Ärums å sturmyötę i Övdalim!

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Deltakarane på stormøtet på Leikanger i 2005. (Foto: Roar W. Vangsnes)

Tysdag 25. august i 14-tida går det ein busslast med lingvistar frå Gardermoen nordaustover over Trysil og inn i djupet av dei svenske skogane til Älvdalen.

Der skal årets stormøte for nettverkssamarbeidet Nordisk dialektsyntaks (‘Scandinavian Dialect Syntax’; ScanDiaSyn) finna stad resten av veka.

Dei bortimot 50 deltakarane kjem frå alle dei nordiske landa og også frå nokre andre europeiske land (Storbritannia, Belgia, Nederland, Italia).

I gruppa finn ein alt frå studentar på MA-nivå til professores emeriti, alt frå ubeskrivne forskarblad til tungt meriterte og internasjonalt kjende fagpersonar. 

Grand Meetings

Det er femte året på rad vi arrangerer eit slikt stormøte. Det første var halde på Leikanger i 2005, det neste i Solf i Österbotten i 2006, deretter på Mývatn på Island i 2007. I fjor fann det stad på Sandbjerg Gods ved Sønderborg i Sønderjylland.

Stormøte’ skal visst for somme gi assosiasjonar til religiøse samankomstar, men uansett tykkjer eg den engelske omsetjinga vi har valt – ‘grand meeting’ – kling særs godt: These meetings are grand in several senses of the word!

Valet av møtestader følgde ein viss logikk dei tre første åra. Valet av Älvdalen i år skuldast blant anna at det innanfor samarbeidet har føregått ein god del utforsking av det lokale målet der, elvdalsk (jf. tidlegare blogginnlegg frå mi side her på forsking.no).

Dessutan er det i år 100 år sidan Lars Levander skreiv si doktoravhandling om målet, Älvdalsmålet i Dalarna: Ordböjning ock syntax, i praksis ein grammatikk for elvdalsk. 

Nettverkslim frå NordForsk

Stormøta våre har i hovudsak vore finansiert gjennom ei nettverksløyving frå NordForsk, og det er liten tvil om at møta (og dermed løyvinga) er limet i samarbeidet vårt.

Målet for ScanDiaSyn-samarbeidet er ei felles koordinert og systematisk kartleggjing av grammatisk variasjon i heile det nordiske språkområdet, og for å få til det har vi vore avhengige av å få støtte til nasjonale delprosjekt.

På det feltet har suksessen vore mindre koordinert: Svenskane og islendingane fekk begge støtte frå sine forskingsråd allereie på første forsøk  i 2005, medan vi i Noreg først fekk ei monaleg løyving frå Forskingsrådet i fjor (med oppstart i år) etter fire år med avslag. Danskane fekk si støtte derimellom.

I denne tida har det vore avgjerande å ha eit nordisk fellesskap å støtta seg på. Så vi har all grunn til å vera takknemlege til NordForsk for dei årlege 300 000 NOK vi har disponert til å møtast no dei siste fem åra.

(Vi kan òg takka NOS-HS og NordForsk for støtte til det relaterte spissforskingsprosjektet NORMS som i høgste grad har verka samlande.)

Vertikal samansetjing

Stormøta er ikkje som andre faglege konferansar og workshopar som vi brukar å dra på. Formatet er annleis, meir mangslunge og fyller andre funksjonar enn berre dei reint faglege.

Peter Svenonius (UiT) med ein eldre informant under NORMS-feltarbeidet i Älvdalen i 2007. (Foto: Øystein A. Vangsnes)

Ikkje minst har vi eit fokus på yngre forskarar og på det å ha ei “vertikalt samansett” gruppe av deltakarar, det vil seie både juniore og seniore forskarar (jf. innleiinga).

Ein fast post på programmet har vore ein workshop for yngre forskarar der studentar på PhD- og tildels MA-nivå får leggja fram sine arbeid for eit publikum av ekspertar.

Likeeins har vi brukt å ha eit gruppearbeid, fortrinnsvis rundt det mest aktuelle emnet for samarbeidet, og i gruppene kjem då både yngre og eldre forskarar frå ulike institusjonar saman rundt same bord.

Slik sett har stormøta ein viktig rekrutterande og sosialiserande funksjon. Dei yngre forskarane får møta erfarne forskarar i ein trygg og relativt uformell setting. 

Den same tanken om vertikal samansetjing (‘vertical composition’) har vore leiande også innanfor NORMS-prosjektet (Nordic CoE in Microcomparative Syntax).

"Welcome back!" i Övdalian. Bensinkvittering frå Älvdalen. (MMS-foto: Øystein A. Vangsnes)

I dei semestervise intensive feltarbeida på omlag ei veke har grupper på ca. 10-20 lingvistar undersøkt utvalde dialektar og dialektområde, og også i desse gruppene har yngre forskarar og studentar samarbeidd om å utføra undersøkingane.

Desse feltarbeida har difor fungert som ein arena for både læring/erfaring og sosialisering, i tillegg til at dei har generert data og ny kunnskap. 

Övdalian syntax ftw!

I tillegg til PhD-workshop og gruppearbeid blir det elles prosjektrapportar, andre faglege føredrag om nordisk dialektsyntaks og dessutan nokre gjesteføredrag ved internasjonalt kjende forskarar:

I år er mellom anna Liliane Haegeman frå Ghent-universitetet og Anders Holmberg frå Newcastle-universitetet henta inn for fagleg påfyll.

Dessutan har vi også ei eiga markering av 100-årsjubileet til Lars Levanders viktige arbeid: Vi skal presentera ei artikkelsamling om elvdalsk syntaks som kjem på John Benjamins (forhåpentlegvis innan utgongen av året!) og som til dels baserer seg på undersøkingar av elvdalsk gjort innanfor ramma av NORMS-feltarbeidet i Älvdalen i 2007.

Med den boka ønskjer vi å få informasjon om elvdalsmålet ut i den store verda, og etter kvart vil det koma tilsvarande bøker på engelsk også om syntaktiske/grammatiske emne i nordnorske dialektar, i færøyske dialektar og i andre dialektar vi har forska på dei siste åra. Det er viktig, for interessa for detaljar om nordgermansk syntaks finst der ute i den internasjonale lingvistheimen! 

PS!

Viss du lurer på kva overskrifta tyder, så er det: “(Vi) høyrest på stormøte i Älvdalen!”. Verbet står i 1. person fleirtal (-um-), preposisjonen er som i eldre språk, men skulle eigentleg ha vore utstyrt med ein nasalkrok (fordi han er distinktivt nasal) slik som e-en i “sturmyötę” (som forresten er dativ eintal), og Övdalim er dativ eintal (bestemt form) av Övdaln, dvs. Älvdalen slik det heiter på det lokale målet. (Alle l-ar i konsonantsamband har falle bort. Det same har forresten alle initiale h-ar – målet har gjennomført “halvemål”.)

Powered by Labrador CMS