Personleg pronomen 2. person pluralis

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Pronomenformer kjem i mange variantar i norske dialektar. Eg, jæi, æ, i, je; vi, me, , oss - slåande døme på at språk ikkje er optimalisert for kommunikasjon! 

Nordisk Dialektkorpus (Nordic Dialect Corpus), som har vore under oppbyggjing i prosjektet Nordisk dialektsyntaks dei siste åra (jf. tidlegare bloggar frå datainnsamlingsturar), kan ein skaffa seg eit oversyn over distribusjonen av både ordformer og ulike grammatiske fenomen i norske og nordiske dialektar på byrjinga av 2000-talet. I det siste har eg vore spesielt nysgjerrig på personleg pronomen andre person fleirtal – av grunnar som vil openberra seg mot slutten av dette stykket.

Fordeling av former for personleg pronomen 2. person fleirtal i Nordisk Dialektkorpus

Dykke, dokker, deko, dikka osv.
Personleg pronomen andre person fleirtal er dere på bokmål og de~dykk på nynorsk. Dei fleste dialektane våre har former som ligg nærmast dei nynorske formene. Samtidig framstår særleg den normerte objekstsforma dykk som svært markert for mange. I tillegg skapar manglande skilje mellom subjekt- og objektsform avstand mellom skrift- og talemål for ein god del: Det heiter «De må skjerpe dykk!», ikkje «*Dykk må skjerpe dykk!». 

I Nordisk Dialektkorpus er dialektopptak transkriberte på ein talemålsnær måte og parallellstilt med ein versjon på normert bokmål. Orda er automatisk morfologisk analysert («tagga»), så ein kan søka etter både bestemte ord og bøyingskategoriar av ulikt slag. Alt er vidare kopla til lyd og video, så når ein har fått søkreresultatet kan ein også høyra eller sjå sjølve opptaket (og dermed kontrollera resultatet). I tillegg til dette kan ein få ut ulike former for statistikk samt kart som syner geografisk distribusjon m.m.

Dersom ein søker etter det bokmålske «dere», som alle talemålsformer er kopla opp mot, får ein p.t. 1070 treff i korpuset. Kartet her viser distribusjonen av dVkk-former i Sør-Noreg (V = ‘vokal’). Dei raude boblane er former med /o/ som vokal (t.d. dokk, doke, dokker); dei gule boblane former med /Y/ (t.d. dykke og dykken); dei blå boblene er former med /e/ som vokal (t.d. deko, dekan), dei grøne med /i/ (t.d. dikka) og dei lilla med /ø/ (t.d. døkk). Som ein ser er det berre i eit lite område i Agder – pluss eit par slengarar – at ein finn former med y mellom d og k. For nordnorske dialektar er former som dokk(er) einerådande.  

Og før vi har sett på subjekt- versus objektsformer utgjer dokk-formene godt over 40% av alle former, noko som er nesten dobbelt så mange som forma dere. Og enno er ikkje alt materiale frå Nord-Noreg og Trøndelag lagt inn i talemålssamlinga. Det følgjande automatisk genererte kakediagrammet viser den statistiske distribusjonen av former slik den føreligg i korpuset nett no: Den store, raude biten er «dere» medan den grøne, den blå og den gule utgjer «dåkker», «dåkke» og «dåkk».  

Det er slettest ikkje noko nytt at det finst mange variantar av personleg pronomen 2. person pluralis. Det er t.d. godt dokumentert i Norsk Ordbok band I (1966) på grunnlag av historisk dialektmateriale, og det er ganske interessant å sjå at materialet i Nordisk Dialektkorpus viser at mange av dei tradisjonelle formene held seg rundt omkring i målføra.  

Kart 2. Distribusjon av de (grøne bobler) og di (raude boblar) som former for personleg pronomen 2. pers. fleirtal i Nordisk Dialektkorpus

Subjektsform på vikande front 

Så var det skiljet mellom subjekt- og objektsform. Bokmål har det ikkje med sitt dere, og i mange dialektar er også «dVkk»-former brukt både som subjekt- og objektsform. I korpuset er omlag 175 av formene kopla til «dere» anten de eller di: Det er høvesvis den lilla og den lyseblå kaka i diagrammet ovanfor. Dette er det vi kan forventa er unike subjektsformer, og dei utgjer då omtrent 16% av alle former: Det åleine er ein indikasjon på at varietetar med unike subjektsformer i 2. pers. pl. er i mindretal i dei norske dialektane. Til gjengjeld synest de og di-formene å vera ganske jamnt fordelte over Sør-Noreg – det ser vi av kart 2 der dei grøne boblene markerer stader med de og dei raude stader med di.   

No er det ikkje slik at alle informantar på desse stadene har skiljet – det kan vera forskjell på t.d. gamle og unge. For min eigen dialekt (Midtre Sogn) er  det t.d. ganske klart at medan mine jamnaldringar (±40 år) stort har skiljet (vs. dikka), skal ein ikkje meir enn 10-20 år ned i årsklassane før det er utstrakt samanfall med dikka som einaste form.

I korpuset finn vi også variasjon: På målepunktet Kalvåg i Sunnfjord (Bremanger kommune; besøkt i august 2008) seier t.d. ei eldre kvinne «De hadd’kje hesste?» medan ei ung kvinne seier «Ka dåkke jær på omm kvelldane egentli?». Frå Ål (besøkt februar 2009) finn vi vidare følgjande utsegn frå ei ung kvinne:

De e velldi vanli […] bLannt dagens onnge å si «dikkan» for eksemmpel, å bruke de … fæil […] ehm, sættninga dær de engkli skulle stått «de» så si ræi «dikkan» istan.

Så mykje tyder på at kasusskiljet i personleg pronomen 2. person pluralis er på vikande front i talemåla. Slik det er eller har vore det for mange av dei andre formene i pronomenparadigmet! 

Rettskriving og eit forslag frå nord
I desse dager arbeider ei nemnd nedsett av Språkrådet med ny rettskrivingsnorm for nynorsk. Er dette eit høve til også å sjå på personleg pronomen andre person fleirtal? Faktisk kom spørsmålet spontant opp på eit møte i Tromsø i september der leiaren for nemnda, Grete Riise, orienterte Troms og Finnmark mållag om arbeidet deira. Eit forslag som etter kvart utkrystalliserte seg frå diskusjonen, var å ta inn forma dokk i rettskrivinga.

Det ville i så fall vera ein aldri så liten revolusjon i nynorskverda. Dei noverande formene de~dykk i nynorsk går tilbake (i alle fall) til Ivar Aasens Norsk Grammatik frå 1864 (sjå side 178ff). Og trass i at Aasen var klar over at dykk-liknande former var i mindretal i talemåla, gjekk han inn for dykk dels fordi forma er nærmast det norrøne korrelatet ykkr (opphaveleg oblik dualis-form) og dels fordi vokalen «y» vil vera den mest samlande for dei ulike vokalane ein finn. Han skriv:

Af de forskjellige Former for Objektet i anden Person synes Formen ‘dykk’ uagtet den er sjeldnere, nu at være den, som bør sættes øverst baade fordi den mest ligner den gamle Form (ykkr), og fordi de øvrige Vokal-Overgange (paa een Side til ‘i’ og ‘e’, og paa en anden til ‘ø’ og ‘o’) kunne lettest forklares af en Form med ‘y’.

Aasen var ein framifrå dialektolog og ein særs reflektert språknormerar, og sjølv om formene han foreslo, er aldri så framande for manges talemål, har dei no eit solid feste i den nynorske skrifttradisjonen. De~dykk kvalifiserer langt på veg som signalformer for nynorsk.

Forenkling
Men like fullt må ein kunna spørja seg om ikkje nynorsken er tent med å opna for den meir utbreidde forma dokk. Gjer ein det først som alternativ til objektsforma dykk, må ein i neste omgang spørja seg om forma ikkje også bør tillatast som subjektsform på line med at han og ho er tillatne som objektsformer (mot honom og henne).

For mange vil begge delar representera ei forenkling. Nettopp forenkling er ein del av mandatet til rettskrivingsnemnda, og når talemålsgrunnlaget dessutan er forholdsvis eintydig, ligg forholda til rette. Det skal bli spennande å sjå: Kanskje kjem nemnda med eit revolusjonerande forslag vedrørande personleg pronomen 2. person pluralis? Noko dei verkeleg kan bli hugsa for?

 

Powered by Labrador CMS