Norsk i Amerika

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Dei siste par vekene har mine gode kollegaer ved UiO, Janne Bondi Johannessen og Signe Laake, vore på ein dialektinnsamlingstur i USA! Ja, for det finst faktisk framleis den dag i dag etterkommarar etter norske utvandrar i Midtvesten som snakkar norsk. Og her er det snakk om både tredje og fjerde og jamnvel femte generasjons innvandrarar – som har budd heile sine liv i USA og som i mange tilfelle aldri har sett sin fot i Noreg.

På turen holdt Janne og Signe resten av prosjektnettverket orientert om kva dei opplevde på si ferd rundt i fire statar i Midtvesten gjennom innlegg på ScanDiaSyn-bloggen. Del 1 kan lesast her og del 2 kan lesast her. I tillegg finst det meir informasjon om Norsk i Amerika-prosjektet her.

Amerika-turen skjedde som ein del av ei forgreining av prosjektet Norsk dialektsyntaks som i sin tur er eit underprosjekt av det fellesnordiske samarbeidet Nordisk dialektsyntaks (ScanDiaSyn) der vi i tillegg til å gjera konkrete dialektgrammatiske undersøkingar også byggjer opp datasamlingar med mellom anna søkbare talemålsopptak (sjå denne sida).

No og då, gjennom radio- og fjernsynsprogram og gjennom offentlege og private reiseskildringar, får det norske publikummet glimt av den norskamerikanske kulturen i USA, og av og til dukkar det i desse opp personar som viser seg å kunna norsk. Det interessante med desse norsktalande, er at dei ofte viser seg å snakka tradisjonelle bygdemål frå ulike delar av landet, og ulike stader har sitt eige mål avhengig av kor i Noreg immigrantane kom ifrå.

Dette fekk også Janne og Signe erfara, og dei to – som begge kan seiast å snakka Oslo-dialekt av den meir vestlege varianten – fekk dessutan erfara at dei til tider måtte tilpassa sitt eige mål for å kunna bli forstått av informantane sine! Det må ha vore ei skjelsetjande oppleving for dei – vanlegvis er det jo bygdemålstalarar som må tilpassa seg oslomålet.

Les meir om den spennande turen til Janne og Signe på ScanDiaSyn-bloggen! Klikk på innleiinga nedanfor, så er du i gang, og legg gjerne att kommentarar!

When the Norwegian Research Council and our own department ILN at the UiO granted money to extend the Norwegian Dialect Syntax project to Norwegian-American dialects in the US, the Mid-West tour was planned immediately, and this blog recounts our experiences from Illinois, Wisconsin, Minnesota, and South and North Dakota.

Janne Bondi Johannessen and Signe Laake are at present on a two-week tour in the Mid-West of the USA to record Norwegian-American speech. We have lined up meetings with informants throughout this period. The informants or acquaintances of theirs contacted us after having seen adverts we had placed in Norwegian-American journals.

Powered by Labrador CMS