NTNU baklengs inn i den asiatiske framtida
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
På veslejulaftan 23. desember 2011 helste dekan Stig A. Slørdahl lesarane av forskning.no God Jul med blogginnlegget «Kunnskap for en bedre verden» der han fortalte litt om den nye strategien til NTNU for åra 2011-2020. Slørdahl starta med å fortelja at han tykkjer det er inspirerande å være tilknytt ein institusjon som «ønsker å bidra til kunnskapsutviklingen som vil skape verdier økonomisk, kulturelt og sosialt».
Nedleggjing av japansk og kinesisk
Noko av det NTNU skal satsa på – og som Slørdahl ikkje kom inn på – er eit utbreitt samarbeid med Japan og Kina, spesielt innan tekniske og naturvitskaplege fag. Paradoksalt nok formulerer NTNU denne Asia-satsinga si samtidig som dei vedtek å skjera kraftig ned på tilbodet i japansk og kinesisk språk og kultur ved HF-fakultetet sitt (jf. artikkel i Universitetsavisa 8. desember). Og same dag som Slørdahl publiserte blogginnlegget sitt, hadde då også professor Leiv Egil Breivik og universitetslektor Benedicte Irgens ved Universitetet i Bergen eit innlegg i Adresseavisen der dei kritiserer NTNU for nettopp dette. Breivik er leiar ved Insitutt for framandspråk og Irgens fagkoordinator for japansk og kinesisk ved UiB, og dei beklagar at NTNU ikkje ønskjer å vera med på å møta den aukande interessen for asiatiske språk ein ser i befolkninga, mellom anna blant elevar i den vidaregåande skulen: Dei få universitetstilboda som eksisterer her til lands er allereie sprengt.
Møtet med veggen
Vidare peikar dei på den svært provinsielle og lite innsiktsfulle grunngivinga prorektor for utdanning og læringskvalitet, fysikkprofessor Berit Kjeldstad, ga til Universitetsavisa om at NTNUs samarbeid med Japan og Kina føregår på ein engelskspråkleg plattform. Breivik og Irgens seier det slik: «Skal man bygge opp bærekraftige relasjoner med Kina og Japan, vil man før eller senere møte veggen dersom man tviholder på en engelskspråklig plattform, hvor behagelig det enn måtte være for nordmenn.»
Presset mot humaniora og samfunnsfag
Mandarin-kinesisk er verdas mest brukte språk målt etter kor mange personar som brukar det dagleg, og både forskarar og studentar innanfor andre fag ved NTNU er også kritiske til nedlegginga av studietilbod i japansk og kinesisk ved NTNU. Sjølv ser eg det som nok eit bevis på det aukande presset humanvitskaplege disiplinar står overfor og at det er særs viktig for oss humanistar og til dels samfunnsforskarar å stå på for å synleggjera relevansen av faga våre. I møtet med nye finansieringsmodellar for høgare utdanninga er ei rekkje studietilbod i ulike språk- og kulturfag lagt ned ved Universiteta i Stavanger, Bergen og Tromsø i løpet av dei siste par åra. No står også NTNU for tur. Ryktet fortel at japansk og kinesisk berre er byrjinga – heile lingvistikkprogrammet er visst allereie vedteke lagt ned, og meir skal det bli.
Frå breiddeuniversitet til teknisk høgskule?
At NTNU går i bresjen for ei slik utvikling med manglande satsing på humanistiske fag, er kanskje ikkje anna enn ein skulle venta – etter fusjonen mellom Universitetet i Trondheim og Noregs Tekniske Universitet til NTNU i 1996, var det vel berre eit tidsspørsmål før dei teknisk-naturvitskaplege disiplinane for alvor til fulle ville skvisa dei humanistiske og samfunnsvitskaplege faga.
Med røvi føre
Som medisinar ser nok Stig A. Slørdahl lyst på den nye strategien til NTNU. Men det kunne vera interessant om han kunne gi ein litt djupare analyse av korleis NTNU har tenkt å skapa verdiar kulturelt og sosialt med den lina dei har lagt seg på. Når det gjeld japansk og kinesisk språk og kultur spesielt og språklege disiplinar generelt er det mykje som tyder på at NTNU går – for å seia det på eige mål – med røvi føre inn i framtida.