«Peeng», «pæeng» eller «penger»:
Nyansar i flatbygdmål og potensiell mytedanning rundt finansminister Sigbjørn Johnsen

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Her om dagen flaut følgjande kvitring frå ein journalist i Dagens Næringsliv forbi på Twitter-straumen min: 

«Dagens forside har utløst heftig intern debatt hos oss om hvorvidt Sigbjørn Johnsen sier “pæeng” eller “peeng”. http://bit.ly/tGt6yp »

Eg såg straks sjansen til å gjera «an educated guess», som det heiter på sidemål, og gjekk inn i Nordisk dialektkorpus og søkte opp kva former for ordet ‘penger’ ein finn i talemåla på Austlandet nord for Oslo. Johnsen er fødd på Lillehammer, men voks opp på Nes i Hedmark i det som no er Ringsaker kommune. Vi kan rekna med at det er der han la grunnlaget for talemålet sitt. 

Men eg fann ikkje akkurat det eg forventa, dvs. ei klargjerande geografisk fordeling av formene «peeng» og «pæeng». Derimot fann eg forma «penger» på alle dei nærmaste stadene til Ringsaker (Skreia, Stange, Rena, samt Gausdal og Grue). Når eg gjekk vidare og såg på kor dei hadde ei form utan fleirtalsending, kunne eg konstatera at alle førekomstane var frå stader i trygg avstand frå Mjøsa: Brandbu og Jevnaker på Hadeland hadde «peeng» og Brekkom i Gudbrandsdalen hadde «pæeng».  

Resultata framgår av kartet nedanfor. Stader der ein finn forma «penger» er markert med raudt, «peeng» er markert med grønt og «pæeng» er markert med blått. 

Formar for ‘penger’ nord på Austlandet slik dei føreligg i Nordisk dialektkorpus (Foto: Nordisk dialektkorpus)

Dette tilseier altså at ein skulle forventa at finansministeren i sitt talemål har «penger» og verken «peeng» eller «pæeng» som ubestemt form av ‘pengar’. Viss no det stemmer, kan dette seia oss litt om kor unyansert landsbygda – og bygdemåla – gjerne fortonar seg frå hovudstaden. Målet på Hadeland og oppover til Valdres framstår sikkert som uskiljeleg frå målet kring Mjøsa, og seier dei «peeng» – eller «pæeng» – ein stad, seier dei det sikkert over alt der oppe på flatbygdene. Og i neste omgang er det kanskje ein myte at Johnsen skal ha sagt ting som «vi har itte mer peeng» eller  «vi har peeng på bok» slik det blir rapportert på Wikipedia-artikkelen om han (12.11.2011).

Etter den vesle undersøkinga mi kvitra eg tilbake til DN-journalisten at eg tippar Johnsen seier «penger». Det kom ikkje noko svar. Det skjønar eg godt – det var jo å øydeleggja all moroa for han og redaksjonen.

Men neste gong ein utskremt medarbeidar frå Dagens Næringsliv får høve, kan jo han eller ho sjekka med Johnsen sjølv og spørja om han har ei form av ‘penger’ med eller utan fleirtallsending. Finansministeren sjølv burde sitja på fasiten. 

(Foto: Ola Sæther)

PS! Nordisk dialektkorpus kjem snart til å bli offisielt lansert, nærmare bestemt 24. november 2011 under konferansen 14. Møte om norsk språk i Tromsø.

Powered by Labrador CMS