Pitesamisk – eit forsvinnande lite språk i Skandinavia

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I dag er det samisk nasjonaldag (og ikkje ‘samefolkets dag’). På laurdag arrangerte Senter for Samiske studier ved UiT eit seminar på Tromsø bibliotek og byarkiv med korte 10 minutt presentasjonar av aktuell samisk og urfolksrelatert forsking.

Der snakka eg om pitesamisk, og det gjorde eg som representant for det det tverrfaglege prosjektet Från kust til kyst – Áhpegáttest áhpegáddáj: Møter, miljø og migrasjon i det pitesamiske området på norsk og svensk side. I dette prosjektet samarbeider forskarar i Tromsø, Bodø og Umeå om studiar av det pitesamiske området i historisk, arkeologisk, sosiologisk, antropologisk og lingvistisk lys. Så langt har prosjektet motteke støtte frå Noregs forskingsråd, og mellom anna er dei lingvistiske undersøkelsane i gang. Nedanfor følgjer essensen av det eg sa på laurdag.

Frå Saltenfjorden til Piteälvens dalgång
Pitesamisk (bidumsámegiella) er ein varietet av samisk som har vore snakka i dei områda som i dag utgjer Arjeplogs kommun og til dels Arvidsjaurs kommun i Sverige og i området mellom Ranafjorden i sør og Saltenfjorden i nord i Noreg, dvs. i det området som er vist med den lysaste grønfargen på kartet nedanfor. På svensk side utgjer dette dei øvre delane av det som blir kalla Pite Lappmark (Piteälvens og Skellefteälvens dalgångar), og ‘pitesamisk’ har sitt namn frå dette, men språket har også blitt referert til i ulike samanhengar som ‘arjeplogsamisk(a)’.

Dei samiske språka. © Bruce Morén-Duolljá, CASTL, UiT (Foto: © Bruce Morén-Duolljá, CASTL, UiT)

I følgje ein artikkel av Riitta-Liisa Valijärvi og Joshua Wilbur som kjem i neste nummer av Nordic Journal of Linguistics, er det i dag berre om lag 30 personar som snakkar pitesamisk. Dette er faktisk 10 fleire enn det som blir oppgitt i språkdatabasen Ethnologue. Men dei fleste talarane er over 60 år – den yngste stadfesta morsmålstalaren er fødd i 1977. Alle talarane bur i Sverige og dei fleste bur i Arjeplogs kommun. Den siste morsmålstalaren på norsk side døydde truleg på 1960-talet. Det finst like fullt mange etterkommarar av pitesamisktalande også på norsk side, og i Beiarn finst det ei pitesamisk forening.

Mann i pitesamisk kofte i Beiarn. Foto: Norbert Kiss (Foto: Norbert Kiss/Wikimedia Commons)

Språk eller dialekt?
Strukturelt er pitesamisk ein del av eit kontinuum av dialektar der skiljelinjene for det meste går (sør)aust-(nord)vest oppover gjennom Noreg og Sverige og i ei vifteform vidare nord og aust på Nordkalotten (sjå kartet). Mot sør grensar pitesamisk mot umesamisk og mot nord mot lulesamisk. Ein del trekk ved pitesamisk har det til felles med varietetar lenger nord, medan andre har det til felles med varietetar lenger sør.

Eit trekk som peikar nordover, er den morfofonologiske prosessen stadieveksling som ein også finn i lule- og nordsamisk, men i mindre grad i umesamisk og elles ikkje i sørsamisk. Eit trekk som peikar sørover, er omlyd – det finn ein i umesamisk og sørsamisk, men ikkje i lule- og nordsamisk. Nokre kjennemerke går på si side tvers igjennom pitesamisk – det gjeld t.d. elativ-endinga som i nordleg dialekt er -s som i lulesamisk, men -st i sørlege dialektar, og den ekstra -t‘en finn ein att i ume- og sørsamisk.

Talarar rapporterer at dei stort sett forstår lulesamisk, men at det er verre å forstå ume- og sørsamisk, og den generelle oppfatninga er at pitesamisk ligg nærmast lulesamisk. Om så pitesamisk skal reknast som ein lulesamisk dialekt snarare enn eit eige språk, er truleg likevel eit følsomt emne – talarane sjølve oppfattar pitesamisk som ein eigen, distinkt samisk varietet. At ein i utviklinga av lulesamisk ortografi ikkje inkorporerte element frå dei pitesamiske dialektane – som trass alt hadde vore studerte ein heil del (sjå dette oversynet) – har nok bidrege til det. Uansett kan vi fastslå at språkdatabasen Ehtnologue reknar pitesamisk som eit eige språk.

Lite synleg
Ved den første folketeljinga i Arjeplogs socken i 1766 var det drygt 600 menneske der, og dei aller, aller fleste var samisktalande. I dag bur det om lag 3100 i Arjeplogs kommun. Talarane av pitesamisk utgjer i dag altså knapt 1% av folkesetnaden.

Som Valijärvi og Wilbur diskuterer i artikkelen sin, gjer dette og andre forhold pitesamisk lite synleg i sitt heimeområde. Noko som har bidrege, er innflytting av nordsamisktalande. I 1919 vart den svensk-finske grensa stengt for reindrift og det vart også lagt store begrensningar på flytting av rein mellom Sverige og Noreg. Då vart mange nordsamiske reindriftsfamiliar tvangsforflytta til sørlegare område, og mange kom også til samebyar i Arjeplogs-traktene og gjekk inn i reindrifta der. For å gjera historien kort – mange forhold knytta til forsvenskning, oppgiving av reindrift m.m. høyrer med – har denne innflyttinga av nordsamar hatt som konsekvens at nordsamisk i dag dominerer det samiske språkbiletet i Arjeplog. I den grad det blir gitt opplæring i samisk i førskule, skule og helsevesen, er desse tilboda på nordsamisk.

"Utsnitt av gammalt bilete av ein pitesamisk familie, utstilt på Silvermuseet i Arjeplog. © " (Foto: Silvermuseet, Arjeplog/Øystein A. Vangsnes)

Også lulesamisk er til ein viss grad synleg: På Silvermuseet har dei til dømes tekstar på lulesamisk. Her må det rett nok nemnast at akkurat det kan vera eit praktisk utslag av at det faktisk finst ein lulesamisk ortografi men ikkje nokon pitesamisk. Det finst i det heile svært lite skrive på pitesamisk – den største tekstsamlinga av nyare dato som finst, er bloggen Muv árbbe (‘Min arv’) ført i pennen av pitesamen Peter Steggo som har lært seg språket som vaksen. Mange av tekstane der er tilrettelagde avskrifter av eldre lydopptak med pitesamar.  

Men eit vel så viktig forhold som bidreg til å gjera pitesamisk lite synleg, er at det finst liten offisiell politisk vilje til å løfta varieteten fram. I dokument frå både svenske myndigheiter og det svenske Sametinget omtalar ein gjerne samisk språk i generelle vendingar, og i den grad ein spesifiserer det nærmare, nemner ein nordsamiska, lulesamiska og sydsamiska, men ikkje pitesamiska og umesamiska. (Umesamisk har truleg færre enn 10 talarar og er såleis endå verre stilt enn pitesamisk.)

Pitesamisk njalla, lite stabbur. Eigar: Martin Sjaggo. (Foto: Øystein A. Vangsnes)

Revitalisering og forsking
I dette siste ligg det fleire kompliserte spørsmål, men det er klart at det har svært mykje å seia for eit trua språk om det får politisk støtte eller ikkje. Det finst ønskje i den pitesamiske befolkninga om å revitalisera og ta tilbake språket. Ei gruppe av dei gjenverande talarane har sjølve dei siste åra arbeidd med prosjektet Insamling av pitesamiska ord som mellom anna har fått støtte frå EU gjennom Interreg-programmet.

Det finst no også ei auka forskingsinteresse for pitesamisk. Dei siste åra har The Hans Rausing Endangered Language Project finansiert eit eige dokumentasjonsprosjekt for pitesamisk (Pite Saami Documentation Project) som er blitt utført av Joshua Wilbur og som dannar grunnlaget for hans snart ferdigstilte PhD-avhandling. Kungl. Humanistiska Vetenskaps-Samfundet i Uppsala har dessutan gitt støtte til eit postdok-prosjekt om pitesamisk som no er i gang.

I tillegg kjem altså forskarnettverket i “Från kust til kyst”. Innanfor den språklege delen av prosjektet er målsetjingane som følgjer:

1) Gjennomføra komparative leksikografiske og morfologiske sammenlikningar mellom pitesamisk og lulesamisk.
2) Utvikla elektroniske pedagogiske ressursar for pitesamisk under Oahpa-paraplyen til Giellatekno ved UiT.
3) Påbyrja arbeidet med en deskriptiv grammatikk for pitesamisk som også tek føre seg morfosyntaktiske forhold.

Ordlista som dei pitesamiske talarane sjølve har samla inn, er faktisk allereie lagt ut i Giellateknos samling av ordlister/-bøker på nett, og vi samarbeider no med ordlistegruppa om å utvikla den vidare språkvitskapleg.

Ut over å gi meir kunnskap om den nedarva samiske varieteten i det pitesamiske området, er det såleis å håpa og tru at forskingsprosjekta nemnt ovanfor kan støtta opp om dei ønskja den pitesamiske befolkninga har for at språket deira skal leva vidare.

Nokre viktige stader i det pitesamiske området med nordgermanske og samiske namn (Foto: Øystein A. Vangsnes/Google Maps)

Powered by Labrador CMS