Pinseria i mai du skjønne milde

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Bilete frå rommet
Terje Wahl forar oss med vêrrelaterte bilete tekne frå verdsrommet. Slik ser det ut utanfor rommet mitt (kontoret) i dag på morgonen 29. mai 2012.

Utsikt frå kontor på UiT tysdag 29. mai 2012 (Foto: Øystein A. Vangsnes)

Nett i stad høyrde eg ein samtale mellom nokre kollegaer ute på gangen. Den eine, ein nordlending, fortalde dei to andre, ein danske og ein tyskar, om ‘pinseria’ og om at det været vi har hatt no med snøvêr i godt over eit døgn, er «heilt normalt» rundt pinse. Kollegaen fortalde vidare at han har eit bilete av seg sjølv då han var gutunge: Det er 1. juni og han stikk armen sin djupt ned i snøen – to dagar seinare var alt borte og det var full sommar. 

Vêrstatistikk innbakt i språket
Når ein slår opp ordet pinseri i Norsk Ordbok, ser ein at dei aller fleste heimlane er frå den nordlegaste landsdelen. På Nordvestlandet er det også kjent, og den sørlegaste heimelen er frå Gulen. Vêrstatistikken er altså innbakt i det nordnorske språket med avleggjarar eit godt stykkje ned på vestlandskysten. (Frå Ålvundeid på Nordmøre har ein forresten heimla hvitsunnri – hvítasunna er den norrøne nemninga på pinse.)

Eit vêrkløyvd land
Ein ting er i alle fall sikkert: Det kan ikkje ha vore nokon nordlending som skreiv «Kom mai du skjønne milde»! Kven denne D. Jæger eigentleg var, anar eg ikkje, og kanskje var han dansk, men den teksten passar fint lite for den nordnorske røyndomen. Så kan ein jo håpe på at dette er vinterens siste krampetrekningar – at den har ride frå seg – og at lauvet snart skal spretta ut her oppe også!

Powered by Labrador CMS