Ottar om språk

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

På fredag 11. mai vart hefte nummer to i 2012-årgangen av tidskriftet Ottar lansert på ei lita tilstelning ved Universitetet i Tromsø. Ottar er Tromsø Museums populærvitskaplege tidsskrift som kjem ut fire gonger i året, og gjesteredaktør for dette heftet var underteikna  – det ber tittelen «Språkutvikling, dialekt og grammatikk» og inneheld seks artiklar om språk skrivne av forskarar ved Center for Advanced Study in Theoretical Linguistics (CASTL).

Ottar er sjølvsagt oppkalla etter Ottar frå Hålogaland som rundt år 900 fortalde Kong Arthur av England om sitt heimeområde lengst nord i Noreg og om reiser han hadde gjort endå lenger, heilt til Kvitsjøen. Formålet med tidskriftet er då også å formidla kunnskap om og frå nordområda, og det har det no gjort i snart 60 år med fire hefte i året.

CASTL har ein temmeleg internasjonal profil både når det gjeld kva for språk det blir forska på og når det gjeld kor dei tilsette forskarane kjem frå – nordmenn og nordbuarar er i mindretal. Men det har òg blitt forska mykje på nordnorsk, norsk og nordiske språk ved CASTL dei siste 10 åra, ikkje minst fordi det nordiske spissforskingsnettverket Nordic Center of Excellence in Microcomparative Syntax (NORMS) har vore leia derifrå. Vidare er det blitt bygd opp ei forskargruppe i språktilegning med tilhøyrande barnspråkslabb der mykje av forskinga tek utgangspunkt i nordnorske borns språkutvikling.

Alle dei seks forskarane som har bidrege til Ottar-heftet, har vore involvert i NORMS og alle deltok også på eit feltarbeid på Senja i regi av NORMS i oktober/november 2006. Nokre drypp av resultatar frå det feltarbeidet kjem fram i nokre av artiklane i Ottar-heftet, mest tydeleg i Knut Tarald Taraldsens bidrag om adjektivbøying i senjamål, nederlandsk og afrikaans.

Med oss på det feltarbeidet på Senja den gongen var også lyrikaren, målgranskaren og senjaværingen Helge Stangnes. Han fungerte som dialektologisk kjentmann og rettleiar, og på lanseringa av Ottar-heftet deltok han med framføring av fleire av sine dikt i talemålsnær, bunden form. 

Heilt til få dagar før lanseringa visste eg ikkje at dette temaheftet var det første nokonsinne om språk. Då vart det straks endå meir stas å ha bidrege til at det vart til! Dei noverande redaktørane av Ottar skal ha stor takk for at dei tok initiativet til heftet og ikkje minst til at det vart så bra som det vart. Ola Graff, redaktør for kultur og samfunn, gjekk med hard hand laus på all vanskeleg fagterminologi og foreslo forenklingar og forbetringar. Likeså vart det gjort eit viktig arbeid med å finna fram til mange og gode illustrasjonar til artiklane.

Alle vitskapsfolk har godt av å gå gjennom ein slik redaksjonell prosess der dei blir tvungne til å tenka igjennom korleis dei betre kan formidla sin kunnskap til eit allmennt publikum. Dei fleste forfattarane skriv til dømes svært sjeldan om fag på norsk, så berre det var ei utfordring. Men resultatet vart godt, trur vi. Nedanfor følgjer innleiinga eg skreiv til heftet. For dei som skulle få meirsmak av det, finst det informasjon om tinging på denne sida.  

–––––––––––––––––––––––

Innleiing til temaheftet «Språkutvikling, dialekt og grammatikk», Ottar 2:2012, Tromsø Museum – Universitetsmuseet, Universitetet i Tromsø

Artiklane i dette heftet er skrivne av forskarar med tilknyting til Center for Advanced Study in Theoretical Linguistics (CASTL) ved Universitetet i Tromsø. CASTL vart oppretta i 2003 som eitt av dei 13 første senter for framifrå forsking (SFF) med løyving frå Noregs forskingsråd, og det første i sitt slag ved UiT. Løyvinga frå Forskingsrådet er for 10 år, og CASTL er no inne i sitt siste år som ordinært SFF. Frå 2013 vil senteret fortsetja som ei eining under Institutt for språkvitskap med ansvar for mellom anna ein forskarskule i teoretisk lingvistikk.

Den språkvitskaplege aktiviteten ved Universitetet i Tromsø har vore særs høg dei siste ti åra som ei følgje av opprettinga av CASTL. Senteret har tiltrukke seg mange forskarrekruttar og meir røynde forskarar både som tilsette og gjester, og det har vore ein ekstraordinær produksjon av doktoravhandlingar i lingvistikk. Senteret har hatt ein sterk internasjonal profil både når det gjeld personale og tematikk: Eit sentralt overgripande prinsipp har vore å gjennomføra ‘selective global comparison’, det vil seia samanlikning av utvalde fenomen i verdas språk.

Sjølv om norske forskarar har vore i klart mindretal på CASTL, har norsk og nordnorsk likevel fått ein viktig plass, ikkje minst fordi fleire andre prosjekt ut over grunnløyvinga har vorte knytta til senteret i perioden. Eitt av desse har vore eit fellesnordisk prosjektet om utforskinga av grammatisk variasjon i det nordiske språkområdet, Nordisk dialektsyntaks (ScanDiaSyn), som også har inkludert den nordiske SFFen Nordic Center of Excellence in Microcomparative Syntax (NORMS).
I løpet av CASTL-perioden er det også blitt bygd opp ei forskargruppe i barnespråk og språktileigning med tilhøyrande prosjektløyvingar og oppretting av ein barnespråkslabb. Denne forskargruppa har hatt som sitt utgangspunkt undersøkingar av språktileigning hjå nordnorske born.

Alle bidragsytarane i dette heftet har vore involvert i den nordiske dialektforskinga ved CASTL og tre av dei er også sentrale forskarar i barnespråksgruppa. Det syner att i emne og innhald for artiklane.

Peter Svenonius opnar artikkelsamlinga med eit bidrag som problematiserer den utbreidde oppfatninga om at språk har oppstått ut frå behovet for å kommunisera. Han gjennomgår argumenta framsett av mellom anna Noam Chomsky om at språk truleg har oppstått som ei evne til å tenka i meir kompliserte banar og at språk som så er eit biprodukt av denne evna.

Marit Westergaard, Merete Anderssen og Kristine Bentzen har skrive tre artiklar saman som alle tek føre seg eit grammatisk trekk ved nordnorske dialektar sett i lys av mellom anna barnespråk. Den første artikkelen er ein oversiktsartikkel om variasjon i ord- stilling. Der forklarar dei at borns avvik frå vaksenspråket er systematiske og gjennomgår ulike fasar, og dei gir også eit innblikk i kva for metodar ein kan nytta når ein forskar på språktilegning og borns språk.

Den andre artikkelen til Westergaard, Anderssen og Bentzen diskuterer eit bestemt ordstillingsfenomen, plasseringa av eigedomspronomen framfor eller etter substantivet (min bil vs. bilen min). Dei presenterer resultat frå tre ulike studiar: 1) undersøkingar av einspråklege og tospråklege born, 2) undersøkingar av talespråket til vaksne nordmenn, og 3) undersøkingar av talespråket til norskspråklege i Midt- Vesten i USA. Sjølv om ordstillinga bilen min er den vanlegaste hjå vaksne nordmenn, gjennomgår born ein fase der min bil dominerer, og det er vidare slik at tospråklege brukar litt lenger tid på å nå eit stadium der bilen min er hyppigast. For norskspråklege i USA skulle ein kanskje venta at min bil var det vanlegaste i og med kontakten med engelsk (my car), men dette viser seg slett ikkje å vera tilfelle: Det norske mønsteret står støtt også der sjølv etter både tre og fem generasjonar.

I den tredje artikkelen til Westergaard, Anderssen og Bentzen tek dei føre seg plasseringa av verbet i leddsetningar i nordnorsk og andre nordiske språk og dialektar. Allereie i 1918 nemnde Ragnvald Iversen at Tromsø bymål kunne plassera verbet framføre til dømes nektinga (altså ikkje) slik som i Vi var bare tre støkka før det at han Nilsen kom ikkje. Det å ha verbet framføre nekting og andre setningsadverb er eit kjennemerke ved islandsk, men i dei skandinaviske språka er det rekna som standardspråkleg at verbet kjem etter setningsadverb, altså …fordi Nilsen ikkje kom. I tillegg til at dette avvikande ordstillingsmønsteret førekjem i både nordnorske og andre skandinaviske dialektar (t.d. österbottnisk i Finland), er det også eit utbreitt trekk ved norsk barnespråk, og forfattarane nyttar dette til å kasta nytt lys over korleis vi skal forstå grunnleggjande grammatiske skilnader mellom dei ulike nordiske språka.

Øystein A. Vangsnes spør kva slags korleis nordnorsk har, eller på eit muleg nordnorsk mål: Korsn korsn har nord-norsk? Som i mange andre norske dialektar, finn ein også i nordnorsk ein bruk av korleis/hvordan saman med substantiv som elles er lite brukt i standardspråkleg norsk, verken i bokmål eller nynorsk. Enkelte reagerer på denne bruken og det har til og med nådd innsendarspaltane i nordnorske aviser. På basis av systematisk nyinnsamla materiale gjennomgår Vangsnes fenomenet og viser at korleis det er utbreitt i norske dialektar og at nordnorsk på sett og vis kan seiast å liggja heilt i fronten en av språkutviklinga på dette feltet.

Knut Tarald Taraldsen tek oss med på ei reise frå Senja via Nederland til Sør- Afrika. Han diskuterer i sin artikkel ei litt mystisk e-ending på adjektiv i senjamålet, slik som i t.d. ei grei-e jenta. Taraldsen viser at vi finn spesielle e- endingar på adjektiv også i nederlandsk og i kolonispråket afrikaans, og i nokre tilfelle, men ikkje alle, er fellesnemnaren at e-endinga gir ei forsterka lesing av adjektivet. Den store utfordringa, spesielt i nederlandsk og afrikaans, er å knyta desse e-ane til grammatisk kjønn. I ein freistnad på å få det grammatiske systemet til å gå opp inviterer Taraldsen oss med på eit brettspel med e-endingane som brikkar.

Powered by Labrador CMS