Romssa suohkan

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Eit historisk vedtak vart fatta i Tromsø på onsdag den 15. juni. Kommunestyret vedtok med knapt fleirtal og “mot folkets vilje” å innlemma Tromsø kommune i forvaltningsområdet for samiske språk. Det betyr i prinsippet at samisk (i praksis nordsamisk) blir sidestilt med norsk som forvaltningsspråk i Tromsø, og det følgjer ein heil del rettar i høve til opplæring i samisk både for samar og andre innbyggjarar. 

Tromsø er den første bykommunen som går inn i forvaltningsområdet – deri ligg det mest historiske ved vedtaket. Saka har vakt valdsame reaksjonar og ført til heftig og delvis usensurert debatt i media det siste halvåret. Det har nok mine lesarar her på forsking.no neppe unngått å få med seg – dette er det sjette blogginnlegget om emnet frå meg dette semesteret. 

Spesielt heftig har det gått føre seg i nettdebattane, og med det positive vedtaket får dei no eit nytt oppsving. Det kan ein lett konstatera om ein går inn på Nordlys sin artikkel om vedtaket eller iTromsø sin. I NRK sin artikkel har dei klokeleg nok ikkje opna for kommentarar. 

Heile saka må vera gefundenes Fressen for antropologar, sosiologar og andre samfunnsvitarar. Her må det vera enorme mengder empiri for å forska på menneskeleg intoleranse og komplekse samfunnsmessige spenningar. Korleis kan så mange vera så ute av stand til å ta det samiske og mellommenneskelege perspektivet? Korleis går det an å sjå på tiltaket som eit overgrep på den norskspråklege majoriteten?

Sjølv fokuserer eg på at fleirtalet av Tromsøs politikarar har teke ei modig avgjerd som mest truleg vil bidra til å auka talet på born som får veksa opp og bli funksjonelle i samisk. Nettopp det er den viktigaste utfordringa i arbeidet med å vidareføra og styrka denne svært trua språkgruppa, ein del av vår fellesnordiske immaterielle kulturarv.

Framstegspartiet og Høgre har allereie annonsert at dersom dei etter valet til hausten overtek makta frå dei raudgrøne, vil dei fortare enn svint melda Tromsø ut igjen av språkforvaltningsområdet. Dei vil altså gjera saka til ein valkampsak. Vi får no sjå korleis det går med det. FrPs grand old man i Tromsø, og fornorska same, Holger Raste, hadde lesarinnlegg same dag som vedtaket vart fatta der han åtvarar eige parti mot det korstoget mot alt samisk som Per Willy Amundsen har bebuda – sjå faksimile av innlegget her.

Det blir nok ei spennande tid framover. Mest spennande tykkjer eg det skal bli å sjå kva for effekt Tromsøs innføring av samisk språkforvaltning vil ha å seia for vidareutvikling av dette tiltaket/regimet for å styrka og bevara samisk språk. Men det kan sjølvsagt også bli spennande å sjå om vi får ein ny runde med skiltskyting slik det var i Kåfjord på 90-talet då dei innførte samisk språkforvaltning der. Kanskje blir Totalteateret sin skiltskyttarræpp frå den gang svært så aktuell igjen: «Kom ikke hit å lur mannskit på folk. Man må da for fan kunne læse skilt uten å trænge tolk.»

(Forsidefoto: © Illustrasjon: Bladet Nordlys)

 

Powered by Labrador CMS