Nynorsk på forsking.no – tankar frå ein tvimælt synsar

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Eg tykkjer – som mange andre – at vi har ein interessant språksituasjon i Noreg. Sjølv er eg både bokmål- og nynorskbrukar. Som eit utslag av oppvekst både på Austlandet og på Vestlandet (og sjølvsagt litt andre forhold) har eg to aktive dialektar – sognamaol og, tja, “sentralaustlandsk talemål” eller noko slikt. Eg er m.a.o. tvimælt. Dette skapar til tider forvirring blant folk – mange har tilsynelatande vanskelegare for å forhalda seg til dette enn om ein person er tospråkleg i eigentleg forstand og vekslar lat oss seia mellom norsk og tysk, eller norsk og svensk for den saks skuld.

Eg tykte eg måtte bruka nynorsk då eg seinhaustes i fjor vart rekruttert som bloggar til forsking.no. Grunnen var enkel: Då eg såg gjennom lista av bloggarar, var det ikkje ein einaste ein som skreiv på nynorsk! Sidan den gong er lista blitt bra mykje lenger – kanskje fordobla – men det er berre komme til ein nynorskbrukar til: Nils Aarsæther. Statistikken er som følgjer: Eg tel p.t. 55 navn på lista over bloggarar, inkl. dei som bloggar under fellesprofilane. To av desse – eller 3,6% – skriv altså på nynorsk. Og til alt overmål er vi to nynorskbloggarar begge tilsett ved Universitetet i Tromsø

Eg tykkjer det er verdt å reflektera litt over dette. Er (det statistisk insignifikante) prosenttalet i forrige avsnitt eit uttrykk for kor stor del av befolkninga som er nynorskbrukarar når det kjem til stykkjet? Eller er det eit teikn på at jenter og gutar frå landsbygda på Vestlandet og Indre Austlandet i liten grad går inn i akademia? Eller gjer dei det, men legg bort barndommens mål i møte med bokmålspresset? Eller blir nynorskbrukarar medvite eller umedvite disfavorisert når forsking.no rekrutterer bloggarar?

Eg har vel mest tru på at det faktisk er slik at mange som har nynorsk som opplæringsmål i skulen, byter til bokmål når dei går vidare på skule og universitet. Nokre gjer det sikkert allereie på vidaregåande og andre seinare. Eg har sjølv mange vener heimefrå (frå Sogn, altså) som har flytta ut og no berre brukar bokmål i jobbane sine. Og eg blir like forfærda kvar gong eg får ein privat sms eller e-post på bokmål frå dei! 

Eg tykkjer ikkje ein berre skal blåsa av det bokmålspresset som finst i samfunnet. Det er ein type undertrykking på line med mykje anna undertrykking av det som er annleis. Nokre står friskt imot, andre føyer seg, men ikkje alle føyer seg fordi dei eigentleg vil. Farbror til far min, Olav Vangsnes (1898-1999), voks opp i Fresvik saman med fem brør og ei søster. I motsetnad til syskjena sine nekta han å gå til sjøs og dro i staden til Trondheim for å utdanna seg til arkitekt. Han likte å fortelja oss at han var den første som skreiv diplomoppgåve på landsmål, og at han møtte ikkje reint lite motbør då han insisterte på å gjera det. Det er nok lettare å stå imot notildags, men til gjengjeld skriv vel dei fleste på gamle NTH oppgåvene sine på (dårleg) engelsk no? (Engelsk vs. norsk i akademia tek vi ein annan gong…)

Eg trur elles mange ikkje skjønar at dei driv med umedvite diskriminering. Ein klassikar er termparet ‘norsk vs. nynorsk’. Eg såg faktisk nett ein søknad der søkjaren hadde oppgitt å ha språkkompetanse i norsk og nynorsk: Og det var på ei stilling i norsk/nordisk! (Eg skal rett nok ikkje bruka det mot vedkommande.) Eg søkte sjølv nyleg på ein jobb via jobbnorge.no, og på sidene der, oppe til høgre, er det ein språkvalsknapp. Før stod valet mellom Norsk, Nynorsk, English og Samegiella. Då eg kikka (‘kicka’) på dette, fekk eg til svar at det var for å gjera det lettare for alle utlendingar som ikkje kjenner så godt til dette med bokmål og nynorsk. Sic! Vel, eg føreslo ei enkel løysing på problemet, og den vart teken til følgje: Nokre gonger er mangel på fantasi eit meir akutt problem enn illvilje…

Eg synest forresten eg i denne samanhengen må nemna at det elektroniske søknadsskjemaet til jobbnorge.no har ei side der ein kan oppgi og angi munnlege og skriftlege språkkunnskapar med kvalifikasjonane “morsmål”, “flytande”, “god” og “grunnleggjande”. Der er bokmål og nynorsk førte opp som eigne språk, og eg kan ikkje fri meg frå å tykkja at det var litt artig å kunna setja opp morsmålskompetanse i både bokmål og nynorsk – skriftleg såvel som munnleg! Eg kjende meg nesten genuint tospråkleg ei lita stund…

Eg skulle likt å vita kor mange skapnynorskingar som skjuler seg i lista over bloggarar på forskning.no. Kanskje er det ingen, men det er i alle fall ein heil del tilsynelatande vestlandske etternamn å sjå, så det skulle ikkje forundra meg om det var fleire som har hatt nynorsk som opplæringsmål. Det er ikkje så veldig mykje nynorsk på dei andre sidene til forskning.no heller, så ein slit vel her som elles med måltalet på 25%. Eit tiltak UoH-sektoren kan og bør iverksetja for å unngå å gjera måltalet til eit åk og eit problem, er å syta føre at dei nynorskingane som kjem til institusjonane som studentar, blir stimulerte til å fortsetja som nynorskbrukarar framfor å bli diskriminerte over i bokmålet. Når dei i neste omgang går inn i forsking og administrasjon og blir tekstprodusentar, vil dei utgjera akkurat den ressursen som trengst både for institusjonane sjølve, for forsking.no og for alle andre offentlege instansar.

Eg tykkjer det kan passa å avslutta med den tvisynte tvilaren Oddvar Torsheim som rota seg bort før han fann seg ein port til nynorskens skog. Her vil vi bli, her er det mykje hugnad å finna og her er det god plass til fleire: Kjem inn, kjem inn!

Powered by Labrador CMS