane deira, og hadde ein formidabel auke frå 2010 til 2011 slik at dei no nærmar seg kravet i Mållova på 25%. Med Disney Channel blir det truleg ein mykje lengre veg å gå. Er det då muleg å få til ein fellesnordisk allmenkringkastar for born og unge utan dubbing som gir dei så mykje konkurranse at dei blir nøydde til å innta ei anna haldning? 

 

Powered by Labrador CMS