Salta mål!
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Innsamlingsarbeidet i prosjektet “Nordisk dialektsyntaks” (ScanDiaSyn) fortset ufortrødent og det same gjer byggjinga av den første fellesnordiske dialektsamlinga nokonsinne, Nordisk Dialektkorpus og Database. I forrige veke vitja to av kollegaene mine, Kristine Bentzen og Björn Lundquist, tre stader i Salten: Bodø, Steigen og Beiarn. Denne gongen kunne eg ikkje dra av garde sjølv, og eg var ikkje lite misunneleg på dei to som fekk møta velvillige og interesserte (og nokre få mindre interesserte…) dialekttalarar og elles oppleva mektig nordlandsnatur.
Eg har jo tidlegare publisert eigne ferdabrev her på forsking.no-bloggen og fått positive tilbakemeldingar på det. Så difor tenkte eg at det også kunne vera interesse for reiseskildringa Björn skreiv frå turen til Salten. Innleiinga kjem her og resten står å lesa på prosjektbloggen til ScanDiaSyn – klikk på innleiinga!
Vis Dialektturer (UiT) 2009 i et større kart